• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Brua ved Mørkhølen

Brua ved Mørkhølen

Frå gammalt har det gått stigar og driftevegar over fjella til nabobygdene og til Bergen. Ein drifteveg gjekk over Brekken til Samdal i Fana og vidare til Bergen. Men snøggaste byvegen gjekk over Gullfjellet, Lone og Borgeskaret.

Frå Tysse gjennom Frølandsdalen og vidare over Kvamskogen til Hardanger har det også vore ferdsle frå gammalt. I 1860 løyvde heradstyret pengar til bruer over elva ved Mørkhølen og ved Rossebotn nedanfor Storlid. Restar av den gamle vegen er enno synlege på austsida av elva mellom Frøland og Mørkhølen og ved Rossebotn. Mørkhøl bru vart bygd i 1898. Brua har ei lengd på omlag 21,5 m, og kvelvinga har ei spennvidde på 9,4 m. Køyrebana er 2,8 m brei.

Kjøreveg frå Tysse over Kvamskogen var ferdig til Norheimsund i 1906. Vegen opna òg for turistferdsle. Særleg i 1920-åra var det stor trafikk av engelske og hollandske turistskip på Samnangerfjorden. Passasjerane vart sette i land på Tysse og fekk hesteskyss over Kvamskogen til Norheimsund, der båtane henta dei att.

 

 

 

 

 

  • Bygging av kvelvbru.

Kvelvbru

Dei første kvelvbruene av stein i Noreg vart truleg bygde på slutten av 1700-talet. Desse bruene representerte eit viktig teknologisk framsteg innan brubygginga. Dei var sterke og hadde lang levetid. Gjennom åra er det bygd mange kvelvbruer her i landet; den siste i 2018.

 

Ved bygginga av ei slik bru vart det først sett opp eit stillas av tre, utforma etter tilhøva på staden. Dei kunne òg nytta stålvaier til å heisa på plass ferdig tilskorne og samanbolta delar. Tauverk vart nytta til å halda saman sjølve  trebogen. No vart tilhogne steinar lagde på plass på stillaset. Dei vart stabla frå båe sider - nedanfrå og opp - mot toppen av kvelvinga. Over dette vart sjølve køyrebana bygd opp. Til sist vart stillaset fjerna. Tyngdekrafta pressar steinane i kvelvinga mot kvarandre og «låsar» dei i eit spenn. Dette held brua oppe. Spenninga var stor når stillaset skulle fjernast: Ville konstruksjonen halda og brua «setta seg»?