• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

The well constructed two-storeyed house at Skjørsand in Fusa around the end of the 19th century

Dei velbygde lemstovene på Skjørsand i Fusa frå kring 1900, i kultivert sveitserstil, høyrer til den klassiske byggjeskikken på Vestlandet etter dei store utskiftingane (Svein Nord).

 

«Det er svært, hvilke kostbare vaaningshuse der sættes op mange steder paa landsbygdene nu. Formentlig tænkes der, at man skal gjøre «god forretning» med byfolk i sommertiden. Det er nu forresten en noksaa usikker indtægt, og det er et stort spørgsmaal, om det i det hele taget blir den bedste indtægtskilde. Byfolk øver stundom en mindre god indflydelse paa landsbefolkningen, særlig da paa den opvoksende slægt, som bliver mere og mere nydelsessyg. Bønderne vil være «store» de ogsaa nu; der er jo som bekjent oprettet et eget landbrugsdepartement, som de venter sig meget af. Men bønderne maa nok først lære, at landbrugets fremgang først og fremst afhænger af den enkeltes arbeidsomhed og energi; ti uden det vil det nok nytte lidet, om der blir et departement i hver bygd.»

Det er dei nye husa i «moderne stil», i sveitserstil han står og filosoferer over, reisefelagen vår, på veg inn til Strandvik med dampskipet «Solstrand» ein laurdags ettermiddag i 1900. Refleksjonane hans over utviklinga på bygdene stod å lesa i ei av lokalavisene og gjev oss eit lite glimt av ei samtidsvurdering.

Det vart bygt mange nye hus på slutten av 1800-talet. Nybygginga på gardane etter utskiftingane, dei nye dampskipsstoppestadene, landhandlane, hotella og pensjonata – alt dette gjorde at sveitserstilen fekk stor utbreiing. Dei store, velbygde gardshusa kring hundreårsskiftet er ein byggjeskikk som viser att i det vestnorske kulturlandskapet. Sveitserstilen, som kom samstundes med gjennombrotet for industrialismen, innvarsla «hamskiftet» og den nye tid utover på bygdene.

«Det store tunbrotet»

Knapt nokon endringsprosess i det gamle bondesamfunnet på Vestlandet har sett sterkare spor i kulturlandskapet enn oppløysinga av dei store fellestuna, ein prosess som for alvor kom igang med utskiftingslovene av 1821 og 1857. Før den tid låg tuna samla som små landsbyar i landskapet, med solsvidd tømmer eller grå, versliten kledning under torvtekte og hellelagde tak.

Heilt sidan tidleg mellomalder og fram til 1800-talet var dette landskapsbiletet i store trekk det same. Husa var dei same, men det vart fleire og fleire av dei ettersom gardane vart oppdelte i nye bruk og jorda vart oppdelt i mindre og mindre teigar. På Vestlandet var eigedomsforma slik at bygningane til alle brukarane vart liggjande i same tun, dei sparte på den dyrka jorda og alle fekk lik fordeling av teigar med god og mager jord. Det er dette som skaper teigblandinga; dette lappeteppet av små og store teigar for den einskilde brukar, fordelt over heile innmarka. Garddelingsprosessen startar alt i vikingtida, skyt fart under folkeauken på 1600- og 1700-talet og kulminerer tidleg på 1800-talet, då utvandringa til Amerika tok til.

Det er det innfløkte jordfellesskapet i teigblandinga som utløyser dei store jordreformene tidleg på 1800-talet; dei skulle skapa grunnlag for eit meir rasjonelt jordbruk. Denne utviklinga kjem parallellt med andre drivkrefter som skaper endringar. Kring midten av 1800-talet var det oppgangstider, med utvikling av eit breiare næringsgrunnlag på bygdene. Handverksspesialisering og byrjande halvindustri gav meir pengar mellom hendene, sildefiske og jektefart skapte jobbetider i kystbygdene og mange leiglendingar kjøpte ut gardane sine frå dei tidlegare storgodsa under Lysekloster og Rosendal baroni.

