• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ryvarden fyr (Svein Nord)

Ryvarden fyr ligg der den gamle 'Ryvarden' låg, grensevarden mellom Ryfylke og Hordaland heilt sidan vikingtida. Den gamle varden vart fjerna i 1861 (Svein Nord).

I den islandske sogeboka Landnåmabok vert det fortalt at oppdagaren Floke Vilgjerdsson bygde ein varde «πar er mætist Hordaland ok Rogaland», og varden vart kalla Flokavarƒi. Tormod Torfæus skriv i «Historia Norvegica» (1711) at dette namnet framleis var i bruk, men at bøndene nytta «Ryevarden» om same staden.

Ryvarden ligg på den gamle grensa mellom Rogaland og Hordaland, litt nord for grensa i dag. Det ligg nær å setja førsteleddet i samband med Ryfylke, der folkenamnet rygir (gno.), truleg av «rugdyrkarane», ligg til grunn. Men denne tolkinga er uviss. Namnet har òg vore sett i samband med rå «grenseline». I 1849 bestemte Fyrdirektoratet at det skulle byggjast eit fyr på Ryvarden. Fyret, ei lita tømra stove, 2,6 m i firkant, med fyrapparat i ei vegglykt, vart plassert tett ved den gamle varden. Her var det storslått utsyn utover Sletta og Bømlafjorden. Fyret skulle vera tent i tida for vårsildfisket, frå 21. desember til 1. mars, men det kom snart krav frå dei sjøfarande om lengre brennetid for fyret. Alt frå 1852 vart perioden lengd til 9 1/2 månad, frå 15. juli til 1. mai.

Utover 1800-talet vart det gjort fleire utbetringar her ute. I 1861 vart det sett opp ein ny og større bygning. Den gamle varden vart fjerna, til stor indignasjon for fyrdirektør Diriks. I 1935 vart det bygd eit 6 meter høgt tårn og installert tåkesignal på fyret. Den siste store moderniseringa kom i 1958. Det vart lagt fram elektrisitet og bygt nytt bustadhus. Ein fyrmeister og to fyrbetjentar budde og arbeidde her ute. Bustadhuset frå 1861 vart rive ned. Først på 70-talet kom det kjøreveg frå Mølstrevåg ut til fyret, men 14 år seinare, i 1984, måtte folk reisa frå Ryvarden. Då vart fyret automatisert. I dag er Ryvarden fyr eit kultursenter med utstillingar og konsertar.