• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

The newly mown hay on the farms at Vangdalsberget tell of the landscape of the scythe

Dei nyslegne bøane ved Vangdalsberget fortel om ljåens landskap; det fører oss eit par tusen år bakover i tid, til den forhistoriske bonden. Men helleristningane på berget i bakgrunnen, vitnar om eit endå eldre jordbrukslandskap (foto: Svein Nord).

For 5500–6000 år sidan var det meste av Hordaland eit skoglandskap, like ut til kysten og øyane. For vårt indre auga kan vi sjå for oss gamle eiketre som set sitt preg på den varmekjære lauvskogen. Her rår hjort, elg og villsvin grunnen, men også bjørn og andre rovdyr. Hist og her, særleg i ytre strøk, finst glenner og opne grasmarker ved strendene. Her går flokkar av kyr og småfe. Attom enkle innhegningar og spinkle gjerde av staur og greiner ligg små åkerlappar. Skrinne bygg-aks lyser gule mellom stein og stubbar. Dei store, steinfrie, rudde åkrane høyrer enno framtida til, men menneska har byrja å omskapa naturen og leggja jorda under seg. Ei ny livsform og ein ny kultur er i emning.

Dei første bøndene

Kunnskapen om korndyrking og feavl kom frå søraust og spreiddest frå Litleasia over heile Europa. Somme funn tykkjest visa at ei framand folkegruppe slo seg ned ved Oslofjorden for vel 6000 år sidan. Dei sådde korn og heldt husdyr. Dei rudde skogen med store, slipte øksar av flint, og dei hadde kokekar og andre kjerald av brend leire. Slikt hadde til no vore ukjent hjå oss.

I Skipshelleren ved Dale har vi funne bein, både av kyr og av småfe, som er meir enn 4500 år gamle. Fleire stader i Hordaland ligg det djupt nede i myrane, pollen av korn frå omlag same tida, som på Straume i Radøy. Av og til finst det avtrykk av korn i brende leirkar. Jamvel sjølve korna kan vera bevarte i oskegroper på buplassane.

Var dei framandfolk, dei første «bøndene» i Hordaland? Eller var det kystfolket sjølve som hadde funne ei ny næring? Fleire ting kan tyda på det siste.

Somme meiner det fann stad ein kraftig folkeauke i delar av Sør-Noreg for 5-6000 år sidan. Dei gamle livsformene kunne gje storfangst til visse årstider, men det var magrare tider inn imellom. Med fleire munnar å metta var det naturleg å sjå seg om etter alternativ som gav betre tilførsle av mat året rundt. Tamfé gav folk vissare tilgang på kjøtmat. Slo jakt og fiske feil, kunne dei hausta av flokken. Og mjølmaten gav magefyll og heldt svolt og hungersnaud borte.

Busetnaden skifter

Fangstbuplassane frå eldre steinalder finst gjerne i dei ytre delane av fylket, frå øygarden og innover til dei ytre fjordstrøka. Lengre innover i fjordane og i innlandet er buplassane få, med unntak av Hardangervidda, der rein og aure lokka.

Frå dei tider då det eldste jordbruket utvikla seg, ser vi eit skifte i busetnaden. Det vert fleire funn innover langs fjordane. Framleis er det mange spor etter busetnad også i dei ytre delane av fylket, men ofte ligg dei no på andre stader enn før, gjerne lengre frå sjøen, i lune bakkehall med lett og godt drenert jord. Her finst øksar, både av flint og av lokale råstoff som grønstein og diabas, her er flintdolkar og flintsigdar – reiskap som kan ha vore brukte til å skjera korn med for om lag 4300 år sidan.

Framleis finst det buplassar ved strender og straumar. Av og til finn vi spor som tyder på at også «bøndene» har halde seg her. Men i mange høve vart gamle fangstbuplassar, der folk hadde halde til i hundrevis av år, lagde brakk mot slutten av steinalderen.

Mykje tyder på at livsforma til dei første bøndene var nomadisk. Gardar og bygder fanst ikkje. Buplassar vart bygde, åkrar og beitemarker rudde med eld og staur og gravestokk. Men når jorda etter få år var utpint, og avlinga minka, såg dei seg om etter andre bustader, gjerne slike der jordbruk, féal, fangst og fiske let seg kombinera.

Bronsealderåkeren på Sørheim

Sommaren 1969 vart to store gravhaugar frå bronsealderen utgravne på Sørheim i Etne. Dateringar av trekol kan tyda på at haugane vart bygde ein gong mellom 1200 og 1400 år f.Kr.

