• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hereiane. Jonahornet i bakgrunnen

Det er spesielt å gå tur i Hereiane, der overflata på berget kan vera mest like slett og livlaus som på eit fortau. Jonahornet i bakgrunnen. (Svein Nord)

På Hereiane kan ein på varme sommardagar gå berrføtt oppetter berget frå fjorden og heilt opp til 400 meters høgd. Det nakne og fura fjellpartiet vekkjer ofte undring blant vegfarande som ser det frå nordsida av fjorden. Kvifor skil det seg slik ut, og kvifor veks det så lite der? Det er då langt til tungindustrien i Ålvik og Odda, og ikkje har her vore skogbrann i nyare tid.

Årsaka er den kvartsrike fjellgrunnen, som er bortimot heilt utan jord og plantenæringsstoff. Nokre stader er det vegetasjon likevel, spesielt i bekkekløfter og sprekkar i fjellet. Her og der har det samla seg opp litt humus og jord, akkurat nok til at nøysame artar får det dei treng av næring og vatn. Dei mest typiske planteslaga er røsslyng, klokkelyng, rome og blåtopp. Dei pizzaforma mattene av gråmose er endå meir hardføre der dei veks rett på nakne steinen. Furu er det einaste treslaget som klarar seg, men det er langt mellom trea, og dei blir sjeldan meir enn nokre få meter høge.

Hereiane, Jonahornet og Samlen er alle restar etter eit skyvedekke med sterkt utvalsa gneisar. Dette skyvedekket ligg like over fyllitt og glimmerskifer. Fyllittunderlaget verka som eit glidesjikt for dei enorme fjellmassiva som vandra søraustover for 430–410 millionar år sidan. Denne vandringa kom av kollisjonen med Grønland under den kaledonske fjellkjededanninga. Fjellet like over dette glidesjiktet fekk merka rørsla uvanleg godt. Ein gong dekte gneislaget fyllitten og det underliggjande grunnfjellet i heile området. No er det berre Hereiane, Jonahornet og Samlen som står att av skyvedekka på denne sida av fjorden. Over Folgefonnplatået er dekka heilt borte.

Det skifrige, lagdelte gneislaget stuper ned i Hardangerfjorden og held fram under nordsida av fjorden. Nedstupinga er ei bøying eller falding som skjedde då nordsida av Hardangerfjorden sokk ned fleire kilometer. Senkinga skjedde like etter at den kaledonske fjellkjededanninga var avslutta. Den granittiske gneisen på Hereiane står i streng kontrast til fyllitten og glimmerskiferen som omkransar gneisen i ein boge frå Svåsand over austsida av Skorpa og ned att til Herand.

Området har vore vurdert for masseuttak av pukk. Av omsyn til det særeigne fjordlandskapet – med nasjonal verneverdi – vart pukkverksplanane stoppa.

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 424:23–50.