• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kvalen blei dissekert på staden etter at han var blitt avliva. Skjelettet skal stillast ut i kvalsalen til Naturhistorisk museum og vil vera på plass når museet gjenopnar sommaren 2019

Kvalen blei dissekert på staden etter at han var blitt avliva. Skjelettet skal stillast ut i kvalsalen til Naturhistorisk museum og vil vera på plass når museet gjenopnar sommaren 2019.

I slutten av januar 2017 stranda ein kval på Sotra. Det viste seg å vera ein småhovudkval, også kalla gåsenebbkval, ein heilt ny art i våre farvatn. Det var likevel funna forskarane gjorde i magen til dyret, som skapte dei store overskriftene – i heile verda.

Kvalen, som stranda ved Vindenes på Sotra, hadde ei merkeleg åtferd. Sjølv om folk frå lokale viltstyresmakter og brannvesen gjentekne gonger prøvde å få han ut i open sjø, returnerte han kort tid etter. Han var svært lite sky og var tydeleg sjuk. Til slutt vart han derfor avliva.

Det store dyret var altså ein småhovudkval, ein art som til då ikkje var observert i Noreg. Småhovudkvalen likar seg best i varmare strøk og held seg mest ute på ope hav der han jaktar på blekksprut på store djup, heilt ned til rundt 2000 m.
I kvalsalen i Naturhistorisk museum i Bergen finst ei stor samling av kvalskjelett. Dei aller fleste av desse blei samla inn for meir enn hundre år sidan, men småhovudkvalen mangla. Med dyret frå Sotra fekk museet brått eit uventa høve til å skaffa eit nytt skjelett til utstillingane.

Det blei derfor bestemt at ein skulle henta inn kvalskrotten og preparera skjelettet. Arbeidet kravde mykje planlegging, men etter eit par dagar vart kvalen frakta med lastebil til Marinbiologisk Feltstasjon på Espeland.
Seks personar jobba kontinuerleg i seks timar før skjelettet var skore såpass reint for spekk og kjøt at det kunne transporterast til museet. I løpet av prosessen blei magen opna. Måpande kunne forskarane slå fast at magesekken var stappfull av plast! Posar, sekker og store plastflak låg samanpakka i noko som kunne likna ein stor ball.

Funnet av all plasten i kvalmagen fekk brei mediedekning, ikkje berre her til lands, men over heile verda. Småhovudkvalen blei nærast eit ikon i kampen mot plastforsøpling i havet – eit problem som sjølvsagt ikkje berre finst i Noreg; det er sørgjeleg aktuelt over heile kloden. Lokalt førte funnet av «plastkvalen» til eit enormt engasjement, med igangsetjing av ulike strandryddingstiltak. Politikarar, organisasjonar og privatpersonar arrangerte debattmøte og ryddeaksjonar. Media heldt trykket oppe ved å laga stadig nye saker om kor stort dette problemet er, og om kva vi kan gjera for å redusera det.

Skjelettet til småhovudkvalen skal monterast i dei nye utstillingane i Naturhistorisk museum. Plasten vil følgja med og bidra til at vi ikkje gløymer dei problema vi menneske påfører miljøet rundt oss, særleg dyrelivet, ved tankelaus bruk og handtering av plast.