• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sone med klumpar frå det indre av jorda.

Sone med klumpar frå det indre av jorda. Den svarte gangen slik han ser ut frå nordsida av Busholmen. (Haakon Fossen)

GJEST FRÅ DET INDRE AV JORDA

Vi veit meir om overflata på månen enn om det indre av jorda – den delen av jordkloden som er å finna innanfor jordskorpa. Men ein sjeldan gong kan fragment av mantelen bli førte mot overflata i flytande bergmassar.

På Drøna, i det vesle sundet vest for Buspollen, finst slike fragment i ein meterbrei basaltisk gang som kan følgjast tjue meter inn på land frå sjøkanten. Gangen, frå perm-trias-tida, har ei sentral sone med knudrete overflate. Denne sona er gjord av brotstykke frå mantelen. Brotstykka samla seg i midten då steinsmelte strøymde opp langs sprekkar i jordskorpa. Det er rekna ut at brotstykka kom frå seksti kilometers djup, med temperaturar rundt 1100 ºC. Ikkje slå denne eineståande bergarten i sund, men stå gjerne på han, og tenk på at han ein gong var over 1000 ºC og på full fart opp frå det indre av jorda.

Mantelen

Området under jordskorpa og inn til kjernen av jorda blir kalla mantelen. Han er gjord av tunge mineral som olivin og pyroksen. Temperaturen er svært høg (1000–1500 ºC), og høg nok til at det kan bli danna steinsmelter. Slike smelter kan trengja opp i jordskorpa og danna størkningsbergartar.