• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Varden på Nybunut

Varden på Nybunut (Helge Sunde).

Det er ein morgon i august i året 1615. Dei fleste i Eidfjord er samla nede ved fjorden, på Vik. Dei ventar på biskopen. Ei lita gruppe som står lengre ute på Stavanes, er dei første som ser båten, der han kjem for fulle segl vest av Erdal. Ein ryttar dreg i all hast inn til kyrkja på Lægreid, med bod til soknepresten, som gjer dei siste førebuingane til visitasen: Bispebåten, med biskop Scavenius ombord, er på veg inn Hæreidsjøen!

Slik kan vi i tankane fanga inn eit samtidsbilete av biskopens visitasreiser til Hallingdal og Valdres; den austlegaste delen av Stavanger bispedømme. Når han nærma seg Eidfjord, hadde den gode biskopen bak seg ei lang sjøreise frå Stavanger til Sandeid, over land til Ølen, og så med båt inn heile Hardangerfjorden til Eidfjord. Framfor han låg ein strevsam tur over Hardangervidda. Frå Eidfjord var det den kortaste vegen over fjellet til Hallingdal, og på skysskiftet i Vik fekk biskopen mannskap som skulle føra han den første delen av den lange og farefulle ferda over vidda, fram til Halne.

Skyssmannskap kunne biskopen berre skriva ut i sitt eige bispedømme. Dette var grunnen til at Eidfjord låg under Stavanger bispedømme, frå 1126 til 1631; «så som for føringsskabs skyld», som det heiter i ein rapport frå ein kongeleg kommisjon i 1636. Eidfjord høyrde i denne perioden til Hallingdal prosti, som av historiske grunnar låg til stavangerbispen.

Dagen etter at biskop Scavenius var komen til Eidfjord, var alt klart for fjellferda. I bispefølgjet var det også eit par teologistudentar, som biskopen hadde eit særskilt auga med. Ofte var studentane skrivarar på desse ferdene, og elles slo biskopen seg gjerne ilag med andre reisande, når stand og stilling tillet dette.

Etter at biskopen hadde kvittert i kyrkjebøkene, var han klar til å ta i veg med turen til Hallingdal. Denne reisa markerte slutten av ein lang tradisjon attende til mellomalderen. Scavenius var den siste biskopen frå Stavanger som drog den såkalla «bispevegen» over Hardangervidda. Denne vegen følgde delvis det store Nordmannsslepet, delvis det nordre.

Store Nordmannsslepa

Slepa, dei gamle «hovudvegane» over vidda, går tilbake til forhistorisk tid. Her har det gjennom århundra vore ført store fedrifter til marknadsplassane austpå; her drog hardingane på sine handelsferder med talg og salt til bergmannsbyen og sølvgruvene på Kongsberg, og her vandra soldatar og andre ferdamenn. Vel oppe på vidda var det lett for biskopsfølgjet å finna faret vidare.

Den første delen av reisa, gjennom Hjølmadalen, gjekk utan større vanskar. Dette var også den vanlege lokalvegen til Sysendalen i dei tider. I nabodalføret, den aude og avsidesliggjande Måbødalen, var det vanskeleg å koma fram. Rettnok var det midt på 1600-talet eit par stigar - Kyrkjeskori og Tymberløypet – som førte til fjells her, men dei var berre for fjellvande folk. Først mot slutten av 1700-talet, vart det bygt bruer i Måbødalen. Då var også stigen opp Måbøberget bygd, med dei mange steinmurte trappetrinna.

For biskopen var denne turen ei heller uvanleg og strevsam reise. Det var det derimot ikkje for skyssmannskapa, som lette på foten tok seg opp Hjølmaberget. Slepet dei følgde gjekk over Tjukkaskog, gjennom Berastølsdalen, Hadlet, Fruo og ned til Drolstølen. At dette var ein veg med mykje ferdsle kunne stigen og dei oppmurte trappene ned mot Drolstølen fortelja om. Slepa – sjølve namnet tyder i denne samanhengen «spor» – har vore i bruk i uminnelege tider, og dette var hovudvegen over fjellet mellom Eidfjord og Austlandet. Over 200 år seinare fekk slepa namnet «den store Nordmannsslepa».

Her var det livleg aktivitet i driftetrafikkens tid. Tallause klovar trampa stigar som idag ligg der og fortel om ei tid som er borte. Herifrå gjekk stigar langs Drolstølsgili til Våkåvadet og Krossdalen; to stader som låg sentralt i drifteferdsla på 1700- og 1800-talet. Men biskopsfølgjet skulle ikkje den vegen; dei tok retning oppover dalen mot den markerte toppen som låg der.

På høgre side låg den store Allgarden. Over den gjekk det ein veg som førte ned i skaret mellom Allgarden og Fagernut. Men den vegen var helst i bruk tidleg på våren, når fonna ned mot Drolstølsgili låg stor. Lendet ut mot Hallingsskeid var lett å ferdast i. Like etter Hallingsskeidet låg varden som markerte vegdelet mellom vegen til Hallingdal og vegen til Numedal. Biskopen og følgjet hans, som skulle til Hallingdal, tok ned mot Særebakken. Det var her ei av dei andre Nordmannsslepa hadde sitt utgangspunkt; den nordre Nordmannsslepa.

