• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Stavkyrkja i Røldal

Stavkyrkja i Røldal.

Stavkyrkja i Røldal var ei av dei sentrale valfartskyrkjene på Vestlandet. Truleg er kyrkja reist mellom 1250 og 1350, og i høgmellomalderen var Røldal det viktigaste pilgrimsmålet i landet etter Nidarosdomen. Det var krusifikset som drog folk til midnattsmesse jonsoknatta. Då sveitta det sin undergjerande sveitte.

Den mellomalderlege stavkyrkja vart lengd mot vest i 1844. Den vestre delen av skipet, og våpenhuset, er såleis frå nyare tid. Den opphavlege stavkyrkja var einskipa og omgjeven av svalgangar. Ved restaureringa i 1912-18 vart tårnryttaren over den vestre delen av skipet og svalene kring bygningen rekonstruerte. Konstruktivt skil Røldalskyrkja seg frå dei fleste andre stavkyrkjer ved at langveggene er fagdelte, slik at det står mellomstavar mellom hjørnestavane. Veggsvillene er dessutan tappa inn i stavane. Det vanlege er at stavane rir over svillene. Stavane er fint «sprettelgde»; ei overflatehandsaming som vi også kjenner frå lagmannstova på Aga i Ullensvang.

I 1638 vart kyrkja dekorert med roser og rankar. Dekoren i kortaket er best bevart, resten er sterkt restaurert i 1917 og takdekoren i skipet er ny. Både altertavla og preikestolen er måla av Gotfried Hendtzchell frå Breslau i Schlesien i 1627-29.

  •  Apostelmartyrium

Apostelmartyrium – eit velkjent motiv i mellomalderens kyrkjekunst (Egil Korsnes).

  • Krusifiks

Det undergjerande krusifikset

  • Røldal

Fjellbygda Røldal

Røldalsmarknaden

  • Dalen, K. (1955-1956) Røldalsmarknaden. Land og hav: årbok. Bergen, Hordaland Landbruksmuseum, s. 86-95.
  • Kielland, T. (1948) Det undergjørende krusifiks i Røldalskirken.