• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Røvarhola

Røvarhola

Røvarhola ligg i skråninga opp mot Kviteråsen på øya Strøno i Os, ca. 75 meter over havet. Funna er frå folkevandringstida (400–550 e.Kr.) og stammar truleg frå ei grav.

Førebelse undersøkingar i helleren vart utførte i 1916, og det viste seg då at mykje var blitt rota til opp gjennom åra. Men i jorda låg det fragment av ein beinkam med futteral og dessutan nokre menneskebein. Då arkeologane undersøkte staden nærare året etter, fann dei eit fragment av eit jernspyd, og fleire menneskebein dukka opp. Skjelettet var nokså fragmentert og ufullstendig. Delar av skallen, nokre tenner og enkelte bein frå overkroppen og føtene vart funne, men ikkje noko av hofta eller låra. Zoologen som gjekk gjennom skjelettmaterialet, meinte at alle beina var frå same person og at dei hadde tilhøyrt ein «ualmindelig stor og kraftig» ung mann på 20–25 år. 

I tillegg til menneskebeina vart det funne bein av lam, nokre fiskebein, blant anna av ein stor torskefisk, dessutan fragment av østers, kamskjel, hjartemusling, olbogesnigel og landsniglar. Det er usikkert om skjela og beina er frå same tid som menneskeskjelettet. Dei kan stamma frå måltid etter folk som har halde til der, men kan også vere dregne inn i helleren av dyr.

Arkeologen Haakon Shetelig meinte at helleren har vore brukt som tilfluktsstad og at den avdøde kan ha vore ein fredlaus person som omkom i eit tilfeldig ras av stein og jord. Ei slik forklaring er ikkje utenkjeleg, men det er meir sannsynleg at det er snakk om ei gravlegging. Av og til finn vi spor etter gravleggingar frå eldre jernalder i holer og hellerar. Dei som hamna på ein slik stad etter at dei døydde, var kanskje spesielle menneske, eller dei oppheldt seg mykje i holer og hellerar medan dei levde.

  • Teikningar i plan og profil frå utgravingane som viser gravstaden. Beinkammen er teikna inn.

Teikningar i plan og profil frå utgravingane som viser gravstaden. Beinkammen er teikna inn.

Bergsvik, K. A., 2017. Caves and Rockshelters in Iron Age Coastal Norway – At the Margins of the Society? In: Semple, S. and Orsini, C. eds. Life on the Edge. Neue Studien zur Sachsenforschung. Hannover: Hannover Museum Press, 317-334.

Shetelig, H. 1917. Et hulefund paa Strønen. Naturen, 41, 21-27.