• Nynorsk
  • English

Universitetet i Bergen

Search form

Skorafjellet sørover mot Tellnes og Skogsvågen

Sagtannmønsteret kjem fint fram frå Skorafjellet sørover mot Tellnes og Skogsvågen. I desse bratthenga finn klatrarane sin tumleplass. (Svein Nord)

SAGTENNER OG FJELLKLATRING

Gneislandskapet vest og nord for Bergen kan i profil minna om eit sagblad av den typen som har lange, skrå sider som blir brotne av kortare tverrsider. Det har teke fleire hundre millionar år å fila til dette sagbladet, eit langvarig samspel av ulike geologiske prosessar.

I Fjell er sagtannmønsteret lett å sjå, det finst frå meterskala til kilometerskala. Sund, Øygarden og Askøy har same mønsteret, i Meland finst det òg. Mønsteret kjem best fram når ein ser fjellformasjonane på avstand, frå sør eller nord. Då kan ein sjå korleis gneisane stig mot vest. Dette er dei lange, skrå sidene av sagtennene. Med mellomrom blir så laga brotne av steile, nærast loddrette stup. Stupa markerer sprekkar eller forkastingar gjennom berggrunnen.

Den geologiske oppskrifta er ei uthaldande gneislagdeling som står på skrå, og ei rekkje lange brotsoner i fjellet med laglege mellomrom. Dertil kjem at brota må stå mest mogleg på tvers av gneislaga si skråningsretning. I tillegg trengst isbrear som kan hjelpa til med skulptureringa. Gneisane har ei lang urtidshistorie som vi ikkje kjenner så mykje til, men vi veit at granittisk og gabbroisk fjellsmelte trengde inn i dei på kryss og tvers. Under den kaledonske fjellkjededanninga i kambrosilurtida, då Grønland og Noreg støytte i hop, var nok desse urtidsbergartane nær, om ikkje midt i kollisjonssona. Dei vart samanpressa på store djup og under høge temperaturar til dei – for rundt 400 millionar år sidan – vart skråstilte og fekk den lagdelte utsjånaden dei har i dag.

Seinare, etter at gneisane var avkjølte, sytte nye spenningar i jordskorpa for at fjellet sprakk opp og rørte på seg. Mange av desse forkastingane og sprekkane er danna samstundes med større forkastingar i Nordsjøbassenget i vest.

I dei siste par millionar åra har isbreane på veg vestover mot Nordsjøen teke godt for seg av desse brotsonene. Breane grov ut fleire dalsøkk og sund i same retninga som brotsonene. Eit døme i så måte er det markerte terrengdraget frå Apalvågen over Fjæreide til Spjeld.

Dei bratte, mest vertikale stupa er magnetar for fjellklatrarane. Rutene er spennande, jamvel om fjella ikkje ruvar særleg høgt over havet. Haganesområdet blir rekna som eitt av landets beste klatrefelt. I tillegg til stupa byr klatrerutene i Fjell på hard, solid granittgneis. Knapt nok lav og mose greier å livberga seg på dette fjellet. I tillegg har 13 000–14 000 år med vêr og vind skapt ei overflate med god friksjon.

  • Profil på tvers av Sotra, frå nord

Profil på tvers av Sotra, frå nord. Gneisen hallar mot aust. Liatårnet skrånar jamt nedetter på austsida; fjelloverflata følgjer stort sett lagdelinga i berget. Brattlendet på vestsida av Liatårnet held fram sørover mot Tellnes, og er eit resultat av vertikale fjellsprekkar og isens arbeid. Breen som gjekk over fjellet mot vest, tok med seg meir av fjellet på vestsida enn på austsida. (Haakon Fossen/Inge Aarseth)

  • Frå Syltøyna

Frå Syltøyna. (Knut Strand)

  • Reusch, H. Skjærgaarden ved Bergen. 1900–1901. Aarbog for Norges geologiske undersøkelse 32,9 s.