• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Plastforsøpling på Lisle Lyngøy

Plastforsøpling på Lisle Lyngøy

Småhovudkvalen som stranda i Vindenes i Fjell, kanskje betre kjend under namnet gåsenebbkval, fekk internasjonal pressedekning. Magen til kvalen var mellom anna fylt med 30 plastposar i tillegg til store mengder anna plastavfall. Hendinga har vore ein vekkjar og har gitt folk flest ei påminning om at plastureining i havet er eit miljøproblem med vidtrekkande konsekvensar. Forskarar i Bergen har no sett i gang eit prosjekt der målet er å forstå kva plastavfallet gjer med kysten vår. Kor mykje plast er det, kvar kjem han frå, og korleis påverkar han dyr, plantar og kystlandskap?

Plastvikar, eller vrakvikar, er stader der marint avfall hopar seg opp. Alt som flyt, driv i land her. Tidlegare var det organisk materiale som tang, tare og drivved som vart skylt i land, men etter innføring av plast i hushald og industri hamnar også plasten i desse vikane. Som kjent tek det lang tid å bryta ned plast, og han vert derfor liggjande. Mange vikar har blitt flittig rydda av private og organisasjonar, men i område utanfor allfarveg vert plasten liggjande, til dels blanda med tang og andre planterestar. Ofte dannar det seg metertjukke vollar av plast og jord.

Forskarane har kome fram til at det i Øygarden, Fjell og Sund finst meir enn 840 vikar der det samlar seg plast. Desse har eit samla areal som er like stort som 60 fotballbanar. Nokre av vikane får tilført mellom 100 og 1000 kilo plast årleg. Kombinasjonen av havstraumar og vindretning gjer at mest plast hamnar i vikar som opnar seg mot sørvest. Mange vikar, sund og dalar i øyriket har denne retninga, nordaust–sørvest, styrt av brotretningar i fjellgrunnen. På dei ytste skjera er det mindre plast, her er energien for høg. Opphopinga av plast er også noko mindre langs Hjeltefjorden på innsida av øyriket; her er strandsona meir i le.

På Lisle Lyngøy har plastavfallet blitt liggjande nesten urørt sidan byrjinga av plastalderen. Her har plasten endra landskapet. Der det før var våtmark, er det no ei lita tjørn, demd opp av plastblanda tang i ein stormvoll inst i vika. Samanliknar ein ferske flyfoto med foto frå 1960, ser ein at tjørna no er større og at det truleg er meir jordsmonn nær vasskanten. Snitt i jordvollen syner at denne er danna av plastavfall, og i jordprofilar kan ein finna plast heilt ned til 1,5 m under overflata. Vollen kan ha blitt danna ved at plasten vernar det organiske materialet mot vind og bølgjer slik at det vert liggjande, elles vert det lett skylt vekk.

Fleire faggrupper, mellom anna biologar, geologar, toksikologar og havforskarar går no saman i eit forskingsprosjekt for å studera kva innverknad plasten har på naturen, med Lisle Lyngøy som hovudlokalitet. Skal ein studera effektar av plast, er det føremålstenleg å ha eit tilsynelatande svært påverka område som utgangspunkt. Er påverknaden her liten, vil ein neppe sjå alvorlege effektar på mindre belasta lokalitetar. På Lisle Lyngøy har oter, fisk, fugl og insekt levd i sameksistens med store mengder plast over lang tid. Kva prosessar finn stad i jordvollen, og kva er dei lokale miljøkonsekvensane av plasten på plantar og dyreliv?

  • Kartet viser område der plast driv i land i Øygarden, Sund og Fjell. Kartet er basert på flyfoto, dronefoto og kjentmannskunnskap.

Plastviker

Kartet viser område der plast driv i land i Øygarden, Sund og Fjell. Kartet er basert på flyfoto, dronefoto og kjentmannskunnskap. 

  • Dronebilete frå den plastoppdemde tjørna på Lisle Lyngøy.

Dronebilete frå den plastoppdemde tjørna på Lisle Lyngøy.