Nettopp i desse åra midt på 1800-talet, då endringane i samfunnet sette inn for fullt, reiste ein stillfarande granskar kringom i norske bygder og vart fengsla av det store mangfaldet i byggjeskikken.

Eilert Sundt og byggjeskikken

Då teologen, sosiologen og folkelivsgranskaren Eilert Sundt på sine mange ferder reiste omkring i Noreg for «at studere sig ind i almuens kaar og sæder», som han sjølv uttrykkjer det, fall det av seg sjølv å gje nøye akt på bygningane og gardane han drog framom. Dette var for han ei viktig side ved folkelivet i bygdene: Og – som han skreiv i si populære bok Om bygningsskikken på landet i Norge – det gjekk opp for han

«at i vore mere gammeldags bygder er der noget, som man kan kalde bygningsskik. Efter som jeg gik ud og ind paa flere og flere gaarde, var det mig, som om uregelmæssigheden veg noget tilside for blikket saa jeg fikk skimte lidt af en oprindelig regel og enhed i grunden. Og det forekom mig, at hin uregelmeæssighedens eiendommelige skjønhed heller blev skjønnere, jo bedre jeg blev øvet i at øine den regel og orden som ligger halv skjult derunder… Og det kunde vistnok være et øiebliks moro at betragte blandingens forvirring; men er man først kommen ind paa den tanke, at disse bygdeskikkenes uligheder kanske kunde forfølges helt op til en landsskikkens enhed, som de ere udsprungne af, saa kan betragtningen skjænke underholdning og nydelse i timevis».

Og så rullar Eilert Sundt opp for oss eit fengslande nærbilete av ei historisk utvikling som han på ein meisterleg måte fangar inn i typar og grupper, i ei sjarmerande framstillingsform, der han forsiktig og vennleg fører lesaren med seg frå det eine utsiktspunkt til det neste, i dette brokete materialet:

«Men der skal vistnok god lykke til at faa fremstillet de mange forviklinger med klarhed og til at vinde læserens taalmodige opmærksomhed for de mange smaating, som, i sig selv saa yderst ubetydelige, dog tilsidst danne det interessant hele.»

Eilert Sundt er framleis ein av dei beste reiseførarar vi kan ha i dette historiske landskapet. Som bygningsforskar med ein sosiologisk innfallsvinkel, var han langt framfor si samtid i Europa. Hans typegalleri over den «akershusiske», «mandalske» og «jæderske stueform» har blitt ei slags plattform for vår kunnskap om den folkelege byggjeskikken, og hans oppfatningar har fått stor autoritet – så stor at dei på einskilde punkt er blitt ei tvangstrøye for forskarane, heilt opp til vår tid.

«Stue og bod»

Eit forhold som Eilert Sundt stadig var oppteken av, og som vi kan sjå at han arbeidar med og grunnar på gjennom heile boka om byggjeskikken, er sammanstillinga av «stue» og «bod», røykstove eller eldhus og bu eller loft; dei to hovudfunksjonane i innhusa på gardane i dei ulike bygdelaga. Han skriv i kapitlet om årestover at:

«dette sæt af huse, ildhus eller stue, samt bur eller bod er netop det, som jeg ovenfor tænkte mig som begyndelsen til de aller ældste tider».

Han dannar seg etterkvart ei oppfat­ning av korleis ei utvikling her måtte ha gått føre seg. Hans hypotese om utviklinga av «den jæderske stueform», jærhuset, er blitt ståande som ein klassisk utviklingsteori:

«Oprindelig har der her som vist overalt i landet været tvende særskilte huse, nemlig en stue til at bo i og en bod (bu) med tvende rum, et nedre og et øvre, det ene til klæder og gjæsteseng og det andet til madvarer… Og nu skal der kun en liden bevægelse i tanken til, for at vi skulle kunne forestille os den forandring i den gamle skik, at boden blev flyttet tæt hen til stuen og forenet med den formedelst forstuen, som kom til at være imellem.»

