• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Handelsbua frå Holsund er i dag på Hordamuseet.

Handelsbua frå Holsund er i dag på Hordamuseet. (Svein Nord)

På sørspissen av Bogøya, ved leia inn Samnangerfjorden, ligg Holsund, ein sentral stad den tid fjorden var viktigaste ferdslevegen. Her var gjestgjevarstad alt i 1820, og handel frå 1857, seinare bakeri òg.

Første heradsstyrevalet i bygdene her, oktober 1837, gjekk føre seg i Holsund. Kommunane Fusa, Samnanger og Os var då eitt herad, med namnet Ous.

Holsund var òg møteplass då Ous formannskap hadde sitt første møte 30. desember same året og valde Hans Astrup Krüger frå Skjørsand til ordførar. I somme periodar var alle kommunestyremøta i Ous haldne i Holsund.

  • Handelsstaden Holsund, Fusa

Frå Holsund. (Svein Nord)

  • Bøkring, illustrasjon
  •  Bøkring, illustrasjon

Bogøya

Tønna er eit utgammalt kjerald som særleg vart bruka til salting av sild. I ei forordning frå 1663 heiter der at sild skal avhendast «udi lovlige Træer som have sin rette Størrelse efter de Maal som ere anordnede af Magistraten». Bøndene langs fjorden arbeidde tønner i nausta sommarsdag, og i kjellarane eller andre arbeidsrom på gardane om vinteren. Til vinterproduksjonen måtte dei fleste bera materialane heim frå sjøen, og så var det å bera tønner hin vegen. Karane bar tre tønner, kvinnfolka to. Også på gardar langt frå sjøen dreiv folk med dette arbeidet. Tønnebanda vart lenge laga av hatl (hassel). Det var ei rikdomskjelde på garden å ha god hatleskog. Seinare tok jernbanda over.

 

Etter kvart kom maskinene i bruk, så arbeidet gjekk både lettare og snøggare. Særleg på Bogøya var kyprarane – bøkkerane – tidleg ute med å mekanisera tønnearbeidet. I denne delen av kommunen har òg tønnearbeidet halde seg til no, rett nok berre som ei attåtnæring. Men produksjonen i Fusa har minka frå kring 100 000 tønner årleg i første halvpart av 1980-talet til ned mot 5 000 i dag; dei fleste av desse går til salting av torskerogn. Nedgangen kom då plasttønner overtok mykje av marknaden. Plasttønna vann slaget om sild, men ikkje om rogn. Ein heil del tønner og stampar går òg til pynt i ymse samanhengar. Frå Fusa vert det såleis levert pyntetønner til nær sagt heile landet. Difor ser det ut til at tretønna er liv laga, og at bøkkeryrket er ein tradisjon med framtid. De er og oppretta et museum med verkstad og utstilling, Tønnegarden economuseum, på garden Gangstø på Samnøy.

Bøkring

Bøkkeren starta dagen med å smi til stavar til ein dags arbeid. Dette arbeidet vart gjort i smibenken. Det vart brukt 20-22 stavar i kvar tønne. Utan bruk av maskiner kunne ein bøkker laga mellom 6 og 8 tønner for dagen. I smibenken tok bøkkeren nokre få drag med rettkniven på kvar kant av staven, så vart utholinga laga på midten på innsida av staven med krumkniven. Dette gjorde det lettare å bøya staven.

 

Etter at smiinga var ferdig, måtte staven strykast. Stavane vart høvla på kantane og fekk ei jamn kurve frå ende til ende. Vinkelen måtte vera slik at stavane slutta tett saman når dei vart sette i ring. Røynde bøkkerar gjorde dette på augemål. Tønna vart no reist. Stavane vart samla og oppreisbandet vart tredd nedover stavane. Reisinga av tønna kravde presisjon og lang trening for at tønna ikkje skulle «falla i stavar». Ein røynd bøkker bruka under eitt minutt på «å reisa» ei tønne. Når siste staven var på plass, vart bukslagbandet lagt på og festa med eit par slag med diksla. Stavane vart så banka jamne.

 

Tønna vart snudd og dei sprikjande stavane vart pressa litt saman med ei tønnerinne. Eit stort jernband (overdrivaren) vart lagt over stavendane og rinna fjerna. Tønna vart no flytta til grua og fyrt. Fyrjernet vart fylt med spon. Etter at spona var tende på, vart tønna sett over. Tønna vart oppvarma og mjukare. Etter fyringa vart stavendane truga heilt saman med rinna. Det vart sett på tilsvarande endeslagband og bukband som i andre enden. No skulle tønna drivast. Banda vart banka nedover tønna med diksel og drivar. Tønna si dobbelkoniske form gjorde at stavane vart truga meir og meir saman under drivinga. Bøkkeren måtte driva tønna til ho var tett.

 

Før botnane kunne setjast i, måtte tønna kryssast. Før kryssing måtte tønna jamnast på innsida med rundhøvel. Krysset er eit rettvinkla spor som botnen skal sitja i. Det vart laga med krysshøvel. Botnen vart sett i og banka varsamt i med diksla. Så vart endebandet sett på. Slagbanda var no lause og vart fjerna. Tilslutt vart tønna pussa utanpå med pusshøvel, og stavskøytane vart høvla jamne. Bøkkeren kontrollerte til slutt om tønna vart tett ved å bora hol i den eine botnen og «blåsa» tønna til han kjente overtrykket. Så vart tønna merka og lagra.

  • Holmefjord og Bogøya er kjerneområdet for bøkkerverksemda i Fusa

Holmefjord og Bogøya er kjerneområdet for bøkkerverksemda i Fusa. Både ved Samnøysjøen, i Holsund og Holmefjord og på Boga har det vore tønneproduksjon i stor skala; nokre av desse verksemdene har framleis folk i arbeid.

  • Bjerck, H. B. (1985) Holmefjordmannen er 4000 år gammel!. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 7-14.