• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Storsetehilleren/Matrehola

Storsetehilleren eller Matrehola har truleg vore fangststasjon gjennom eit par tusen år (Svein Nord).

Sommaren 1913 var sognepresten i Masfjorden, Thorbjørn Frøhlich, på tur inn Matredalen og stoppa då ved Storsetehilleren, ei svær steinblokk med eit stort rom under. Han grov litt og gjorde nokre funn, som han melde til Bergens Museum. Året etter vart det utgravingar, og det blei gjort funn frå forhistorisk tid.

Mange år seinare, i 1984, kom det i stand nye utgravingar i samanheng med bygginga av ein ny veg gjennom dalen og fjerning av grusmassar framfor helleren.

Det viste seg at helleren hadde vore sporadisk i bruk i eldre jernalder, og det dukka opp ein krumkniv av jern frå denne perioden. Dei rikaste funna var likevel frå mellomalderen; spinnehjul av kleber, fragment av ei belgisk steingodskrukke, keramikk og kleberkar. I tillegg fann arkeologane delar av knivar, sakser og slipesteinar i tillegg til personleg utstyr som knappar og ei beltespenne. Bein av tamdyr dominerte, sjølv om dei som heldt til der, også hadde ete hjort og fanga pelsdyr. Det vart også funne bein av aure og laks forutan marine artar som torsk, lyr og sel. Til og med selbein låg i golvlaga. Dei som brukte helleren, hadde derfor ei tydeleg tilknyting til kysten, samtidig som dei utnytta dei lokale ressursane. Men kva var grunnen til at dei budde der?

Inne under steinblokka viste det seg at nokon hadde bygd opp murar og delt helleren opp i fleire delar. Dette kan tyda på at dei som brukte staden, ønskte å ha rom med ulike funksjonar. Inndelingar i varme og kalde rom er eit karakteristisk trekk ved stølar; i tillegg til å bu der har ein også trong for ein kjølig stad til oppbevaring mjølkeprodukt. Ei sannsynleg tolking av Storsetehilleren er derfor at han var ein støl, kanskje også fangststasjon for gardane som låg nede ved Matrefjorden.

  • Storsetehilleren før utgravingane i 1984. Helleren ligg under den store blokka til venstre i biletet.

Storsetehilleren før utgravingane i 1984. Helleren ligg under den store blokka til venstre i biletet. 

  • Funn frå mellomalderen i Storsetehilleren. Til høgre fragment av ei belgisk steingodskrukke. Til venstre spinnehjul av kleberstein.

Funn frå mellomalderen i Storsetehilleren. Til venstre fragment av ei belgisk steingodskrukke. Til høgre spinnehjul av kleberstein. 

  • Krumkniv frå eldre jernalder

Krumkniv frå eldre jernalder. 

  • Bergsvik, K. A. and Hansen, G., 2015. Medieval Rockshelters in Western Norway - Activities, Functions and Social Identities. Nordic Middle Ages - Artefacts, Landscapes and Society. Essays in Honour of Ingvild Øye on her 70th Birthday. UBAS, University of Bergen Archaeological Series 8. Universitetet i Bergen, 49-76.
  • Bjørn, A. (1914-1915) Et nytt hulefund på Vestlandet. I: Bergens Museums aarbog, 12
  • Frølich, T. (1916) Storsæte-hilleren i Matredalen. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 113-115.