Nettopp denne vesle «bevægelse i tanken» er blitt ei – bokstaveleg tala – fasttømra oppfatning som vi først idag kan sjå i eit nytt lys, på grunnlag av nytt dokumentasjonsmateriale. Arkeologiske utgravingar dei siste ti-åra har vist at i kystbygdene på Vestlandet og i fjelldalane må det i mellomalderen ha eksistert lange, rekkjebygde hus, openbert med innhusfunksjonar i samme rekkja – altså «stue og bod»; rom med og rom utan eldstad. Dette blir underbygd av nyare granskningar av den færøyiske byggeskikken, der det i dei seinare år er sett fram solid underbygde oppfatningar av at sammanstillinga av røykstove og glasstove på Færøyane er mellomalderens bustadform. Og bakgrunnen for dei færøyiske bygningstradisjonane er nettopp å finna i Vest-Noreg.

Fullfører vi nå Eilert Sundts «bevægelse» og ser for oss at denne funksjonelle samanstillinga av viktige innhus under same tak eigentleg er mellomalderens byggeskikk i mange bygder, får vi eit bilete av ei heilt anna utvikling, delvis den motsette av den Eilert Sundt tenkte seg!

Langhustradisjonane i lyngheilandskapet

I dei ytre kystbygdene finn vi spor etter bygningar som har vore samanbygde til lange hus, med stove, eldhus, skykkje og bu liggjande under eitt tak. Øydegardane på Lurekalven i Lindås og på Høybøen på Sotra – i bruk fram til svartedauden – viser oss slike hus, og mange yngre anlegg frå 1600- og 1700-talet fortel om ein tradisjon som varer til 1800-talet. Røykstova – bustadrommet i norske bygder gjennom tusen år – kunne inngå i ulike samanstillingar og funksjonelle kombinasjonar mellom stove, eldhus, bu og loft. Mykje tyder på at denne byggeskikken representerer mellomalderens bustadtradisjonar‚ tradisjonar som har vart ved både i kystbygdene og i fjordbygdene heilt fram til 1800-talet. Og då har vi eit heilt anna grunnlag for å skjøna utviklinga enn Eilert Sundt hadde. Også i innlandsbygdene, på Voss og i Vossestrand finn vi spor etter denne byggjemåten, slik vi ser det i den lange, samanbygde husrekkja på Oppheim gamle prestegard. Og nettopp i vossebygdene har røykstovene og dei rekkjebygde tuna halde seg i tradisjonen heilt til vår tid. Det er gjerne ikkje så merkeleg. Voss er eitt av dei mest tradisjonssterke område i landet.

Klyngetunet – det sosiale landskapet

Det vart eit tett bustadfellesskap i dei gamle tuna med slike bygningsformer, og deling av rom var ikkje uvanleg. På mange måtar kan vi seia at teigblandinga i det gamle vestlandsjordbruket har sitt motstykke i hopehav om hus i fellestunet.

Når eit nytt bruk var skilt ut, var det ikkje alltid at den nye brukaren fekk seg opp hus med det same. Bygningane vart delte etter same prinsipp som teigane, løa vart delt etter ein av tverrbjelkane, betane – ja, ofte kunne løa vera delt mellom mange brukarar. Stabbur og fjøs var gjerne dei husa den nye brukaren først fekk satt opp for seg sjølv, deretter stove og sengebu, medan eldhus og løe var dei husa som lengst kunne brukast ilag med andre.

Bruksfellesskapet har vi eit slåande døme på frå garden Indre Drange i Os, der den gamle gardsstova, som brukarane tidlegare hadde hatt ilag, vart delt mellom grannane såleis i 1753:

«1 røgstue med 2 Svaler og skot som tilforn har hørt baade Mons og Anders til men nu af Anders afstaaet sin 1/2 part til Mons paa den maade at Anders derudj skal have ret til at have et melkeskab staaende tilhørende en pa bemte (bemeldte) stues søndre langside staaende sval.»

