• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Eidfjord kyrkje

Eidfjord kyrkje. Prospekt av Catharina H. Kølle. 

Den gamle steinkyrkja i Eidfjord ligg fritt og fint på terrassen på Lægreid. I eit diplom frå 1310 går det fram at Torgeir på Sponheim gjev ei gåve til oppføring av kyrkja i Eidfjord. Vi kan altså rekna med at kyrkja var under bygging på 1300-talet. Stiltrekka stadfester ei slik datering.

Mellomalderkyrkja med spissbogne vindaugo og døropningar, har ei opphavleg rektangulær opning i vestgavlen, kan henda eit vitnemål om at segl og mast frå leidangsskipet vart lagra på kyrkjeloftet.

Torgeir på Spånheim var ikkje åleine om å gje midlar til oppføring av kyrkja. Mest kjend er ho som vart kalla «Rike-Ragna», som framleis har gravsteinen sin ståande i kyrkja, aust for korinngangen i sørveggen. Her ser vi at den knelande Ragna gjev ein kyrkjemodell til apostelen Jacob den eldre, som kyrkja er vigsla til. Innskrifta fortel at «Her: Hvilir: Ragna: Asolfridsdottir: Er: Denne: Kirku. Let: Gera».

På kyrkjegardsmuren, like sør for porten, ligg ei skiferhelle med 52 innhogne skålgroper. Hella vert kalla «Liksteinen». Det var i gammal tid fast skikk å setja likkistene frå seg her, før dei vart borne inn på kyrkjegarden.

Den sjeldsynte korskiljeveggen frå mellomalderen er ombygd og dekorert på 1600-talet. Preikestolen er frå 1613; døypefonten frå 1680. Pengemangel gjorde sitt til at planane for utviding av kyrkja, vedtekne i 1893 etter arkitekt Blix sine teikningar, aldri vart gjennomførte. Det sikra Eidfjord og Vestlandet eit eineståande autentisk minnesmerke frå mellomalderen.

  • Korskiljepanel

På dette korskiljepanelet ser vi eitt av dei sentrale symbolmotiva i kyrkjekunsten: einhyrningen og hjorten. Einhyrningen er eit symbol for Maria og jomfrufødselen; hjorten er eit dåpssymbol: «Som Hiorten tørster efter det Friske Vand Saa tørster ogsaa min Siel efter Den Hellige Aand» (akvarell av Jens Bull 1912, foto: Riksantikvaren).

  • Gravsteinen til "Rike-Ragna"

Gravsteinen til "Rike-Ragna", Eidfjord kyrkje (Riksantikvaren).

  • Kolltveit, O. (1953) Gjestgjevarar i Eidfjord: gjestgjevarstaden på Lægreid. Hardanger. S. 1-13.
  • Skaar, K. (utan år) Eidfjord kyrkje.