• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mjuke former i fast fjell

Mjuke former i fast fjell. Professorane Fægri og Fossen studerer karrenformene i marmor i Grasdalen. (Svein Nord)

MARMOR OG KARST

I kalkdraga ved Gullbotnen går det ei sone med marmor som har utvikla karst (oppløyst kalkfjell). Sona finst like ved brua ovanfor Grasdalstunnelen. Frå opplagsplassen til vegvesenet i den gamle vegsvingen går det eit lite dalsøkk mot søraust. Langs søkket, om lag 75 meter frå vegen, kan ein finna fleire små karstformer (sjå det geologiske kartet på sida "Gullbotnen"). Til vanleg renn det ikkje vatn her, men i regnperiodar kjem grunnvatnet opp i kjelder, for så å forsvinna ned i ei lita grotte som er danna i den kvite marmoren. I skråninga på sørvestsida av dalsøkket er det renneforma furer i marmoren, såkalla karren.

Marmor lèt seg løysa opp av svake syrer i naturen. Den vanlegaste er karbonsyre (H2CO3). Denne syra blir danna når regnvatn (H2O) sig ned gjennom plantedekket og tek opp CO2 som blir produsert når mikroorganismar bryt ned daudt plantemateriale. Vatnet med karbonsyre byrjar å løysa opp marmoren og lagar renner i overflata. Det er rekna ut at om lag 1 millimeter fjell forsvinn for kvart hundreår på dette viset. Der det er sprekkar, trengjer vatnet ned og løyser opp marmoren. Etter mange tusen års utholing kan sprekkane bli til eit grottesystem. I Grasdalen er grottene enno små. Dei største kjende grottene i Hordaland ligg på Varaldsøy.

  • Pedersen, R. B.; Dunning, G. R. 1997. Evolution of arc crust and relations between contrasting sources: U-Pb (age), Nd and Sr isotope systematics of the ophiolitic terrain of SW Norway. Contributions to Mineralogy and Petrology 128:1–15.