Anders har altså overdrege sin halvpart i gamlestova til Mons, mot at han framleis skulle ha retten til å bruke svala på ei side av bygningen og ha eit mjølkeskap ståande ved stova til Mons!

Dette tildels innfløkte hopehavet om husa var like karakteristisk for det gamle fellestunet som teigblandinga. Fleire huslydar kunne dela stovehusa over eit langt tidsrom. Vi kan vel vanskeleg forestilla oss kor trongbudd det måtte vera i slike stover. Dei sosiale spelereglane måtte finslipast for at folk skulle kunne bu så tett innpå kvarandre. På ei av dei gamle stovene i Sandvenstunet i Kvam, i den store «Brigtastovo», budde det fleire huslydar ilag. Her var det fast skikk at konene sto opp i kalde vintermorgonar for å leggja i omnen og byrja med matstellet, medan karane flytte i hop i ein sengekarm og låg og drøste til maten var ferdig!

Dei samanbygde husa på Vestlandet, med skut, skot og sval i grindverk kring dei tømra opphaldsromma, er ein del av ein nordatlantisk byggeskikk. Og i 1800-talets lemstover, der stova og bua ligg symmetrisk på kvar si side av midtgang og kjøkken, løyner det seg mange ombyggingar av dei eldre fleirromshusa frå 1600- og 1700-talet.

Stav og stein

I utkanten av tunet stod driftsbygningane, dei stavbygde eller grindbygde løene.

Grindverksbygningane, slik vi kjenner denne byggemåten frå løer, utmarksbygningar og naust heilt fram til første halvdel av 1900-talet, representerer ein forhistorisk bygningstradisjon. Om materialbruken i ytterveggane kring stavkonstruksjonen går like langt bakover i tid, er vanskeleg for oss å avgjera idag. Mykje talar for at vegger tredde med einer, eller brake, er ein svært alderdommeleg teknikk; ein variant av mange ulike flettverksteknikkar som er kjende i Skandinavia og Nord-Europa.

Det er interessant å sjå desse byggjemåtene i det perspektivet jordbrukshistorikarane dreg opp; at eigentleg varer driftsformene i vikingtidsjordbruket heilt til traktoren og industrijordbruket tek over på 1900-talet. Om vi skulle nytta omgrepet «økologisk» byggjeskikk, kan vi neppe bruka det med større rett enn nettopp om grindverkstradisjonen. Primitiv er ikkje det rette ordet, for det ligg ein gjennomtenkt funksjonalisme og materialteknologi i denne byggjemåten, med gråsteinsmurar, kantstilte heller og brakekledning som ei ytre «vêrhud» kring stavkonstruksjonen innanfor.

Brakekledningen er ofte nytta i kombinasjon med andre teknikkar. Grindverkskonstruksjonen utgjer eit frittståande, sjølvberande skjelett, og som vi ser av det isometriske snittet av ei løe i Havråtunet på Osterøy, er brakevegger her tredd på troer som er festa på opplengjer utanfor sjølve stavane. I mange av dei mindre utløene er troene festa direkte på stavane.

Mange av stavløene har brakekledning på alle fire vegger, men einskilde av bygningane har også store vernemurar i stein på dei sidene som er mest utsette mot slagregnet og sørveststormane. Ofte kan vi sjå at det er nytta både gråsteinsmur, trekledning og brakekledning på same bygning.

Brakeveden rotnar ikkje, men held seg frisk gjennom mange generasjonar. Nålene dannar eit tett veggskikt som held vatnet ute og slepper vinden gjennom. Som lagringsrom for høy er såleis brakekledde løer funksjonelt sett heilt idéelle bygningar. Høy som var fuktig når det vart køyrt i hus, kunne tørka godt opp i ei brakeløe. Også garverihusa kunne vera kledde med brake. Det var for at skinn og huder skulle hengja luftig og tørka godt etter garvinga. Ved Brakvatn på Osterøy ligg det ein brakekledd garveribygning, truleg ein av dei eldste på Vestlandet.

