• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Steinslandsstølen kring 1950

Steinslandsstølen kring 1950 (ukjend, i privat eiga).

Det store fjellområdet mellom mellom Sognefjorden i nord, Bergensbana i sør, Masfjorden i vest og Nærøydalen i aust er eitt av dei finaste stølsområda på Vestlandet. I eldre tid har dette området vore kalla Steinslandsheimen; i vår tid har det fått namnet Stølsheimen. Ei registrering i 1970-åra omfatta nærare 40 stølsanlegg i dei sentrale delane av Stølsheimen, tilhøyrande Modalen, Høyanger og Vik kommunar. Kraftutbygging og verneinteresser har stått mot kvarandre her. 367 km2 av kjerneområdet av Stølsheimen vart i 1990 sikra som landskapsvernområde, medan nokre av dei eldre stølane har vorte neddemde.

Garden Steinsland står i matrikkelutkastet frå 1723 oppført med «Sæther 1/2 Miil fra Gaarden». Det må vera Steinslandsstølen det her er tale om. Her var mjølkesela mura av gråstein og hadde ljore i taket. I 1894 vart det sett opp nye hus i tømmer. Det eldste tømmerhuset som står på Steinslandsstølen, er frå 1774. Den andre av stølane som høyrde til Steinsland, er i dag neddemd.

Ein av dei stølane som gjev oss eit nærbilete av stølen i gardshushaldet, er Botnane; ein heimestøl til garden Øvre Helland. Botnane ligg i eit bakkehell nær dalbotnen ved vegen opp til Nygard. Stølshusa var små; det har ein naturleg samanheng med at det var tungt å frakta tømmeret til fjells. Dei fleste stølane til Modalsgardane hadde ei felles stølsstove, der stølsjentene budde. Kvar gard hadde også eit eige sel, der dei hadde mjølkestellet. Selet og stølsstova hadde to rom: skotet og selet.

I skotet var det eldstad, og her gjekk ystinga føre seg: mysost og geitost, dersom det var ein geitestøl. I det inste rommet, selet, var det hyller til mjølk og rømme, og dersom stølen ikkje hadde stølsstove, var her også seng. Stølane låg alltid attmed ei elv eller ein bekk, og det måtte dessutan vera god skog til stølsved i nærleiken.

Det vanlege var å buføra i den første veka i juli, og så var dei på stølen i sju-åtte veker. På Steinsland var 6. juli fast buferdsdag til Instestølen. Her var det dessutan gammal skikk at ein skulle buføra heim att til barsok, 24. august. Barsoknatta flytta huldrefolket ned frå fjellet og inn på stølen.

  • Kart over Stølsheimen landskapsvernområde.

Kart over Stølsheimen landskapsvernområde.

  • Steinlandsstølen
  • Steinslandsdalen

Støling og buføring

Planteheimen

Alt i 1826 vart området vi no kallar Stølsheimen, vitja av botanikaren Søren Christian Sommerfelt. I 1860-åra reiste ein annan av pionerane i norsk botanikk, Axel Blytt, over Vikafjellet. Begge gjorde interessante plantefunn. Funna førte til at fleire fekk augo opp for desse fjella. Med veksande interesse for fotturisme i andre halvdelen av førre hundreåret og nærleiken til befolkingssentra i Bergensområdet vart naturverdiane i området oppdaga for alvor.

 

Skoggrensa her ligg i dag på om lag 800 moh.– eit resultat av hundreår med beiting og støling. Med færre beitedyr i marka no enn før, og utan stølinga som tok godt for seg av skog til ysting og  oppvarming, er skoggrensa i ferd med å krypa oppover mange stader. Den klimatiske skoggrensa ligg truleg på omkring 1000 moh. Som elles i Vest- Noreg er det fjellbjørka som strekkjer seg lengst opp på fjellet. I gode frøår for bjørka er denne fjellbjørkeskogen rik på sporvefuglar, som bjørkefink, gråsisik, gråtrast og raudvengtrast. Somme stader er òg røyskatt eit vanleg syn.

 

Over skoggrensa er det stor variasjon i plantedekket. Vest for Vikafjellsvegen dominerer skifrig fyllitt som gir god grobotn for plantene. Mange stader står skiferen på kant; då forvitrar han lettare enn elles. Vatn sildrar nedover skrentane og løyser opp mineral og næringsstoff som plantene kan gjera seg nytte av. Dei aller beste vekstvilkåra får plantene i sør- og vestvende skråningar. Her smeltar snøen fram tidleg, og her får plantene ein ekstra dose solvarme. På slike stader veks fleire sildreartar og andre fjellplanter, som svarttopp, bergveronika og fjellfrøstjerne. Har du hellet med deg, kan du òg treffa på snøsøte og søterot.

