• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gramshaug-ristningane

Teikninga syner eit forsøk på rekonstruksjon av Gramshaug-ristningane. Dei fylte felta syner figurane slik dei står i dag. (teikning av Geir Sør-Reime.)

På Gramshaug, tett attmed vegen, ligg eit helleristningsfelt frå bronsealderen. Sjølv om det lite er att etter 3000 års forvitring, ser vi at motiva samsvarar med motiv frå andre tilsvarande felt i Sunnhordland/Hardanger-området: Hjulkross, ringar, og restar etter båtfigurar. Ristningane har opphav i ein jordbrukskultur, der sol og grøde har vore sentrale kultelement.