Då haugane var bortgravne, synte det seg at dei gamle gravminna løynde meir enn nokon kunne tru. Under haugbotnane fanst eit tunnt lag åkermold. Det hadde vore åker her, den tid haugane vart bygde. Arkeologane fann fleire prov på dette. Då åkermolda vart skrapa bort, såg dei i den ljosbrune auren lange, mørke, moldfylte striper etter skjæret på ein ard. Her kunne ein bokstavleg tala gå i gamle plogspor.

Meir vart funne: Under åkermolda og ard-stripene låg ein eldstad frå tida 2100-2300 f.Kr. Dermed let det seg gjera å sirkla inn alderen på åkeren: Han måtte vera yngre enn eldstaden og eldre enn gravene. Mykje talar for at det var plogspora etter ein bronsealderbonde som kom til syne under dei gamle gravhaugane på Sørheim.

Eit hovdingsamfunn?

Med dei store bronsealderhaugane tykkjest kulturutviklinga vera komen eit langt steg vidare, frå dei første, famlande freistnader med korndyrking og fehald på kysten.

Dei veldige gravhaugane og gravrøysene representerer i somme høve ein arbeidsinnsats på fleire hundre dagsverk. Kva slags samfunn var det som såg seg mon i ei så lite «produktiv» verksemd som å byggja ruvande minnesmerke over nokre få, utvalde?

Vi talar gjerne om eit «hovdingsamfunn» i bronsealderen, med mykje makt og rikdom samla på få hender. Nokre få hadde skaffa seg kontroll over andre og hadde bygt seg opp eit stort økonomisk overskot. Desse hadde høve til å omgje seg med kostbare høgstatusting av bronse og gull. Jamvel etter dauden vart det sytt for at deira makt og mynde kunne demonstrerast ved staselege gravmæle på høgdedrag og berg, der folk kunne sjå dei – og minnast bragdene deira.

Det er gjerne i dei beste jordbruksbygdene vi finn store gravhaugar og rike funn frå denne tida. Alt tyder på at det i første rekkje var jordbruk og fehald som gav overskotet. Det er freistande å tala om eit «bondearistokrati».

Makthavarane på Sør-Vestlandet i eldre bronsealder var ein økonomisk, sosial og kulturell elite som etter alt å døma hadde slektssamband og venskapsalliansar vide omkring. Delar av Sunnhordland og Hardanger høyrde til eit slikt kulturelt fellesskap. Særleg ser vi dette klårt i funn frå Sveio, Ølen, Etne, Stord, Fitjar, Kvinnherad og Kvam. Også lenger innover Hardangerfjorden og Sørfjorden vitnar graver, einskildfunn og helleristningar om påverknad frå sør. I sin ytste konsekvens femnde han om heile Sør-Skandinavia og hadde samband vidare sør- og austover til dei rike bronsealderkulturane i Mellom- og Sør-Europa.

Gåvebyte, varebyte og handel var sentrale element i dette samkvemet. Ein viktig føresetnad for slik verksemd var skipsfarten. Funn frå Jæren, Lista og det nordlege Jylland, syner så store likskapar, både i gravskikk og i materiell kultur – særleg i tida 1800-1000 år f.Kr. – at dette åleine langt på veg provar eit direkte samband over Skagerrak. Vi kan finna bronsegjenstandar av nøyaktig same type med nøyaktig same dekor i begge dei to områda. Dei mange helleristningane frå denne tida, der skipet med stort mannskap er eit hovudmotiv, syner oss at havstykket som skilde knapt var noka hindring. Slike skipsfigurar kan vi framleis sjå, innhogne i bergflater i Sunnhordland og Hardanger.

Utmarksnæringar i bronsealderen

På same tid som bronsealderbonden pløgde åkeren på Sørheim og ein hovding vart lagd til kvile i ei kjemperøys i Hystadmarka på Stord, budde det folk under Ruskeneshelleren ved Nordåsvannet i Fana. Dei fiska i straumen, fanga fugl i skogen og ved strendene og veida hjort, bjørn, sel, og pelsvilt. Dei sanka blåskjel, østers og strandsnegl og hadde reiskap og våpen av bein og stein.

Kva slags folk var dette? Var dei heilt ute av takt med si samtid? Hadde kulturutviklinga stogga opp i eit par tusen år her ved den unnasolte bergveggen på Ruskeneset?

