• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Stølskveld

Stølskveld (Svein Nord).

«No reiser kvelden seg i vesterbrun,
han trør på lette føter gjennom tun
og skuggeveven fjell-imillom hengjer.
Det gjeng ei kviskring gjennom kjørr og lyng
og talatrosten skifter ljod og syng
med avdagsskjelven under sine strengjer».

Det er ein av klassikarane i den norske bokheimen, lyrikaren Olav Nygard frå Modalen, som fangar oss inn med denne vemodstonen over eit landskap som han kjende seg heime i, men som han også på mange måtar kunne kjenna seg fanga i; misforstått og lite påakta som han var i samtida. Biletbruk og språkleg rikdom knyter Nygard sterkt til landskapet. Naturopplevinga hjå lyrikarane våre gjev også vår eiga landskapoppleving ein djupare resonnansbotn.

Mennesket og landskapet

Landskapet og naturkreftene kan også vera ein motspelar. Sverresoga fortel, knapt og dramatisk, om kampen kong Sverre og mennene hans fører mot eit uframkomeleg terreng og livsfarleg snøstorm i fjella mellom Voss og Vik, på same måten som fjellet og snøstormen trugar livet i «Stormen»; eitt av kapitla i Sjur Bygds roman Valplassen (1921).

Det er også naturen og landskapet med vind og vêr som er avgjerande for trivnad og framgang, når dei akademiske embetsmennene, biskopane Brun, Pavels og Neumann er kringom i distriktet på visitas. Stiftsprost – på det tidspunktet – Johan Nordahl Brun omtalar landskapet i Mjelddalen og på Gjerstad på Osterøy som vakkert, under visistasreisa til Hosanger i 1795. Det same gjer biskop Neumann ein generasjon seinare.

Å kalla landskapet vakkert er av heller ny dato og først og fremst utvikla av romantikarane. Ein skjønnlitterær tekst som omhandlar heile amtet, ja heile Vestlandet, er nettopp eit romantisk dikt, «Bergens Stift» av J.S. Welhaven (1807-1873), frå samlinga Digte (1838). Den diktande eg sit i hovudstaden og manar fram eit minnestykke, i sterke romantiske, naturbilete og allegoriar; gripen av lengsel etter barndommens landskap i vest:

«Ved mit Edens Gjærde
er en Kæmpevagt paafærde:
vilde Jøkler splitte skyen ad;
men i Styrkens Belte om de barske Helte
har en Dise virket Rosens Blad».

Men Welhaven har også eit skarpt kritisk blikk på landskapet og folket, i sine Billeder fra Bergens-kysten, tildels farga av forfattaren sin forfina og urbane kulturhorisont. Skildringa hans av strilelandet er prega av sarkasme meir enn av kunnskap. Og då er vi, bokstaveleg tala, ute i dei regionale landskapa.

«Det underdeilige Hardanger»

Hardanger som reisemål og attraksjon er skapt av romantikarane; i litterær forstand særleg av Henrik Wergeland (1808-45) og Andreas Munch (1811-84). I Wergelands store diktforteljing Den engelske Lods (1844) finn vi diktet Hardanger. Tre av fire strofer endar med formuleringa «i det deilige Hardanger», ei gjentaking som vert ytterlegare framheva til slutt med formuleringa «underdeilige Hardanger». I neste dikt held forteljinga fram med same uttrykket: «Der paa en af disse Tanger / i det deilige Hardanger».

Ein av desse tangane kan vera neset med kyrkja i Tidemand og Gudes måleri Brudefærden i Hardanger. Til det skreiv Andreas Munch diktet Brudefærden (Nye Digte, 1851) som også har vore med på å plassera Hardanger på det romantiske litteraturkartet: «Det aander en tindrende Sommerluft/ Varmt over Hardangerfjords Vande».

Om Hardanger med si fruktbløming framleis har ein romantisk dåm i turistmedvitet, så kvarv den dåmen snøgt frå litteraturen. Den første som storma dette biletet, var Hans E. Kinck (1865-1926). Han var også ein tilreisande, for så vidt som han høyrde til embetsmannssjiktet og var komen til Strandebarm som smågut saman med familien. Interessa hans for folket i bygdene var av psykologisk og sosial art. Han la ikkje over noko forskjønnande saga-dåm som Munch, men la vekt på å skildra menneska sine handlemåtar og sinnsliv i samanheng med strid for levemåten og eit kulturliv som var skapt under harde og heller prosaiske vilkår. At diktinga hans òg fekk preg av at han ikkje kjende bygdefolket skikkeleg innanfrå, er elles naturleg nok. Men ofte har nok dei barokke framstillingane hans vorte tekne altfor bokstavleg.