Sjøbruket

Vestlandskysten har gjennom hundreåra vore prega av eit delt næringsgrunnlag. Sjøen var den sentrale transportvegen, og sjøbruket gav eit kjærkome tilskot til gardshushaldet. Til dei fleste gardane langs kysten og innover i fjordane høyrer frå gamalt av naust og sjøbuer som ein del av bruksbygningane på garden. Det var minst like viktig for dei høgareliggjande gardane å ha naustrett som for gardane ved fjorden, mellom anna for å ha plass til lagring og omlasting av varer. På Fosse i Hardanger var det fjellgardane på Haukås og Engedal som var mest tiltøkne når det gjaldt jaktefart og Nordlandshandel. Dei hadde sine naust i Fossevågen, og det var travelt om våren når dei barka nøter i Fossefjøra og det låg fullt med jakter på vågen. I mange bygdelag var det vanleg at dei bøndene som budde seg til å ta del i fisket kvart år, hadde sengeplass på naustloftet. Notlaga skaffa seg ofte store landnøter i fellesskap mellom 5-6 brukarar, og dei sette seg opp eigne notbuer med plass til gavlbåt og lettbåtar nede og lagringsplass for nøter, kaggar og blåser på loftet eller i andre høgda i dei store notbuene. Kvar gong bruket hadde vore i sjøen måtte det tørkast, og det var vanleg å ha eigne nothengjer eller garnhengjer til dette på stader som var lette å koma til frå sjøen.

Innover i fjordane finn vi mange naust og sjøbuer med tilknytning til typiske sekundærnæringar i høve til fisket: produksjon av sildetønner og fiskekassar. Eitt av dei mest tradisjonsrike handverka på Vestlandet, båtbygging, har sjølvsagt vore påverka av konjunkturane i fisket, og det har stått mange båtbyggjarar og klinka færingar i nausta langs strendene. På naustlemmen var det vanleg å lagra båtmaterialar eitt års tid før dei skulle brukast.

Det er ein karakteristisk skilnad mellom naust og sjøbuer i sjølve plasseringa. Nausta ligg som regel trekt noko tilbake frå flomålet, slik at det er plass til å dra opp ein båt i fjøra eller båtstøa framfor, medan sjøbuene ligg ut i sjøen på eit tømra bolverk, steinpillarar eller steinmur, for at ein skal kunne koma heilt inntil med båt for lossing og lasting.

Den mest iaugnefallande skilnaden er likevel den arkitektoniske: sjøhusa er høgare og har vindeskur eller vindehus i gavlen eller på langsidene, eit reint funksjonelt bygningsledd med ei fast utforming prega av utsvinga konturar i barokkens formspråk.

Dei små båtskykkjene, stavbygningen i si enklaste form, og dei steinbygde nausta er byggjeteknikkar vi også møter att på stølen.

Skut og sel på stølen

Gulatingslova har føresegner om stølsbruk, om buføring, om heimferd frå stølen og om beiterett og eigedomsgrenser, så alt på denne tida har stølsdrifta vore ein viktig del av gardshushaldet.

Det er byggjeskikken i bygdene som også pregar stølstuna. Både på Hardangervidda, i vossebygdene og i Stølsheimen finn vi mange fellestrekk. Når vi er mette av urørt natur på våre fjellvandringar, er det noko heimsleg å treffa på dei gamle stølane. Mange av dei høgareliggjande fjellstølane ligg halvt inngravne i bakken; eit alderdommeleg trekk. Men enten stølshusa er bygde i stein eller i tre, er det ein interessant skilnad i sjølve stølsanlegget og funksjonen: I Stølsheimen ligg skotet – ein grindbygd del – framfor det lafta selet. I skotet er grua og her kokar ein ost, medan selet er opphaldsrommet. På Hardangervidda ligg ofte skuten og selet ved sida av kvarandre. I skuten koka og ysta budeiene, og her hadde dei også senga si, medan mjølkematen vart lagra i selet. Men – skuten, skotet og selet er ein del av det same byggjesystemet.