Ser vi nærare etter i det som vart framgrave frå avfallsdyngja, finn vi likevel somt som vitnar om samband med «bøndene» – ein flintdolk, eit par ørsmå bronsestykke, restar av leirkrukker. I eit krukkebrot var det jamvel avtrykk etter eit korn som hadde kome med i leirgodset. Mellom måltidsrestane fanst bein av ku, sau og svin. Kanhenda var ikkje Ruskenesfolket så «unormale» som det ved første augnekast kunne tykkjast. Kanskje var det tvert om slik, at det var desse som representerte det vanlege, medan storgravene og høgstatusfunna er det uvanlege?

Ruskenesfunnet har vorte tolka på mange måtar, frå «attgløymde» fangstfolk til bønder på jakt. Funnet er på ingen måte eineståande. Etter kvart kjenner vi mange av liknande slag, gjerne frå holer og hellerar, både på kysten, ved fjordane og i fjellet. Også i Skipshelleren finst det kulturlag frå denne tida med funn av mykje godt same slag.

I Valldalen, meir enn 700 moh. låg Ullshelleren, før han vart neddemd. Også i Ullshelleren fanst bein både av vilt og husdyr frå bronsealderen. Pollen frå myra like ved syner at dei jamvel har freista seg med korndyrking her oppe for rundt rekna 3000 år sidan, og dei har hatt tamfé med seg på beite.

Mykje tyder på at den bronsealderkulturen vi ser toppar seg i dei store gravminna, dei staselege metalltinga og den løyndomsfulle bergkunsten var eit resultat av eit svært så samansett og innfløkt sosialt og kulturelt nettverk, der «utmarksnæringar» med jakt, fiske, sanking og beitebruk i skogsmark og fjell var like naudsynte og viktige berebjelkar som åkeren og feflokken i låglandet. Her finst drag frå eldgamle livsformer innvovne i dei nye. Alt peikar framover mot nye organisasjonsformer – mot det som skulle verta gardar og bygder.

Vi kan vera nokså visse på at opphavsgardane, sjølve «urgardane» mange stader var på plass alt i bronsealderen.

Jernaldergarden og storfamilien

Det er helst i utmark, der nydyrking frå seinare tider ikkje har nått fram, at vi kan koma på spor etter tufter, tun og gardar frå jernalderen.

I Hordaland har vi til no få funn av dette slaget frå hundreåra nærast før og nærast etter Kr.f. Derimot er det rikeleg av dei i Rogaland. Særleg er det her gjort mange funn frå tida mellom 200 og 600 år e.Kr. Mykje av det ein meiner å ha kome fram til i Rogaland, kan også gjelda for vårt fylke.

Husa var gjerne store, i nokre høve opp til 60-70 m lange. Kvart hus er delt inn i fleire rom. Arkeologane har somme stader vore i stand til å finna ut kva funksjonar dei einskilde rom hadde. Somme hus har hatt ein bustaddel og ein fjøsdel. Folk og fé heldt til under same tak. Her er elles alt som trongst på ein gard av lagerrom til fôr og forråd, avling og reiskap.

Husa låg gjerne samla kring eit tun. Frå fjøset leidde ei fé-gate – ei «geil» – ut til utgarden, steingjerdet som hegna inn innmark med åkrar og tun. Ordet «gard» har nettopp denne grunntydinga – noko som er inngjerda. Det kan tyda på at det var åkeren og korndyrkinga som var dei viktigaste føresetnadene for den eldste forhistoriske gardsskipnaden, ikkje féhaldet.

Åkrane vart rydda for stein som vart dyngja i hop i rydningsrøyser. Dei eldste åkrane har vore prega av slike spreidde smårøyser og av bergnakkar som stakk opp både her og der. Jernalderbonden hadde ingen skurtreskjar å bala med. Steindyngjer og berg var ikkje i vegen for okse og plog, men gav varme til jorda, og fekk liggja. Åkerlandet var slett ikkje lite. Fleire av jernaldergardane i Rogaland har hatt meir enn 100 mål innhegna mark.

I innmarka, gjerne ved eller på sjølve tunet, låg også gravhaugane, men sjeldan mange. Svært få av dei som budde på garden vart hauglagde. Dei aller fleste har – den tid som no – vorte lagde i enkle graver og gløymde så snart den næraste slekta var borte.

Beitemarka og det meste av slåttelandet, som elles ikkje tykkjest ha vore rare greiene, låg i utmarka – utanfor utgarden. Her var òg lauvskogen og vedskogen. Lauv var eit viktig fôr-emne, særleg for småfé, og funn av lauvknivar – «snidlar» – frå gravene syner at det har vore lauva i Hordalandsbygdene langt attover i jernalderen.