Derimot kjende sørfjordingane Lars Jaastad (1871-1926) og Gro Holm (1878-1951) bygdemiljøet frå innsida. Med romanen Husmann og bonde (1911) prøvde Jaastad å rikka litt på den oppfatninga at på Vestlandet var det liten skilnad på dei to gruppene. Med dei følgjande bøkene hans kom òg den moderne industribygda inn i litteraturen. Industristaden Røynsnes (Linde og Røynsnes, 1912) kan identifiserast som Odda. Husmannsguten blir verksarbeidar og kjem ut i streik og politisk strid. Motsetningane kjem dramatisk for dagen.

Også Gro Holms forfattarskap er bygt kring sosial uro, og også her er Sørfjorden staden for hendingane. I trilogien om Løstølsfolket (Sut, (1932), Odelsjord (1933), Kår (1934)) fører ho inn i bondelitteraturen ein kvinneleg hovudperson som utviklar leiarskap i grenda. Vi møter òg turismen i det førindustrielle Odda, særleg skysstrafikken. Og Holm dreg fram baksida: Både bonden og hesten dreg frå arbeidet på garden, og inntekta av turistskyssinga går like snart til drikke som til levebrød. Seinare skreiv Holm romanen De hvite kull (1936) med utgangspunkt i fossejobbinga og arbeidet på verket i Odda. Til saman har Jaastad og Holm drege inn i Hardangerlitteraturen nye samfunns- og landskapsformasjonar som kom med industriutbygginga.

I vår tid òg er natur- og kulturlandskap i Hardanger sentralt i diktinga, som i lyrikken til Olav H. Hauge (1908– 1994). Her er bilete frå fjell og fjord, frå plante- og dyreliv, frå arbeidsliv og høgtid, svært ofte namngjevne stader og landskap. Mange gonger er Hauges motiv reiser på sjø og land – og ikkje alltid med tilslutnad til moderne fart og ressursbruk. Som i Hestar og luffarar (1971):

Hestar og luffarar ser etter
vasskrubbor i vegkanten.
Kva skal dei
med bensinstasjonar?

Sunnhordland

Jaastad og Holms dikting er ei vidareføring av den heimstaddiktinga som voks fram frå 1880-åra. Der kan kvinnheringen Jens Tvedt (1857-1935) reknast som den sentrale forfattaren. Tvedt henta stoffet til bøkene sine frå sunnhordlandsbygdene. Framstillingane hans i noveller og romanar var i utgangspunktet naturalistisk opne, og kunne verka utleverande. Tvedt framstilte forkomne menneske, både økonomisk og sosialt, og vart mislikt fordi folk tykte dei kjende seg att og kjende seg uthengde. Men Tvedt skapte heltar frå nedste nivå i det fattige samfunnet. I somme av dei beste romanane let han kvinner ta leiinga, og framfor alt har dette lukkast i bøkene om husmannsjenta Madli; Madli und’ Apalen (1900) og Guds løn (1906). Madlis uthaldande styrke har to grunnlag: tilhøvet hennar til arbeidet og bruken av språket; begge delar utviklar ho i og frå det sunnhordlandsmiljøet Tvedt plasserer henne i.

Tvedt vart utgangspunktet for ein rik litteratur i Sunnhordland. Om heimstaddiktarane hadde utdanning, var det gjerne lærarskule som Tvedt, eller folkehøgskule som Ragnvald Vaage (1889-1966) frå Sunde. Vaage skreiv dikt, forteljingar og barnebøker; han var bonde og folketalar. Dikta hans kan vera sansingar frå landskapet og naturen. Rett ofte tek dei utgangspunkt i arbeidsliv og folkeliv, og ofte er dei humoristiske.

Vaage var ein av dei som følgde opp barnelitteraturen på nynorsk med sju bøker 1923-1960. I klassikaren Gutane paa Tedneholmen (1923) er borna framstilte ut frå sine føresetnader. Hovudpersonen Torvall opplever mange vaksne som autoritære, dumme og inkonsekvente, og lesaren må gje han rett. Hendingane går føre seg i sunnhordlandsk bygdemiljø frå hundreårsskiftet. Ein sentral folkelivsskildrar var også Arne Vågen (psevdonym for Sigurd Segelcke Meidell, 1878-1968). Vågen skreiv ei rekkje populære romanar med utgangspunkt i miljø og landskap i bygdene innetter og utetter frå Rosendal. Nokre av boktitlane peikar direkte på dette: Lasse Aga (1941), Bølgene i Oldersund (1942), Vårbrytning i Nesvågen (1959).

