• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bekkjarvik, Austevoll tidleg på 1900-talet

Bekkjarvik, Austevoll tidleg på 1900-talet. (Severin Kannelønning)

Når sjøen er hovudvegen, vert den gode hamna eit naturleg sentrum. Når den gode hamna også ligg midt i skipsleia, som Bekkjarvik like nord for Selbjørnsfjorden, er det grunnlag både for gjestgjevarverksemd og handelsstad.

Slik vart Bekkjarvik eit knutepunkt, med kremmar og gjestgjevar, kan henda alt frå mellomalderen av. Først på 1600-talet har vi sikre kjelder om busitjarane i Bekkjarvik. Otto Slingermand er den første borgaren vi høyrer om. Han var opphavleg frå Holland og fekk borgarskap i Bergen i 1614. Særleg på 1900-talet har staden vorte bygd ut. Her har vore anlegg for fiskemottak, sildesalting og tønneproduksjon, og her er framleis gjestgjeveri, handel og postekspedisjon.

Bekkjarvik; grunnlagd på kommunikasjonane for 300 år sidan, har enno viktige senterfunksjonar. Den gamle hovudbygningen, som vart ombygd på 1800-talet, er framleis ein veldriven gjestgjevarstad og Bekkjarvik er ei av dei sentrale gjestehamnene for småbåttrafikk på vestkysten.

  • Bøkkarverkstad kring hundreårsskiftet

Bøkkarverkstad kring hundreårsskiftet