Desse eldste jernaldergardane, med dei store bygningane og dei mange romma, har ofte vorte tolka som slektsgardar for storfamiliar. Det var slekta som åtte og dreiv garden i fellesskap, under leiding av husfaren og husfrua. I lag med dei budde gifte søner med koner og born. I hushaldet fanst dessutan tenarar og trælar. Dette er det klassiske biletet av storfamilien, slik han er skildra av mange granskarar. Funna frå Sør-Vestlandet i tida 200-600 e.Kr. har vore med på å forma dette synet, som vel kan vera rett, men som vi knapt kan seia er prova.

Sjølv om få hustufter frå eldre jernalder er funne i Hordaland, kan vi vera visse på at dei ligg her. På øydegarden Volme i Etne finst hustufter og gravhaugar som kan vera frå denne tida, men dei er ikkje granska. Somme store nausttufter, slik som den som låg på Bjelland på Stord, eller den som framleis finst på Stend i Fana, er daterte til mellom år 200 og år 500 e.Kr. Storgardar må her ha lege like ved. Rike gravfunn frå same tid, både frå Sunnhordland, Hardanger, Voss og Nordhordland vitnar om fast busetnad med solide økonomiske overskot. Bygdene var i ferd med å veksa fram over heile fylket.

Folkeauke og nyrydjing

Dei fire siste hundreåra av forhistorisk tid, frå 600 til 1000 e.Kr. skil seg på fleire måtar frå det samfunnet vi nett har skildra. Mykje tyder på at storfamiliestrukturen gjekk i oppløysing og at mange av dei store opphavsgardane vart delte i fleire, sjølvstendige gardar, brukte av mindre huslydar. Både stadnamn, hustuftfunn og gravfunn vitnar om dette.

Noko av årsakene, både til gardkløyvinga og til nybyggjing i utkantstrok, meiner ein ligg i aukande folkemengd i yngre jernalder. Serleg i vikingtida ser det ut til at mange nye gardar vart tekne opp, og nyrydjinga heldt fram utover i mellomalderen, like til pest og nedgangstider midt på 1300-talet reiv opp busetnadsstrukturen. Øydegardar som Høybøen på Sotra, Lurekalven i Lindås, Hellaug i Etne og Kikedalen i Fusa høyrer til mellom desse.

Mange gardar med eit personnamn som første namneledd tykkjest ha sitt opphav i tida mellom 600 og 1000 e.Kr. Sisteleddet høyrer gjerne til seine namneklassar som -stad, -tveit eller -set. Dette er ein ny namngjevingstradisjon, der einskildmennesket hevdar seg sterkare, og det individuelle kjem klarare til syne.

Småriketid og vikingtid

Nokre hevda seg svært sterkt, for første helvta av denne tidbolken var også tida då somme ætter svinga seg opp til eit aristokrati, der småkongar hadde kontroll over fleire bygdelag, og heile landsluter. Nemninga «småriketid» har vorte brukt om desse par hundreåra nærast før vikingtida.

Gjennom ein frodig segntradisjon, der restar er nedfellte i eldgamle kvad i islandske mellomaldersoger, får vi einskilde glimt av det samfunn som fanst på 600- og 700-talet – før rikssamling og sogetid. Mykje av tradisjonen er knytt nettopp til Hordaland. Desse heltesegnene, som dei gjerne vert kalla, skildrar hendingar, helst av det romantiske eller dramatiske slaget, der giftarmål, drap og blodhemn er sentrale element, og der namngjevne småkongar dreg på erobringstokt og legg under seg andre landsdelar.

Sjølv om mykje av dette hadde segnkarakter alt i vikingtida, syner det arkeologiske tilfanget at rikdoms- og maktsentra voks fram fleire stader i Hordaland i hundreåra nærast før rikssamlinga. Sentra av dette slaget voks fram i krinsen kring gamle storgardar, som Fitjar, Seim og Lygra fram mot vikingtida.

Det var venteleg frå slike sentra handels- og herjingsferder mot vest vart organiserte. Det var desse ættene og hovdingane deira Harald Hårfagre hadde som motmenn i Hafrsfjord, og det var slike gardar han eigna til seg, som kongsgardar, etter at dei gamle slektene var drivne bort.

Det arkeologiske funntilfanget teiknar eit heller skeivt bilete av samfunnstilhøva i forhistorisk tid. Dei funn som fortel mest – så som funnrike graver – er på ingen måte uttrykk for den vanlege velstanden i bondesamfunnet. Det er gjerne dei øvre samfunnslaga vi møter på denne måten.