Som mest ein heil litteratur åleine står Tysnesbonden Johannes Heggland (1919–2008) sitt ruvande verk, forteljingar og romanar både for born og vaksne. Hegglands bøker opererer i sunnhordlandslandskapet både i fortid og notid. Barnebøkene er historiske forteljingar; det er spennande handling, det er strid og forsoning mellom fastbuande og innvandrarar, det er moralske avvegingar, – særleg desse historiske bøkene har vore populær lesnad. Det er også romanane hans for vaksne, ikkje minst dei aller nyaste bøkene.

Ein framand fugl i dette landskapet var realisten Torborg Nedreaas (1906-87), som budde som barn på Stord om somrane. Ho flytta tilbake først i 1940-åra; budde der med søner og mor under krigen og fødde familien med å fiska og skriva vekebladnoveller. Hausten 1945 kom to novellesamlingar. Stundom kjenner ein att sundhordlandsmål og somt i miljøet. Nedreaas var politisk aktiv i Stord kommunistiske parti og avisa Sunnhordland Arbeiderblad like etter krigen. I det ypparlege essayet Norge i et muslingskall (1954, trykt i boka Vinter-vår 1982) skriv ho at Stord er «hele Norge i en sum på en eneste øy i syv mils omkrets, omgitt av 223 øyunger i alle størrelser og fasonger.»

Sunnhordlandsk barnelitteratur har i vår tid ei rekkje namn: Einar Økland (f. 1940), Ingvar Moe (1936-1993), Oskar Stein Bjørlykke (f. 1939), Sigbjørn Heie (f. 1945), Per Olav Kaldestad (f. 1947), Ragnar Hovland (f. 1952), Rune Belsvik (f. 1956), Helga Gunnerius Eriksen (f. 1959) og psevdonymet John Donner. Eit grunnlag for moderne norsk barnelitteratur er på mange måtar Øklands bøker, og dei kan i sin tur rekkjast attende til same tradisjonen som Gutane paa Tedneholmen står i. Det er bøker på borna sine premissar. Det som hender og det som blir sett, blir opplevt, forstått og tolka av born. Sunnhordlandsforfattarar, med tillegg av Arild Stubhaug (f. 1948), Karin Moe (f. 1945) og Lars Amund Vaage (f. 1952), utgjer ein vital del av den samla norske forfattarflokken for tida. Ein del av det dei skriv, har lite synbert med landskapet å gjera, men ein god del har det. Øklands Amatør-album (1969) som han sjølv kallar «landskapsroman», samsvarar med ein tendens i samtidslitteraturen til å gje personane liv i høve til miljøet; «omgjevnadslitteratur» (etter engelsk «environment») var eit aktuelt litterært omgrep. Frå Strandebarm kjem så eit av norsk litteraturs fremste namn mellom dei yngste, Jon Fosse (f. 1959). Fosse skriv artiklar om litteratur, barnebøker, lyrikk og særleg romanar. Han har ein uvanleg stil; han går langt inntil tankeverksemda hos personane i sjølve språkføringa, i setningskonstruksjon, rytme, gjentakande monotoni. Landskap og folk går i eitt, t.d. i romanen Naustet (1989).

Nordhordland og Midthordland

Flyttar vi så perspektivet litt nordover, finn vi ei brei kulturhistorisk og sosial skildring frå kysten hos Kåre Fasting (1907- 1983). Fasting har skrive ei rekkje underhaldningsromanar. Særleg levande er skildringa av fiskarfolket i Øygarden i debutboka Havet gav (1935). Den direkte og usminka framstillinga kan minna om ei meir kjend forteljing om fiskarfolk på Bergenskanten, Amalie Skrams Sjur Gabriel (1887) i serien om Hellemyrsfolket. Der får vi eit levande inntrykk av kva det ville seia å ta seg til og frå byen i eldre tid, sjølv på det som i dag ter seg som temmeleg korte strekningar. Også i Gerhard Garatun-Tjeldstø (1901-1995) sine skodespel er dramatikken knytt til miljø i ytre strøk. Derimot er bakgrunnen for forteljaren Pål Sundvor (1920-1992) lenger innetter i landet att. Sundvor er frå Sævareid i Fusa. Han har skrive noveller om ungdom og romanar. Debuten 1947 var ei barnebok.

