• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hellandsfossen

LAKSETRAPPA I HELLANDSFOSSEN

Hellandsfossen har Noregs høgaste laksetrapp, ei støypt 34 meter høg kuletrapp i 89 trinn, med betongkummar og glasfiberrøyr. Dette byggverket stod ferdig i 1984. I 1993 vart det bygt ei laksetrapp i Almelifossen, med nokre kvilekulpar i elveleiet nedstraums denne trappa. Føremålet med laksetrappene er å gjera elva ovanfor trappene tilgjengeleg som oppvekst- og gyteområde for laks og sjøaure, slik at det kan bli større fangstgrunnlag for desse fiskeslaga. Ovanfor laksetrappa i Hellandsfossen er det kvart år registert mellom 30 og 60 sjøaurar.

Frå naturens side er den lakse- og sjøaureførande delen av Modalselva om lag 10 kilometer lang, med ein høgdeskilnad på 120 meter. Det er helst dei nedste 6 kilometrane som er nytta til sportsfiske. Villaksen er rekna for å vera så godt som utdøydd i elva. Frå 1989 til 1994 vart det ikkje registrert laks i det heile. Etter 1995 er det atter fanga laks, mest truleg rømd oppdrettslaks.