Vardar på vidda

Skyssmannsskapa var nok ikkje alltid like glade for skyssplikta. Skodde i fjellet var det dei var mest redde for. Her var det ope lende og lett å ta feil. Mange hadde fått røyna det. Varden like nord for Nybunuten bar vitnemål om det. I skodde fekk varden, som var over to meter høg, kollossale dimensjonar. Slike store vardar var det fleire av over fjellet; livsviktige for ferdafolket. Varden ved Nybunut var ikkje berre viktig for dei som følgde den ruta bispefølgjet tok. Han var også eit landemerke for dei som på 1700- og 1800-talet drog driftevegen mellom Krossdalen og Numedalen. På eit kart frå 1776 av Christopher Blix Hammer finst avmerkt ein «Warde».Varden ved Nybunut fekk i ettertid namnet «Hammers varde».

Slepet følgde dalføret oppover, gjekk vest av varden og nord for den vesle Skiftessjøen. Biskopen registrerte alt kring seg. Han samla opplysningar til eit kart over bispedømmet; opplysningar som vart basis for fleire av 1600-talets kartografar. Desse 1600-tals karta er overraskande detaljrike den vegen biskopen reiste. På eitt av karta kjenner vi att namna på tre elvar: «Biore Elf», «Krecken Elf» og «Gron Elf»; Bjoreia, Krekkja og Grøna.

Langs den sørlege delen av store Skiftessjøen kom skyssmannsskapet frå Hallingdal. Deira mål var ved det vestre utlaupet av sjøen ved vasskiljet mellom aust og vest; her stod Biskopsvarden eller «Biscops Warde» som er namnet på Hammer sitt kart fra 1776.

Opphavet til namnet Skiftessjøen har vore utlagt på mange måtar. Ein nærliggjande teori er at namnet er avleidd av ordet «Skotskipti». Det finn vi omtala i «Norges gamle love inntil 1387», og det vert forklart som staden med bytting av skysshestar; «ombytting af Skydsheste, reidskotaskipti, færa han (Biskupin) i rett». Det gjev god meining å tolka dette namnet nettopp som «sjøen der (heste)­skiftet blir føreteke». Her gjekk truleg frå gamal tid grensa mellom austmenn og nordmenn.

Vi kan godt tenkja oss at det var langt på dag før følgjet braut opp frå Biskopsvarden, med nytt mannsskap og med kurs for Halne; dette i ettertid så vidgjetne lægeret. Opphavleg var dette fangstbuer. Den gongen biskop Scavenius drog denne vegen, var buene nyleg bygde, og truleg var dei større enn dei ruinane vi ser idag. Om dette lægeret er identisk med den såkalla «Biscopsbod», som vi finn i tradisjonen på 1600- og 1700-talet, er uvisst.

Sorenskrivar Palludan skriv i 1743 at «...den Boe, som Jone Ramie (Jonas Ramus 1715) melder om at skulle staae midt paa Fieldet findes ikke, men det staar endnu en Varde af Steen oprettet, der kaldes Biskopsvarde, og gaar udi Aals gield endnu det Sagn, at naar Biskopen reiste fra Stavanger til Aal, hvilede han ved samme Varde».

Slik kan ei bispeferd i 1615 kasta lys over dei gamle ferdslevegane over Hardangervidda; vegar som taper seg attover i ei fjern fortid.

  • Slepa

Slepa, dei gamle ferdsleårene over vidda, vart nytta til støling og kløving og til handelsferder mellom aust og vest. Langs slepa finn vi dei mange fælegra eller driftelægra, der buskapen vart gjødd opp før han vart førd til marknadsplassane (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum).

  • Kart over "bispevegen" over Hardangervidda

Kart over "bispevegen" over Hardangervidda (Per M. Bremnes)

  • Landmåler og kartograf Christopher Blix Hammer sitt kart frå 1776 over Christiansand stift

Landmåler og kartograf Christopher Blix Hammer sitt kart frå 1776 over Christiansand stift som viser vardane i området  ved Nybunuten og Skiftessjøen.

  • Bremnes, P. M. (1988) Bispeveien over Hardangervidda. I: Årbok for Valdres. Valdres, Valdres historielag, s. 138-141.
  • Bremnes, P. M. (1993) Gamle ferdslevegar frå Eidfjord over Hardangervidda. Eidfjord, Eidfjord kommune.
  • Fønnebø, R. (1988) Langs Nordmannsslepene over Hardangervidda. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Kolltveit, O. (1969) Stavangerbispane og Bispevegen over Hardangervidda. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 258-265.
  • Olafsen, O. (1911) Veie i Hardanger i gamle dage. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 16-27.
  • Olafsen, O. (1920) Samfærdsel og veie paa Hardangervidden i ældre tid. I: Den Norske turistforenings aarbok. Oslo, Den Norske turistforening, s. 4-10.