Barnebøker skreiv også Ola Mjanger (1889-1968) frå Masfjorden og Anton Solheim (1897-1998) frå Austrheim. Dei skreiv om livfulle og påhitne bygdeborn, i den tradisjonen som hadde teke til med ryfylkeforfattaren Rasmus Lølands smågutforteljingar. Det same har vossingen Nils Bjørgås (1910-1983) gjort i trilogien om Vetle-Jens (1948-50). «Bjørgås er mer sannferdig overfor sine unge lesere enn skikken er i norsk barnelitteratur,» seier Sonja Hagemann. Sentrale ungdomsbokforfattarar er Erna Osland, lærar i Masfjorden, og Bente Bratlund frå Os.

Frå Lindås kom romanforfattaren i mellomkrigstida, Kristian Matre (1877-1943). Fleire av dei seks romanane (1926-34) hans har kulturhistorisk verdi; dei har også psykologisk interesse knytt til religiøse problemstillingar.

Men først og fremst har Nordhordland ein stor forfattar, lyrikaren Olav Nygard (1884-1924) frå Modalen. Biletbruk og språkleg rikdom knyter han til landskapet, slik vi møter han i innleiinga til denne artikkelen.

Landskapet sette også preg på dikta til den andre kjende nordhordlandslyrikaren, Aslaug Låstad Lygre (1910-1966) frå Lindås, som i den kjende visa med tone av Geirr Tveitt: «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta / ho er for ljos til det.»

Vossebygdene

Austover mot Voss er det verdt å gjera ein litterær stogg på Bolstadøyri. Knut Horvei (1893-1984) var ein særmerkt forfattar frå mellomkrigstida til 1970-talet, med romanar og eksperimenterande skodespel, helst med historiske, gjerne mytiske emne.

Ein viktig norsk prosaist frå same traktene, frå Evanger, er Bjørn Rongen (1906-1983) som i noveller og romanar var oppteken av moderne samfunnsspørsmål. Mest kjend er ein romanserie som har særleg interesse for reising og samferdsle, trilogien om bygginga av Bergensbana: Toget over vidda (1956), I jøkulens skygge (1957) og Klart for tog (1958).

Men målet og folket i vossabygdene er først og fremst gjort udøyeleg av Per Sivle (1857-1904) og hans forteljar Kolbein Hausa i Vossa-Stubbar (1887) og Nye Vossa-Stubbar (1894). Sivle var ein fornyar på mange felt, sosial dikting, politisk, historisk og personleg lyrikk; og gjennom samlinga Sogor (1887), som også fell inn i vossalandskapet, vart han saman med Rasmus Løland, grunnleggjaren av nynorsk barnelitteratur.

Voss har viktige forfattarar etter Sivle òg. Både sosialhistorisk og kulturhistorisk er Sjur Bygd (1889-1985) sine romanar og noveller frå Myrkdalen interessante. Og aller mest interesserer menneska han i dette, den psykologiske samanhengen mellom sinnet og dei ytre vilkåra. Ein rik biletbruk knyter menneska til naturen. Naturbilete i samband med menneskeleg aktivitet og oppleving er også viktig stikkord for diktsamlingane til Signe Seim (f. 1929). Johannes Gjerdåker (f. 1934) vender seg i sine dikt mot historia og den kulturelle tradisjonen, gjerne i ei klassisk strofeform som sonetten. Frå Nordhordland og vossetraktene er òg lyrikarane Åse Lilleskare Faugstad (f. 1941), Lisbet Lid Venås (f. 1937) og Magne Myhra (f. 1930), likeins romanforfattaren Brita Lid (1893-1981).

Heimen til Olav Nygard i Modalen

Heimen til Olav Nygard i Modalen (Helge Sunde)

«Han som var saa fæl til at fri»
llustrasjon til novellen «Han som var saa fæl til at fri» av Hans E. Kinck. Tresnitt av Nikolai Astrup, 1917 (frå: Kinck, H. E. (1917) Vestlands-noveller).
Olav H. Hauge, 1982

Olav H. Hauge, 1982 (ukjend, eigar: Bergens Tidende).

Gutane på Tedneholmen
Gutane på Tedneholmen av Ragnvald Vaage er ein klassikar blant nynorske barnebøker.
Per Sivle
Per Sivle var ein fornyar i mange samanhengar i diktinga si; sosialt, politisk, historisk – og han var ein fin humorist (frå: Sivle, P. (1909-1910) Skrifter).
«Vi skal ikkje sova bort sumarnatta……»

«Vi skal ikkje sova bort sumarnatta……» (akvarell: Synneva Heradstveit, 2008).

  • Stegane, I. red. (1978) Sunnhordlandsdiktarar. Oslo, Samlaget.