• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Grunnosen

EIT SKJERMA GRUNTVASSOMRÅDE

Grunnosen mellom Børilden og Store Stonga er eit godt avskjerma sjøområde, med opning fleire stader, slik at vassutskiftinga er god. Det meste av Grunnosen er mindre enn 20 meter djup, ikkje meir enn at mest alle dukkande sjøfugl som finst hos oss, greitt kan ta seg ned til botnen for å finna mat. Botnen er mange stader rein sand eller slam. Slike botntilhøve trekkjer kvar vinter til seg artar som sjøorre og gråstrupedukkar, rett nok få i talet.

Mange av silendene og kvinendene som overvintrar i Austrheim, finst i Grunnosen. Særleg viktig er Grunnosen i vêrharde periodar. Då kan dette avskjerma området òg vera tilhaldsstad for andre sjøfuglartar.