• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sandstranden vest for Kallsøyna, ytst på Valen.

Sandstranden vest for Kallsøyna, ytst på Valen (Svein Nord).

BREENS GÅVE

Skiftet i landskapet er slåande mellom dei skrinne lyngheiknausane nord på Askøy og dei grøne markene på Herdla, med fylket sin største gard. Mesteparten av Herdla, slik øya ter seg i dag, er ei gåve frå breen: Isbreen som rykte fram for om lag 12 000 år sidan, stansa heilt nord på Askøy og tok seg tid til å byggja morenen på Herdla. Sidan har Herdla vore under stadig endring. Ommøbleringa av lausmassane pågår framleis.

I kuldeperioden yngre dryas strøymde fjordbreen ut Osterfjorden og Herdlefjorden. Mellom nordspissen av Askøy og Litla Agnøyna, nord for Herdleflaket, var det ei grunne som bremsa opp brerørsla. Smeltevatn la frå seg sand og grus ved brekanten. Slik vart det med tida bygd ut eit delta i Hjeltefjorden (b på kartet). Havnivået var høgare på den tida enn det er no, og restar etter dette deltaet ligg om lag 32 moh., som ein terrasse på kvar side av porten til Herdla fort. Før breen gav frå seg lausmassane, var Herdla berre ei smal, lita øy (a). Den opphavlege øya viser att som den skogkledde åsen like aust for vegen til fortet.

Breslam (silt og leir) vart avsett på sjøbotnen framom deltaet. No finn vi denne leira nede ved sjøen i Djupedalen (ved skytebana). Skjel som er funne i leira, er daterte til å vera om lag 12 500 år gamle. Like etter dette rykte breen fram att, trykte saman lausmassane og la frå seg store blokker (c). Blokkene ligg no i eit belte langs vestsida og over Prestvika til Urneset i nord.

Då breen smelta tilbake inn Herdlefjorden, tok landet til å stiga (d), mest i byrjinga, etter kvart gradvis mindre. For om lag 1000 år sidan tok hevinga slutt. Herdla hadde då rista av seg 32 meter sjøvatn. Samstundes som landet steig, vart lausmassane på Herdla frakta vidare. Det som opphavleg var strender, vart lyfta opp til tørt land. Sand, grus og stein vart så vaska ned til dei nye strendene som etter kvart steig opp av havet. Omlagring av strandmateriale har gått føre seg heilt fram til vår tid. Andre lausmassar vart liggjande att. Desse massane finn vi no ovanfor dagens strandnivå, i skråningar og terrassar.

Ikkje berre vart lausmassane omlagra til stadig lågare strandnivå, dei vart òg sorterte og transporterte av straumar og bølgjer. Dei største bølgjene har heile tida kome frå nord. Gjennom tusenvis av år har bølgjene forflytta massar sørover og bygd ut øya i same retninga. Grus- og steinlaga som no ligg i skråninga ovanfor Vestrefjæra, kom denne vegen – likeins rullesteinane i Vestrefjæra i dag. I skråninga ligg òg eit tynt lag med flygesand, med eit 8000 år gammalt svart jordlag. Pollenprøvar frå dette laget vitnar om varmekjær skog i nærleiken, mellom anna lønn, hassel og eik.

På nordaustsida av Herdla var det tidvassstraumen mellom Hjeltefjorden og Herdlefjorden som utførte byggjearbeidet. Materiala var sand og grus, opphavleg avsette framfor isen. Tidvatnet og bølgjene frå nordvest frakta massane ut mot Kallsøyna. Den sterke straumen omlagra sedimenta og bygde tidvassflata breiare og lengre etter kvart som landet steig. Området unngjekk på dette viset å bli tørt land, men for 2000–3000 år sidan hadde landet stige så mykje at straumen måtte gi opp dette arbeidet. Ei vid tidvassflate steig opp av havet, Valen var skapt.

  • Herdla blir til: Stadium i utviklinga frå slutten av istida til i dag.

