• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vasselhelleren

Vasselhelleren er ein av dei største i fylket. Han ligg under eit overhengande fjellparti som er ca. 125 meter langt og opptil 13 meter djupt. På 1920-talet tok eigaren ut store mengder jord frå helleren, til bruk som gjødsel på markene. Då forsvann nok mange arkeologiske spor og gjenstandar, men noko, blant anna eit stort skar av eit leirkar, blei levert til Bergens Museum i 1925. I 2005 grov arkeologar ut til då urørte delar av helleren. Undersøkingane avdekte spor frå både bronsealder og eldre jernalder.

Meir enn éin meter under overflata i helleren var det mange tynne lag der det vart gjort funn av skjel, bein og steinreiskapar frå eldre og yngre bronsealder. Det vart også funne leirkarskar frå denne perioden. Beina stammar blant anna frå husdyr, noko som tyder på at helleren den gongen var nytta av folk som elles budde i hus rundt om i bygda. Botaniske undersøkingar frå Herandsvatnet og i gamle åkrar på garden Samland – saman med helleristingane på Bakke – viser at jordbrukarar har slått seg ned her alt mot slutten av steinalderen.

Funna frå eldre jernalder stammar nok også frå bygdefolk. Funnmaterialet består av fleire ulike typer keramikk, ein god del jern, slagg, brent leire og fragmenterte bein. Beina er for det meste av husdyr. Truleg fungerte helleren i denne perioden som ein kombinasjon av buplass og arbeidsplass, der blant anna smiing gjekk føre seg, helst både i jern og tre. Eit perspektiv på dette får ein ved å sjå på namnet. Lokalt vert nemleg helleren kalla Skiphelleren. Namnet er interessant, for i nyare tid blei det faktisk laga båtar under hellerar i Herand. Alfred Haugen, som er fødd i Herand i 1911, fortalde at dei på 1920-talet smidde jern og bygde trebåtar i Smågshellerane, som ligg like aust for bruket på Langvoll, der han budde. Dette kan også ha skjedd i Vasselhelleren trass i at han ligg nokså langt frå sjøen, så mykje som 100 meter over havet. Men det er i alle fall god plass til å laga båtar der. I 1959 fann eigaren, Johannes Håvik, eit menneskeskjelett då han heldt på med planeringsarbeid under helleren. Det blei henta av lensmannen. Planen var å senda det til universitetsmuseet, men det kom dessverre aldri dit.

Vasselhelleren ligg lett tilgjengeleg ved turløypa som er rydda av Herand bygdelag, det gjer også Hallgrimshelleren, Sævarhelleren og Olsteinhelleren.

Bergsvik, Knut Andreas, 2017. Caves and Rockshelters in Iron Age Coastal Norway – At the
Margins of the Society? I Semple, Sarah og Orsini, Celia (red.) Life on the Edge. Neue
Studien zur Sachsenforschung. Hannover, Hannover Museum Press, s. 317-334.

Bergsvik, Knut Andreas og Hansen, Gitte, 2015. Medieval Rockshelters in Western Norway -
Activities, Functions and Social Identities. Nordic Middle Ages - Artefacts, Landscapes and Society. Essays in Honour of Ingvild Øye on her 70th Birthday. UBAS, University of Bergen Archaeological Series 8. Bergen, Universitetet i Bergen, s. 49-76.