• Nynorsk
  • English

Universitetet i Bergen

Search form

Eidfjordterrassen sedd frå Lægreid, truleg tidleg på 1900-talet.

Eidfjordterrassen sedd frå Lægreid, truleg tidleg på 1900-talet. (Greta Rydtun)

EIDFJORDTERRASSEN

Eidfjordterrassen er ein gigantisk voll som reiser seg meir enn hundre meter opp frå bygdesenteret i Eidfjord – eit mektig naturminne som breen la att då han smelta tilbake.

Terrassen vart til på slutten av den siste istida, bygd opp av buldrande smeltevasselvar framom isen. Ein stor dalbre hadde då front i nordenden av det som no er Eidfjordvatnet – tett inntil brattkanten som skrånar ned mot vatnet. Framfor breen pøste breelvane ut store mengder sand, grus og stein. Lenger framme møtte elvane fjorden i eit stort delta. Slik vart ein viktig del av bygda til i ei tid då havet stod vel 110 meter høgare enn i dag (a på teikninga).

Terrasseavsetjingane er i dag delte i to av elva Eio. Den høgaste terrasseflata er særleg godt utvikla på Hæreid (som tyder «det høge eidet»). På Lægreid («det låge eidet»), på den andre sida av elva, det fleire terrassar mellom 30 og 40 meter høge. I 1969 fann ein maskinkøyrar ein einerkvist i grustaket på Lægreid, eit sjeldsynt funn som vart datert til å vera om lag 11 200 år gammalt.

Terrassemassane er samansette av lagdelt sand og grus, i tillegg til ein del stein og blokker. Særleg på toppen av terrassen på Hæreid er det mange store blokker. Blokkene låg lagleg til då jernalderfolket seinare bygde gravrøysar for å heidra forfedrane. Langs fjellsida på Hæreid ligg eit kanalforma søkk. Denne landskapsforma er spor etter smeltevatn frå perioden rett etter at breen smelta attende for godt.

Landet har heva seg etter at isen vart borte, og Eio har skore seg ned i terrassen som ein gong gjekk tvers over dalen. Etter kvart som landet heva seg, skar elva seg djupare og djupare ned. Samstundes vart nye delta avsette framfor elvemunningen på stadig lågare nivå. Spora er å sjå i terrassane på Lægreid og vidare ned mot fjorden. At Eidfjordterrassen har gått tvers over dalen, viser dei mange store blokkene som ligg i og langs Eio i dag. Elva frakta sand og grus ned mot sjøen, men rådde ikkje med dei store blokkene.

  • Frå ein av Hæreidgardane.

Frå ein av Hæreidgardane. Dei store steinblokkene i framgrunnen vart avsette frå store smeltevasselvar framom breen. I jernalderen vart blokkene nytta i gravrøysar. (Svein Nord)

  • 11 000 år sidan
  • I dag

Danninga av Eidfjordterrassen. (Inge Aarseth/Kjell Helge Sjøstrøm/Masaoki Adachi)

  • Anundsen, K. 1964. Kvartærgeologiske og geomorfologiske undersøkelser i Simadalen, Eidfjord, Måbødalen og tilstøtende fjellområder. Upublisert hovedoppgave, UiB.
  • Anundsen, K.; Simonsen, A. 1967. Et preborealt breframstøt på Hardangervidda og i området mellom Bergensbanen og Jotunheimen. UiB Årbok. Mat.nat. serie 7.
  • Hunnes, O.; Anundsen, K. 1985. Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekt/områder i Hordaland : 62–63. Rapport T-614 Avdelingen for naturvern og friluftsliv, Miljøverndepartementet.
  • Rye, N. 1969. Einergrein av preboreal alder funnet i israndavsetninger i Eidfjord, Vest-Norge.Norges Geologiske Undersøkelse 59:246–251.