Herdla blir til: Stadium i utviklinga frå slutten av istida til i dag. (Inge Aarseth / Eva Bjørseth)

  • Vestrefjæra mot sør

Strendene på Herdla

Kringom i Hordaland er strendene gjerne små. Stadig fleire av dei som blir nytta til bading, er skapte av menneske, med tilkøyrd skjelsand. Strendene på Herdla har fått utvikla seg naturleg gjennom fleire tusen år. Men skal du bada på Herdla, lyt du gjera det utanfor reservatet.

 

I Herdlevågen og i vika ved snuplassen er det strender med finsand og mudder. Vest for Kallsøyna er det sandstrand, i Vestrefjæra grusstrand og nord for Vestrefjæra blokkstrand. I Prestvika finst alle strandtypane i eit lite område. Forklaringa på mangfaldet er at nokre stader ligg utsett til for bølgjer og straum, medan andre ligg meir skjerma.

 

I Vestrefjæra kan ein lettast sjå resultatet av bølgjene si utrøyttande verksemd. Det meste av arbeidet gjer dei under vinterstormane. Når stormbølgjene bryt, plukkar dei laus stein som blir kasta inn mot land. Der steinane fell ned, blir det danna ein strandvoll. Dei runde steinane hamnar i strandvollen, medan dei flate blir hivde lenger og dett ned på innsida. Derfor er det mest uråd å finna flate steinar nede på stranda, medan dei runde sit relativt fast nede i lag av sand og fin grus. Strandvollane endrar seg frå år til år. Om stormane kjem ved flod sjø, vil lausmassar òg bli gravne ut i skråninga ovanfor stranda, slik at torv og buskfuru glir ut. Innover i bukta av Vestrefjæra er steinane mindre, både på stranda og på strandvollen. Årsaka er at bølgjeenergien blir spreidd innover i bukta medan han er konsentrert ute på oddane.

 

Sandstrendene er best å studera når det er lågvatn. I Prestvika blæs pålandsvinden i tørt vêr sand frå stranda og opp på land, der det legg seg flygesand. Nede på stranda finn vi ofte små parallelle rygger danna av bølgjer, «bølgjerifler», og spor etter det livet som går føre seg under overflata. Både børstemakk, som produserer små sandpyramidar, og skjel av ymse slag lever der. Dei er noko av grunnlaget for det rike fuglelivet på Herdla.

  • Eit knippe rullesteinar frå Vestrefjæra.

Visittkort frå fjerne fjell

Rombeporfyr og flint finst ikkje i fast fjell på Vestlandet, men er du heldig, kan du finna dei langs strendene på vest- og nordsida av Herdla. Dei må ha kome langvegsfrå: Anten vart dei plukka opp av isen som strøymde langs Norskerenna, eller dei kom drivande med havstraumane, innefrosne i isfjell. Rombeporfyren, ein vakker raudleg bergart med lyse feltspatflekker, kom frå Oslofeltet. Flinten, til velsigning for steinalderfolket, kom frå Danmark og Skåne.

 

Steinsamlaren vil òg finna mange andre sortar stein her: Mest er det ulike typar gneis, men det finst både mangeritt, gabbro, granitt, eklogitt, amfibolitt og kvartsitt. Dei fleste vart plukka laus av breen i Herdlefjorden eller Osterfjorden og frakta vidare ut til deltaet som låg ved Herdla på slutten av istida. Kvit anortositt lyser opp på stranda. Mengda av dei kvite steinane aukar frå Urneset i nord og austover mot Kallsøyna og Kvitholmane, der anortositten står i dagen.

  • Aarseth, I., Mangerud, J. 1974. Younger Dryas end moraines between Hardangerfjorden and Sognefjorden, Western Norway. Boreas 3:3–22.
  • Aarseth, I. Kvifor er det så fine strender på Herdla. I: Virkesdal, E. 2002. Herdla, den spesielle øya. Herdla museum/Askøy kommune.