• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Parti frå Frøysetelva, ved Sleire.

Parti frå Frøysetelva, ved Sleire. (Svein Nord)

EIT VASSDRAGSLABORATORIUM

Frøysetvassdraget er verna mot kraftutbygging – ikkje på grunn av særeigen natur – men fordi det er eit typisk vassdrag for denne delen av Vestlandet.

Frøysetvassdraget vart verna i 1986. Fredinga vart gjord på bakgrunn av omfattande naturfaglege granskingar kring 1980. Då vart det påvist 272 artar karplanter i området. Talet er ikkje særskilt høgt, ettersom 60 prosent av vassdraget ligg under tregrensa. Av småkreps vart det registrert 20 artar, 14 artar vasslopper og 6 artar hoppekreps. Heller ikkje dette er noko stort mangfald. Vassdraget var såleis eit enkelt økosystem, med dei vanlegaste dyregruppene, men få artar i kvar gruppe. Det enkle økosystemet gjer det etter måten overkomeleg å studera dei biologiske prosessane i vassdraget. Dermed fell det òg tilsvarande lettare å samanlikna med tilhøva i andre vassdrag.

Ikkje minst er Frøysetelva eit viktig «laboratorium» for å studera verknader av sur nedbør. Også i så måte representerer elva eit heller ukomplisert system. Det samla nedbørsfeltet er på om lag 120 km². Vatnet renn gjennom eit område med einsarta, harde bergartar, mest gneisar, men òg noko kvartsitt. Denne fjellgrunnen gir svært lite tilskot av ion til vatnet. Både elvar og vatn er derfor svært sure. pH-verdiane vart målte til 4,6–4,9 tidleg på 1980-talet. Vassdraget har såleis låg bufferevne mot ytre påverknader, som sur nedbør.

Kalking av vassdrag

Frå utløpet i Ostavatn har Frøysetelva vore kalka sidan 1991. Ved utløpet står ei doseringsmaskin, ei av tre tilsvarande innretningar i Hordaland. I tillegg blir mange bekker og innsjøar i fylket kalka på anna vis.

 

Kalk blir brukt for å motverka forsuring av vassdrag. Utan denne naudhjelpa kan fiskestammene døy ut på grunn av for surt og aluminiumsrikt vatn. Hovudproblemet er den sure nedbøren, som kjem av industriutslepp lenger sør i Europa. Arbeidet for å stogga eller i det minste minska desse utsleppa har teke lang tid. Sjølv om den sure nedbøren no er monaleg redusert, reknar ein med at kalkinga må halda fram endå eit par tiår – minst – om dei mest utsette fiskestammene skal greia seg. I 2002 vart det nytta 6 millionar kroner på kalking av vassdrag i Hordaland. På landsbasis vart det dette året brukt vel 100 millionar til slike tiltak.

 

Kalkinga av norske vassdrag skaut fart tidleg på 1990-talet, og har nok hatt mykje å seia for å ta vare på lokale fiskestammer. Men kalking er langt på veg ein måte å lindra eitt miljøproblem på ved hjelp av eit anna. Kalken kan halda liv i fisken inntil situasjonen betrar seg, men han kan òg ha negative verknader for somme organismar som lever i eller ved vassdraget. I Frøysetvassdraget er gråhegren i dag nesten vekke frå den kalka delen av vassdraget, og også bestanden av lom er vesentleg redusert. Dette treng ikkje koma av kalkinga, men ein skal vera var for at velmeinte tiltak i naturen kan ha bieffektar som er uheldige for artar som ikkje høyrer til målgruppa for tiltaka. Dessutan er det ei dyr naudhjelp. Dei kritiske røystene mot kalkingstiltaka har vorte fleire dei siste åra.

 

I Masfjorden ville ikkje bygdefolket vita av dei høge, ruvande kalkdoserarane som tidlegare vart nytta til kalking over lang tid. På initiativ frå kommunen vart det derfor utvikla ein ny doserar, som sidan er teken i bruk over heile landet.

  • Kart over Frøysetvassdraget

Kart over Frøysetvassdraget. Det naturleg sure vassdraget hentar vatn både frå Sogn og Fjordane og Hordaland. På sognesida blir det òg kalla Ynnesdalsvassdraget.

  • Bjørklund, A. E. 2002. Vassdrag i Hordaland 2000. Rådgivende Biologer og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 3/2002.
  • Miljøverndepartementet 1983. Naturfaglige verdier og vassdragsvern. Norges Offentlige Utredninger 1983:42.