• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Teikning langhus, Sætre

LANGHUSET PÅ SÆTRE

Langhuset på Sætre er eit innhaldsrikt anlegg. Frå nord mot sør ligg det på rekkje eit eldhus med hellelagt golv og grue, stove med lem, mellomgang med ei lita mjølkebu, ei opphavleg hellelagd bu og eit endekammers med inngang frå bua. Framfor eldhuset har det tidlegare lege ein torvskut bak ein stor gråsteinsgavl. Frå eldhuset førte det ei trapp opp til lemmen, over stova, og framfor inngangen var det ei lita sval; ei sildebu. Løa ligg samanbygd i rett vinkel på stovehuset.

I dag er torvskuten og steingavlen borte, og huset er mykje endra, både utvendig og innvendig. Likevel er dette framleis eitt av dei no så sjeldsynte langhusa som viser det funksjonsdelte prinsippet i fleirromshuset, med innvendig samband mellom alle rom.