Dei store sjøbuene på Klinkholmen var kjernen i handelsverksemda. Dette er ein yngre handelsstad; den eldste privilegerte staden, låg i Kubbervik (Svein Nord).
Kubbervik, eller berre Vikjo i daglegtalen, må ha vore teke opp som kremmarsete under garden Håland ein gong kring 1600. Bakgrunnen må ha vore den blømande skottehandelen. Årleg kom det fartøy frå øyane i vest og kjøpte trelast i Bårsund. Vikjo var hamna dei brukte, slik staden ligg lagleg til i leia gjennom Bårsund, sundet mellom Reksteren og Tysnesøya.
Så seint som i 1706 var det skottar på hamna i Bårsund. Eit skottefartøy vart under buksering dette året teke av ei vindråse, ført til lands og forliste. Kring 1710 vart det slutt på denne handelen, men dei seinare oppsitjarane i Vikjo dreiv både med tuskhandel og ulovleg brennevinssal, går det fram av kjeldene.
Så kom den nye tida. Tysnesingen Rasmus Waage kjøpte Klinkholmen under Kubbervik i 1859, ein plassholme noko utforbi det gamle 1600-tals-kremmarsetet. «Klinkjen», som han gjekk for i daglegtalen, var ein drivande og vidfemnande kar. Han dyrka opp holmen, bygde gode hus både til folk og fe og ikkje minst til handelsverksemda han etablerte her, med forretning, bakeri, dampskipsekspedisjon, jaktefart, silde- og fiskeoppkjøp og salting. Han var særs heldig med fiske- og sildehandel på Nordland. Han skava av jorda på alle svaberg og skarvnakkar og tørka fisk i store mengder. I 1887 reiste han til Brandasundet i Fitjar (no i Bømlo) og bygde ut handelsstaden der. Men etterkomarane hans dreiv handel på Klinkholmen til nærare 1940. Etter kvart kom det både postopneri og telefonstasjon her i tillegg. Verksemda vart heilt avvikla 1955-57.
Bli med tilbake til middelalderen!
Via PC eller mobil kan du oppleve Bergen slik byen kan ha sett ut ca. 1320. Du kan studere de vakre bygningene som nå er gjenskapt digitalt. Noen steder kan du ta turen inn og bevege deg fra rom til rom. Til hver lokalitet er det presentert utfyllende informasjon.
Bergen Anno 1320 er et prosjekt i regi av Middelalderklyngen, og er et samarbeid mellom Bergen kommune ved Byantikvaren i Bergen, Arkikon og Universitetet i Bergen. Prosjektet er støttet av Riksantikvaren.
De digitale visualiseringene er basert på tverrfaglig forskning, og en rekke forskere fra ulike institusjoner har bidratt med sin kunnskap om middelalderens Bergen. Vi ønsker å rekke en stor takk til både uavhengige fagpersoner og til forskere fra Universitetet i Bergen, NIKU, Riksantikvaren, Bymuseet i Bergen og Vestland fylkeskommune.
Les mer om prosjektet «Bergen Anno 1320» her.