Eddadiktet Rigstula gjev kanhenda ei meir representativ skildring av vikingtidssamfunnet i sine tankevekkjande karakteristikkar av dei tre stendene: træl – bonde – hovding:

Trælen bur i vesalt hus, er stygg og skiten, krokryggja og rukkut. Han bind bastereip, gjurder bører, ber ris, lagar skigard, breier møk, røktar svin, gjæter geiter og grev opp torv. Maten hans er tunge brødleivar og sodd i bolle.

Hjå bonden står det betre til. Sjølv sit han i sin hall med klipt hår og skjegg, i stram skjorte og får sett fram for seg kalvesteik på bordet og fulle skåler. Bonden temjer oksar, lagar ardar, tømrar stover, set opp løer, smir kjerrer og køyrer plog.

Øvst på rangstigen sit hovdingen i sin sal og et fuglesteik og drikk vin. Han skjær seg boge og skjeftar pilar, eig mange gardar, byter gåver og deler gull. Hovdingsonen øver seg i høvelege idrettar, mest av det krigerske slaget, for han skal i hærferd og vinna land.

Her får vi eit forvitneleg glimt inn i arbeidsdeling og standsskilnad i det norske bondesamfunnet mot slutten av den heidne tida. Trælane tok dei tyngste taka og gjorde slikt arbeid som ikkje var høveleg for frie bønder. Med kristendomen vart trælehald forbode. Bonden og husfolket hans laut heretter ta seg av alt som skulle gjerast sjølve.

Det bondesamfunnet vi møter fram gjennom mellomalderen syner mange endringar i høve til det som var før. Folkeauke førte til oppdeling av godsa i mindre eigar- og brukarpartar. Dei frie oldelsbøndene vart færre. Og stadig fleire vart leiglendingar under dei nye, store godssamlarane – kongen, kyrkja, klostera og adelen.

Gravrøysa på Vikingnes

Gravrøysa på Vikingnes vitnar om gammal hovdingmakt i Ytre Hardanger (Svein Nord).

Skipsfigurar er vanlege motiv på helleristningar

Skipsfigurar er vanlege motiv på helleristningar frå bronsealderens bondekulturar. Frå Hammarhaug, Kvinnherad (Svein Nord).

Nausttufter

Dei lange nausttuftene fortel om byggjeskikken i eldre jernalder. Slik tenkjer teiknaren seg langskipsnaustet på Bjelland på Stord (teikning: Frithjof Sælen, eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

Lauvkniven (snidelen)

Lauvkniven (snidelen) er eit gammalt haustingsreiskap som ikkje har endra form frå vikingtida til i dag (Egil Korsnes, eigar: Osterøy Museum).

Kyr og småfe har forma landskapet frå yngre steinalder til i dag

Kyr og småfe har forma landskapet frå yngre steinalder til i dag (rekonstruksjonsteikning: Stella East, 1993).

Lyngbrenning

Lyngbrenning for å skaffa vintergrønt beite for utegangarsauene, har vore ein del av gardsdrifta i kystjordbruket gjennom fleire tusen år (Peter Emil Kaland, 1971).

Angelsaksisk smykke

Eit minne frå vikingferder? Angelsaksisk smykke, funne i Hardanger (Ann-Mari Olsen, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 2017)).

Utferd mot vest

I vikingtida søkte mange hordalandsbønder seg nye bustader på vesterhavsøyane. Slik tenkjer teiknaren seg ei utferd mot vest frå ein norsk fjord mot slutten av 800-åra; eit forsøk på ein rekonstruksjon bygd på arkeologiske funn og krøniker i samtida. Ein huslyd tek med seg buskap og utstyr ombord i skipa, som på tre vekers tid skal føra dei til ein ny heim på Island, øya ute i storhavet (teikning (utsnitt): Åke Gustavsson, frå: Almgren, B. et al. (1975) Vikingene. Oslo, Cappelen, s. 103.)

Hellaug i Etne

Gammalt kulturlandskap på Hellaug i Etne med tusen år gamle tufter og rydningsrøyser (Svein Nord).

  • Hagen, A. (1990) Helleristningar i Noreg. Norsk kulturarv, nr. 23. Oslo, Samlaget.
  • Shetelig, H. (1930) Fra oldtiden til omkring 1000 e.Kr. Det Norske folks liv og historie gjennem tidene, bind 1. Oslo, Aschehoug.