• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kanontårnet fotografert i 1963, fem år før festningen vart lagd ned som stridsanlegg. Foto Inge Helland.

I juli 1942, byrja arbeidet på Fjell festning. Utgangspunktet var ei ordre frå Hitler i oktober 1941, der Fritz Todt, leiaren for Organisation Todt (OT), fekk beskjed om med alle middel å gjennomføre krigsviktig byggeverksemd i Noreg. Det førte til at OT frå og med fyrste april 1942 blei etablert i Oslo med eit eige byggekontor, Einsatzgruppe Wiking. Tre månader etter at dei var blitt etablert i Oslo, hadde dei fått ein organisasjonsstruktur på plass, der særlig tre arbeidsområde blir prioritert. Det var festningsbygging, jernbaneutbygging og hamne- og vegutbygging.

Bergen var ei viktig hamn både for sivile og militære skip; frå hausten 1940 blei byen nytta som utløpshamn for mindre ubåtar som opererte i farvatna kring Dei britiske øyane. Etter at Bergen blei base for den ellevte ubåtflotiljen frå mai 1942, var hamna det viktigaste ubåtstøttepunktet i Norge. Byen fekk auka strategisk betyding, og forsvaret av hamna blei høgt prioritert. Ubåtbunkeren på Laksevåg og infrastrukturen knytt til denne, gjorde Bergen til eit militærstrategisk svært viktig mål.

Det den tyske hærleiinga kalla Marineküstenbatterie Fjell var krumtappen i tyskarane sitt forsvar av krigshamna Bergen. Det mest krevjande ved denne byggeverksemda, var tilpassinga av eit av slagkryssaren Gneisenaus sine tre kanontårn til eit liv på land. For å få det til, var det blant anna naudsynt å bygge ein 12 meter djup silo sprengd ned i fjellet, for å få plass til skipskanona og alt det høgteknologiske utstyret som trengdes for å avfyre den.  I tunnelane inne i fjellet finnes alt det ein treng for å kunne leve eit nokolunde komfortabelt liv som soldat. Gangane blei oppvarma ved hjelp av sentralvarme. Det var elektrisk lys,  innlagt vatn, bad, dusj og kjøken. I 2004 vedtok Riksantikvaren å frede den underjordiske delen av anlegget, som eit unikt militærhistorisk anlegg frå den andre verdskrigen.

Frå Kirkenes i nord til Oslofjorden i sør, etablerte den tyske okkupasjonshæren åtte såkalla fjernkampbatterier. Samanlikna med dei sju andre fjernkampbatteria er ikkje Fjell festning særskild grovkalibra. Hovudskytset er 28,3 cm, medan Møvik ved Kristiansand var kaliber 38,0 cm og batteri Dietel i Steigen 40,6 cm. Det som er uvanleg er det store arbeidet som er gjort med å sprenge ut tunnelar i fjellet. Hovudanlegget består av eit stort fjellanlegg med plass til om lag 200 soldatar. Samstundes er det sprengt ei sjakt innover mot den såkalla kanonbrønnen. Ved denne blei det gjort plass til 300 rundar ammunisjon til hovudskytset. Krutladningane, kalla kardusar, blei lagra ein etasje opp. Kanonbrønnen og sjakta inn mot denne er støypt i forsterka betong og deretter dekka over med sprengmasse frå tunnelane. Dette underjordiske anlegget strekker seg fleire hundre meter i ulike retningar under kanten på platået.

Det omfattande nærforsvaret er og noko som særmerkar Fjell festning. Sidan fjernkampbatteriet ligg på ei øy det vil vere vanskeleg å etterforsyne i ein kampsituasjon, blei det bygga ut eit omfattande system med bombekastarar, flammekastarar, maskingeværstillingar og anti-panservåpen. Luftforsvaret var og særleg godt bygga ut med noko av det mest moderne radarutstyret tyskarane rådde over til å hjelpe til med å finne fiendtlege mål.

Historia til Fjell festning er ei europeisk historie like mykje som ei norsk historie. Den er knytt til den totalitære staten sin bruk av tvangsarbeid, krigsbrotsverk i handsaminga av dei sovjetiske krigsfangane og norsk samarbeid og motstand mot festningsarbeidet. Alt skjedde i skuggen av konflikten vi kjenner som den andre verdskrigen.

Atlanterhavsvollen

Fjell festning, og tusenvis av andre store og små militære konstruksjonar, er blitt del av vår felleseuropeiske kulturarv. Bunkerane spenner frå dei aller minste med plass til eit par soldatar, til dei største som gav rom til heile kommandostabar. Dei er mykje like over heile Vest-Europa. Bygginga av dei langs den europeiske vestkysten byrja for alvor i 1942, då krigen mot Sovjetunionen i realiteten var tapt. Forsvarsanlegga skulle vere eit bolverk mot USA og vestmaktene, som alle rekna med ville gjere landgang før eller sidan. Atlanterhavsvollen er namnet som blei gitt dei permanente befestningane og sjølv om vollen like mykje var eit propagandaprodukt, som militær realitet, tvinga den fram endringar for hundrevis av lokalsamfunn mellom Frankrike og Norge. Lokalbefolkninga blei ofte tvinga til å flytte bort eller livsgrunnlaget deira blei fullstendig endra ved at dyrka mark og beiter blei konfiskert. På Fjell skjedde det siste. Det viktige utmarksbeitet blei fullstendig endra frå bondens landskap til soldaten sitt landskap.  Piggtråden, betongen og tonn på tonn med sprengmasse frå tunellane vitnar enno om dette.

Byggestaben

Bygginga av det tyske kystforsvaret i Noreg blei ofte utført av ei blanding av sivile og militære mannskap. Men det var vanskeleg å få nok norske arbeidarar til arbeidet. Rundt 100 000 sovjetiske krigsfangar vart overført til Norge som slavearbeidarar mellom 1941 og 1945 for å bøte på mangelen på arbeidskraft. 13–15 000 av dei døydde som følgje av summariske avrettingar, mishandling, under- og feilernæring og arbeidsulykker. På Fjell blei dei sovjetiske krigsfangane sett til å losse lastebilane som kom med grus, sand og sement. Dei jobba i steinknuseverket og dei dreiv tunnelane. Alt saman var hardt og farleg arbeid og 27 mann av dei 1.500 – 2.000 som var innom Sjubotn fangeleir i Fjell i perioden 1942-1945 døydde.

I tillegg til den store kontingenten med krigsfangar var det ei blanding av norske, tyske og andre nasjonalitetar i byggestaben. Desse såkalla festningspionerane var soldatar som var spesialistar på festningsbygging. Til dømes var det flamlenderar frå Belgia på Fjell og ekspertar frå Krupp i Essen blei henta opp når det store kanontårnet skulle monterast. Det elektriske anlegget på festninga blei montert av Siemens og mest truleg utført ved hjelp av tysk arbeidskraft. Logoen til Siemens er den dag i dag synleg på blant anna eit sikringsskap inne i festninga.