Steinen har i alle århundre vore eit godt bygningsmateriale i dei treberre områda der ein måtte økonomisera med ressursane. På høgfjellet eller i dei vide, opne lyngheiane ut mot havet møter vi steinbygningen i si knappe, arkitektoniske form; ein del av eit stort, nordatlantisk kulturfellesskap.

Det gamle fellestunet på Dale

Det gamle fellestunet på Dale ( Knud Knudsen, eier Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 2613, 13x18)).

Adolph Tidemands røykstoveinteriør frå Kvam

Adolph Tidemands røykstoveinteriør frå Kvam er detaljrike og dokumentariske skildringar av den gamle bustadforma frå mellomalderen. Vikøy 1867 ("Vikör". Foto: J. Lathion, eigar: Nasjonalgalleriet (Olje på lerret 43x54,5, NG. M. 302-78)).

Langhuset på Risa

Langhuset på Risa – rive i 1975 – var bygt saman av eldhus, røykstove, bu og torvsval (Nils Georg Brekke).

Skot, skut og sval

Skot, skut og sval – eit gjennomført byggjesystem (Nils Georg Brekke).

Rekonstruksjon av det gamle fellestunet i Vik, Strandvik
Rekonstruksjon av det gamle fellestunet i Vik, Strandvik (kring 1870, frå: Berg, A. (1968) Norske gardstun. Oslo, Universitetsforlaget, s. 93).
Mange av steinbygningane i Nordhordland har ein trekonstruksjon innanfor murane

Mange av steinbygningane i Nordhordland har ein trekonstruksjon innanfor murane (Svein Nord).

Brakeløene på Osterøy

Brakeløene på Osterøy representerer ein forhistorisk bygningstradisjon (foto: Svein Nord).

Isometrisk snitt gjennom ei av løene i Havråtunet

Isometrisk snitt gjennom ei av løene i Havråtunet (Nils Georg Brekke (1976), etter: Dahl, T. (1975) To tun i Vestnorge. København, Kunstakademiets arkitektskole, Afdelingen for dansk arkitekturhistorie og opmåling.).

Nausta viser grindverk og reisverk i ulike versjoner

Nausta viser grindverk og reisverk i ulike versjoner (Nils Georg Brekke, 1977).

Sjøhusa viser grindverk og reisverk i ulike versjoner

Sjøhusa viser grindverk og reisverk i ulike versjoner (Nils Georg Brekke, 1977).

Steinbuer på Vidda

Steinbuer på Vidda. Stavali (Helge Sunde).

Dei store sjøhusa med vindeskur i gavlen er ein av dei mest karakteristiske bygningstypane i den vestnorske kystarkitekturen

Dei store sjøhusa med vindeskur i gavlen er ein av dei mest karakteristiske bygningstypane i den vestnorske kystarkitekturen. Frå Brandasund (Hans-Kr. Bukholm).

  • Brekke, N. G. (1978) Byggetradisjonar på Hardangervidda. I: Den Norske turistforenings årbok, s. 129-147.
  • Brekke, N. G. (1980) Byggjeskikken i det gamle Os. I: Bygdesoga for Os: kulturhistorisk band. S. 335-449.
  • Brekke, N. G. (1982) Samanbygde hus i Hordaland: langhustradisjonar i vestnorsk byggeskikk. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 51-114.
  • Engevik, A. K. & Munksgaard, J, H. (1975) Byggeskikk i Nordhordland: utvikling av bustadhus på 1700 og 1800 talet. Rapport, Universitetet i Bergen, Lindåsprosjektet, nr. 14. Bergen, Fylkeskonservatoren i Hordaland.
  • Sundt, E. (1976) Om bygnings-skikken på landet i Norge. Verker i utvalg, nr. 6. Oslo, Gyldendal.
  • Vreim, H. (1935) Faskarløer og brakekledning. I: Årbok (Universitetets oldsaksamling). Oslo, Oldsaksamlingen.