• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Eio

Eidfjordvassdraget er lakseførande opp til Tveitafossen i Bjoreio, og også eit stykke oppover Veig. Eio er hardt råka av sviktande lakseoppgang, i slik grad at villlaksen har vore freda i elva sidan 2000. Derimot har sjøaurefisket teke seg opp att. Samla fangst i vassdraget i 2000 var 128 kilo villaks (sleppte ut att), 199 kilo oppdrettslaks og 879 kilo sjøaure.