• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det samanbygde huset på Nordvik, Samnanger

Det samanbygde huset på Nordvik. Stova er bygd i hop med bu og loft (Svein Nord)

Garden Nordvik ligg ved Nordvikavatnet om lag 2 km frå riksvegen ved Reistad. Like fram til midt på 1600-talet var det berre ein busitjar her. Under folkeauken på 1800-talet vart garden delt i fleire bruk og husmannsplassar. I dag er det fire bruk.

Bøane strekkjer seg ned mot Nordvikvatnet, med lauvingstre, eikelundar og beite, og med eit bygningsmiljø som er lite endra frå omkring hundresårsskiftet; eit vakkert og heilskapleg kulturlandskap. På garden står eitt av dei eldste husa i Samnanger, med stove, bu og loft bygde saman i ei karakteristisk langhusform. Bua med loftet i andre høgda er truleg frå 1700-talet. Stova er eldre, kanskje frå 1600-talet. Samanbygginga av stove, bu og loft er truleg ein byggjeskikk som går attende til mellomalderen.

  • Nordbygda med Nordvikvatnet

Nordbygda med Nordvikvatnet sentralt i biletet. (Bjørn Moe)