• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Leirvågen

MARSK

Marsk er ei grasmark som er sterkt påverka av salt frå sjøen. Naturtypen er utbreidd mellom anna i Danmark. Flatene langs elva som renn ut ved Leirvågen, er fylkets største marsk. Ved springflod blir markene sette under vatn fleire hundre meter innover land.

Som namnet seier, er det mykje leire her, ikkje berre i vågen, men òg i grasjorda inne på land. Leira vart avsett ved Herdlamorenen på slutten av den siste istida, då havet stod vel 30 meter høgare enn i dag. På grasmarka trivst fuglane: Grågåsa både hekkar her og nyttar området for fjørfelling og rasting. Årleg hekkar 2–3 par sandlo, som einaste stad i låglandet i Hordaland, med unntak av Herdla. Bestanden av vipe og raudstilk er god. Slike område vil òg gjerne trekkja til seg mange uvanlege fugleartar i trekktidene. Kulturlandskapet innanfor er rikt på sporvefuglar, som tornirisk og låvesvale, og seinast i 1999 kunne ein høyra den sjeldne åkerriksa spela her.

Botanisk er ikkje denne marsken så rik, men han har sitt særpreg. Pølstorr er ein karakterart i sumpmiljøet der restar av tidvatnet blir ståande att til det heilt eller delvis fordampar bort. Også fjøresaltgras greier seg bra. Det veks raskt med lange, krypande skot og gjer sitt til å halda leira stabil. Slik dannar det òg grunnlag for vekstar som saltsiv, saltbendel og fjøresivaks.

  • Rustsivaks

Rustsivaks, eit 10–20 centimeter høgt strå som veks i små felt på stranda inst i Leirvågen. (Bjørn Moe)

  • Sandlo

Sandlo. (Jan Rabben)

  • Byrkjeland, S.; Overvoll, O. 2003. Viltet i Austrheim.Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Austrheim kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 8/2003.