• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Langhuset på Førland

Førland er ein gard i lyngheilandskapet, men sjølve namnet fortel om furuskog i gammal tid, og dette vert stadfesta av pollenprøver. I langhuset på Førland ligg det ei tømra stove og kjøkken innanfor ein stor gråsteinsmur mot sørvest, bygde saman med ei grindbygd løe og ein tømra flor. Langs stova ligg det ei torvsval mot vest, innanfor ein gråsteinsmur, og grindbygd staursval mot aust. Bygningen er over 20 meter lang og 9 meter breid i sørgavlen; eit komprimert samanbygt anlegg. Huset vart restaurert i 1991/92.