 

Aust for Vikafjellsvegen, og i vestlege delar av Stølsheimen dominerer harde og meir sure bergartar. I vest er det grunnfjellet som dominerer med gneis og granitt, i aust dekkebergartar, Jotundekket, som vart skuva inn under fjellkjededanninga. Dei harde og sure bergartane gir opphav til skrinn jord og nøysame planter. Somme stader er grensa mellom det grøderike og det skrinne berget skarp, med markerte utslag i plantedekket. Innanfor skiferområdet finst ei rekkje planter som ikkje veks på den andre sida av grensa.

 

Det er registrert 85 fugleartar i Stølsheimen, med snøsporv, heipiplerke, heilo og ringtrast som nokre av dei meir vanlege. Enkeltbekkasin, strandsnipe, raudstilk og andefuglar kan ein sjå langs myrar og vassdrag. Jaktfalk finst framleis i Stølsheimen, og indirekte fortel det at rypebestanden er tilstrekkeleg god. Storlommen fiskar enno i Stølsvatnet, men hekkar nok ikkje der. Det er mykje fisk i desse fjellområda, men i mange vatn er auren relativt småvaksen, og mange meiner nok at han kunne vore hausta sterkare. Lommen er såleis ein positiv faktor i fiskekultiveringa. Andre vatn har tynn bestand med fin fisk. I samband med utbygginga vart mange gyteplassar øydelagde, men kraftselskapa set no ut fisk for å kompensera for det.

 

Ein kan treffa på flokkar av reinsdyr i Stølsheimen – dei høyrer til reinsdyra i Fjellheimen Villreinområde , som har ein bestand på meir enn 500 dyr. Av dei var det i 2002 gitt fellingsløyve for 160 dyr.

Kraftheimen

Stølsheimen er ei gullgruve for kraftutbyggjarane: nedbør i veldige mengder, mange vatn høgt til fjells og store fallhøgder. I andre halvdelen av det tjuande hundreåret vart det kvite gullet for alvor henta ut.Demningar, høgspentleidningar og fleire hundre kilometer med anleggsvegar har vorte ein del av landskapet, ikkje minst på hordalandssida av fjellområdet. Mange vatn er regulerte, og stølar er neddemde.

 

Matre- og Haugsdalsvassdraget var først ut. Her starta utbygginga i 1952 – ei utbygging som fekk verknader for vestre delar av Stølsheimen.I 1966 vart konsesjonssøknaden for det omfattande kraftprosjektet Evanger/Eksingedalsvassdraget innvilga, ei utbygging som heldt fram opp gjennom 1970- og 1980-åra, og som påverka store delar av den sørlege Stølsheimen. Samtidig vart det gitt konsesjon for utbygging på begge sider av Vikafjellsvegen. Reguleringa av Steinslandsvassdraget vart vedteken i 1975 etter at utbyggjaren anka vassdragsvernet frå 1973.Seinare vart Åsabotn og Store Norddalsvatn innlemma i dette prosjektet.Utbygginga påverka dermed òg dei meir sentrale delane av Stølsheimen.

 

Iherdig verneinnsats frå tidleg i 1960-åra og framover har likevel berga mange naturrikdommar. Eldsjeler i Bergen Turlag og Vestlandske Naturvernforening (no Naturvernforbundet Hordaland) stod i spissen for «varig vern av Stølsheimens sentrale områder». Solrenningsvatnet og Halsetvatnet vart skåna for Steinslandsutbygginga i 1975.Andre stader kom ein i samarbeid med utbyggjaren fram til meir skånsame løysingar. 30 år etter at vernearbeidet tok til, vart det resultat av innsatsen: Med opprettinga av landskapsvernområdet i 1990 fekk ein sikra for all framtid ein del av Stølsheimen med heller lite påverknad frå kraftutbygginga.

Stølsvatnet mot Berdalen. Vandrerutene frå Stølsvatnet og inn mot Solrenningen og Åsedalen er mykje brukt for å koma seg inn til dei minst kraftpåverka delane av Stølsheimen. (Helge Sunde)

På telttur i  Modalsfjella i grensetraktene mot Masfjorden kommune i 1930-åra, lenge før fotturistane oppdaga fjellheimen. (Alf Adriansen)

  • Ingvaldsen, A. H., Mjåtvedt, S. & Nyrnes, M. (1979) Stølar i Stølsheimen. Faste kulturminne i Hordaland: registreringsrapport, bind 5. Bergen, Fylkeskonservatoren.
  • Sunde, H. og Øvre-Helland, K. (1987) Stølsheimen. Bergen.