• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gråorskog og bjørkeskog langs elva ovanfor Tveddal

Gråorskog og bjørkeskog langs elva ovanfor Tveddal. (Svein Nord)

FUGLESANG I ELVEBRUS

Gråorskogen ned mot elva i Stølsdalen er full av liv. Dei mange fuglane har det travelt med å skaffa seg nok mat frå ein dag til den neste – men den største utfordringa er å overdøyva bruset frå Stølsdalselvi.

Fuglane i dalen har løyst problemet på forskjellig vis. Fossekallen lever i eit meir støyande miljø enn dei fleste andre fuglar. Til gjengjeld har knapt nokon annan art ein skarpare og meir gjennomtrengjande song. Når kallen kranglar med naboen, eller kanskje får kjeft av maken av di fisken han kom med, var for liten, er det mange som får vita det. Strandsnipa, som mest ustanseleg patruljerer reviret langsetter elva, held mest aldri kjeft. Ein inntrengjar er aldri i tvil om at det er best å prøva seg ein annan stad. Skvatringa til gråtrasta, som hekkar i koloni i oreskogen, er òg lett å høyra gjennom fosseduren. Linerla, som gjerne plukkar insekt i elva, har ikkje like skarp stemme. Så ho dreg like gjerne opp på stølsvollen, litt unna elva, når ho byggjer reir. Greitt at ungane kan høyra kva som blir kvitra, når dei må vera stille.

Rrrryyyyyyyyt! er ein lyd du høyrer ofte frå bjørkeskogen rett ovanfor. Det er den sterke og effektive, men kanskje ikkje så vakre, songen til bjørkefinken. Han er den mest typiske hekkefuglen i slik skog. Det er denne arten du gjerne ser ved fuglebrettet om vinteren, dersom du legg ut solsikkefrø. I same lia held òg gråsisiken til. Denne vesle finkefuglen er meir nomadisk; somme år hekkar han i store mengder, andre år er han mest fråverande,og hekkar kanskje ein heilt annan stad i landet. Frøsetjinga på bjørka avgjer tomtevalet. Også gråsisiken er lett å registrera etter lyden.

Dalen frå Tveddal og opp mot Breisete er eit godt døme på ein typisk vestnorsk stølsdal. Det er framleis litt stølsdrift på Tveddal, men vegetasjonen er nok i stor grad forma av beitande husdyr frå tidlegare år. Smalen og kvigene som enno går her om sommaren, gjer like fullt sitt til å halda landskapet i hevd, slik at det ikkje gror heilt att. Den frodige og fuglerike gråorskogen langs elva er stadig ganske open på grunn av beitinga. Oppetter dalsidene, og også med stigande høgd innover i dalen, tek bjørka over. Frå Breisete og vidare innover mot Nipevatnet og Kvanndalen er det mest berre krokete bjørkeskog å sjå i blåbærmarka.

  • Bruset frå Stølsdalselvi. Breisete i bakgrunnen

Bruset frå Stølsdalselvi vil forsvinna dersom den planlagde utbygginga av Torsnesvassdraget blir ein realitet. Breisete i bakgrunnen. (Svein Nord)