• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Munkane i naturhistoria

Lyse kloster var det største jordegodset i landet då klosteret vart rive kort etter reformasjonen i 1537. På det meste hadde klostergodset – som var samla under éin eigar heilt fram til tidleg på 1800-talet – hand om to tredelar av gardane i Os. Munkane innførte og dyrka framande planteslag og sette truleg ut fisk som ikkje høyrde heime her. Denne mellomalderarven kan ein framleis finna spor etter i hordalandsnaturen.

Munkane på Lyse hadde mykje kontakt med utlandet, særleg med England. Importerte planteslag som dei dyrka i klosterhagane, vart spreidde utover landet. Dei første frukthagane i Hardanger var det munkane frå Lysekloster som planta, ettersom dei ei tid åtte garden Opedal i Ullensvang. I dag er det vanskeleg å seia sikkert kva planter dei henta til Noreg, men kanskje er det nettopp munkane mange av dagens hageeigarar kan «takka» for umaken dei har med skvallerkål, også kjend som hanefot eller tyskkål. Skvallerkålen vart i eldre tid dyrka som grønsak og lækjeplante. Knuste, friske blad har vore brukte som middel mot sår og gikt. Denne skjermplanta vart tidleg knytt til prestegardar, og nokre stader, mellom anna i Ullensvang, blir ho kalla «prestkål». Munkane visste òg å gjera bruk av jorda utanfor klosterhagane; dei planta og heldt ved like skog, og dei opparbeidde beitemark. Kulturlandskapet kring Lysekloster er såleis like gammalt som klosteret.

Noko av det mest verdifulle for munkane var laksefisket i Oselva. Fiskerettane var eit heftig stridstema mellom presten i Os og munkane på Lyse. Ved byrjinga av 1300-talet meinte abbeden å ha all fiskeretten, og stengde elva med laksegardar. Dette var ulovleg, og abbeden vart lyst i bann. Liknande stridar var det om elvemuslingen i vassdraget.

Fleire fiskeslag av karpeslekta, særleg karuss, er svært seigliva og toler transport over lange avstandar. Ei vanleg oppfatning har vore at karpe og karuss vart importerte av munkane, men sikre prov vantar. På 1700- og 1800-talet var det vanleg å ha fisk i dammar som pynt i hagar, kanskje òg til mat. Pontoppidan opplyser at karpe vart prøvt innført til Bergen før midten av 1700-talet. Då hadde munkane for lengst reist frå Lysekloster. Det er likevel påfallande at dei stadene i Hordaland der vi enno har desse fiskeslaga, veit vi at munkane var særleg aktive.

Det vart brukt mykje kleberstein i sjølve klosteret. Noko av steinen vart henta frå eit lite brot i nærleiken, om lag 500 meter nordaust for ruinane. Stein har nok òg vorte frakta sjøvegen frå andre middelalderbrot, kanskje frå Vargavågen i Os og Kvernes og Ådland i Samnanger. Etter reformasjonen vart klosterbygningane rivne. Klebersteinen brukte ein om att, mellom anna i Rosenkrantstårnet i Bergen og Kronborg slott i Danmark.

  • Lækjepestrot
  • Spansk kjørvel

Lækjepestrot

Planta smakar beiskt, og vart under svartedauden nytta som magisk middel mot pesten. Lækjepestrota er kjend i Hordaland frå prestegardane i Fjelberg og Fusa, og elles i Odda, Kvam, Os, Fana, Alvøen og Bergen. Ho finst forvilla i vegkantar og på stader der det er kasta hageavfall. I Noreg finst berre hannplanter av arten.

Spansk kjørvel

Denne planta veks i område med god jord, mange stader der det har vore klostergods, forutan i gamle hagar, vegkantar og ved gjerde. Ho har markert lukt og smak av anis.

Meisterrot

Like ved ruinane etter Lyse kloster står denne planta tett i tett. Den naturlege hovudutbreiinga er i Alpane. I Noreg er meisterrota sjeldan, men i Hordaland er ho kjend frå Bømlo, Stord, Tysnes, Kvinnherad, Os, Fana og Osterøy. Planta vart av dei gamle romarane rekna som universalmiddel som «lækte alle sår, gjorde blinde sjåande og gubbar til ynglingar».

Bjønnrot

Denne planta finst i dag ikkje i Os, men mellom anna på Tysnes og i Opedal. Bjønnrota kom kanskje til landet med munkane.

  • Karussar

Karussar. (Øyvind Vasshaug)

  • Tveit, N. 1932–1941 (1979–1980). Os. Eit utsyn over Osbygdi frå gamall tid til no. I–III.