• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nedre Helland

HELLANDSKREDET

Mange hugsar enno då skredet gjekk på Nedre Helland, 14. august 1953 klokka 14.30. Alle husa på eitt bruk og våningshuset på nabobruket vart øydelagde. Den eine kvinna som var innomhus, kom frå ulukka med skrekken. Det same gjorde dei andre som budde på Nedre Helland; alle oppheldt seg i trygg avstand frå raset.

I 500 meters høgd oppe i Storfjellet losna ei steinblokk på om lag 10000 m³. I fallet tok ho med seg ei steinrøys 300 meter lenger nede i fjellsida. Denne massen, som dermed vart sett i rørsle,var kring 15 gonger så stor som steinblokka. All denne steinen dundra ned ei 200 meter høg skråning og ut på den flate terrassen der eit 5–10 meter tjukt lag av kampesteinar vart spreidd utover. Rasmassane dekte 45 mål.

Massane som fall ned frå Storfjellet, laga eit enormt brak då dei trefte ura. Rørsleenergien vart overført til ura, som frå før hadde finkorna og vassmetta massar i botnen. Saman strøymde blandinga som ein «steingraut» ned skråninga og ut på terrassen. Då steinrøyken hadde lagt seg, kunne folk sjå naturskaden som var gjord. Dei undre delane av husa var heilt knuste. Øvre husdelar, taka medrekna, hadde segla framover med taksteinane på plass! Etter skredet vart bekken som rann langs innsida av terrassen, oppdemd til ein 500 meter lang innsjø i regnvêr. To bruk som slapp unna skredet, fekk dermed vatn i kjellarane. Det måtte grøfting til for å tømma den nye innsjøen.

Også ovanfor Farestveit, lenger oppe i Modalen, er det eit stort eldre fjellskred, Valura. Skredet har gått tvers over dalen, og store steinblokker demmer no opp elva. Skredsåret på nordsida av dalen er tydeleg å sjå.