• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vegane gjennom den tronge og bratte Måbødalen

Vegane gjennom den tronge og bratte Måbødalen (Svein Nord)

VEGANE GJENNOM MÅBØDALEN

Frå Måbødalen og opp på Hardangervidda gjekk det i eldre tider fleire vegar, mellom anna Tymberløypet, Storagilsvegen, Kyrkjeskori og trappevegen i Måbøberget. Truleg var det tidleg på 1500-talet at den spede byrjinga til vegane i Kyrkjeskori og Tymberløypet fann stad. Dette var vegar som vart nytta av dei første oppsitjarane i Måbødalen.

  • Vegane i Måbødalen

Vegane i Måbødalen

  • Gamle og nye riksveg 7 med Måbøvatnet til venstre.

Gamle og nye riksveg 7 med Måbøvatnet til venstre. Tymberløypet går ved sida av gamle riksveg 7 i høgre del av biletet, men held fram på nordsida av vatnet (nede til venstre). Turistvegen kan skimtast langs vatnet på sørsida, medan kløvstien i Måbøberget ligg i den bratte skråninga i bakkant litt til høgre for midten av biletet.