• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mo med Otterstadgarden i bakgrunnen tidleg på 1900-talet

Mo med Otterstadgarden i bakgrunnen tidleg på 1900-talet. På Mo ligg det lagra singel og sand (KK Bergen, KK pk 2632, Bs. UBB.)

Otterstadgardane ligg i den inste enden av Mofjorden, på nordvestsida av elva. Rekkja med stavbygde naust som høyrer til garden, skal vera bygd litt etter midten av 1800-talet. Både her og på Mosida var nausta også viktige lagringsrom ved fjorden; ved og andre bondevarer som skulle til byen; korn og byvarer i retur.

Like før jul 1743 hende det noko som fekk stor innverknad på Otterstad og Mogarden. Dette året kom det ein svær elveflaum som reiv bort eit smalt eide av grus ute ved Mostraumen. Sjøen rann inn i det som tidlegare var Movatnet, slik at dette vart til Mofjorden. Strandlinja i det tidlegare Movatnet vart liggjande lågare enn før, og Mogarden fekk nye bøar ut mot fjorden; «Nerebøen».

  • "M/S Bruvik"

"M/S Bruvik"

"M/S Bruvik" går sin siste tur gjennom Mostraumen i 1976 (Helge Sunde).

  • Litleskare, J. (1933) Mo kyrkja (Moe Capell) og Eksingedalen kyrkja (Fladeqval Capell). Bergen.