• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Havrå og innmarka opp til bøgarden

Havrå og innmarka opp til bøgarden (Svein Nord).

I det solrike, brattlendte fjordlandskapet langs Sørfjorden på austsida av Osterøy ligg garden Havrå. Den vesle «landsbyen» er eitt av dei få uskipla gardsmiljøa som viser oss biletet av dei store fellestuna i Vest-Noreg på 1700-talet, med tettbygde tun og teigdelt innmark.

Havrå har truleg samanheng med det gammalnorske «hafr», som tyder «bukk». Det er lett å tru at Havrå har vore ein skrinn gard med ei mager utkome. Men slik er det ikkje. Havrå er ein god gard, med stor utmark. To øydegardar oppe i lia ovanfor tunet kom inn under Havrå, truleg etter svartedauden i 1349.

Ved slutten av mellomalderen var Havrå delt i to jamstore bruk. Kyrkja åtte det eine, jordeigande bønder det andre. Dei fleste av brukarane var leiglendingar fram til år 1700. For eitt av bruka varte leiglendingstida heilt til 1878.

Grensa gjekk frå den gamle bøgarden og ned til fjorden. Dei to bruka hadde bøen sin samla, men det vestlege bruket hadde også åkrar på austsida. Der låg den beste åkerjorda.

Ei rettferdig fordeling av den gode jorda var prinsippet ved alle seinare bruksdelingar. Dette ligg bak det mønsteret som etter kvart voks fram, med 8-12 innmarksteigar på kvart bruk. Alt på 1600-talet var Havrå delt i åtte jamstore bruk. På midten av 1800-talet var det 9 bruk på garden, men i 1907 vart det eine bruket delt på fem av dei andre. I år 1900 budde det 60 menneske i tunet.

Klyngjetunet

Havretunet, dokumentarfilm frå 1950

 

Havretunet..
er ein dokumentarfilm som fortel om livet i det vesle bygdesamfunnet Havråtunet på Osterøya, slik det har vore levt i mange hundre år. Det er ei forteljing om tungt slit frå morgon til kveld, heile året igjennom, om vanskar i strida for tilværet og om menneske som aldri sparar seg i arbeidet sitt. Men samstundes er det ei skildring av ei kulturform som byggjer på eldgamle tradisjonar. Filmen er ei unik skildring av eit særeige norsk klyngjetun og blei oppteken i 1949-50.

Det var konservator ved Bergens Museum (nå Universitetsmuseet i Bergen) Robert Kloster  som tok til initiativ å få laga ein vitskapleg  dokumentasjon av livet på den siste einbølte garden på Osterøy i Vestland , gjennom ein heil årssyklus.   Filmen var  del av prosjektet "Kulturgeografisk registrering på Vestlandet". Kloster kontakta statsekretær Helge Sivertsen i Kyrkje- og undervisningsdepartementet som påtok seg å finansiera filmen, etter å ha lagt fram prosjektet for Statens filmråd og produksjonsselskapet Norsk Film AS. Regi og foto er ved Sigurd Agnell, medan manusførelegg er utarbeidd av den lokale medarbeidaren Johs. Revheim. Etnologen Brita Gjerdåker Skre var forskingsassistent på prosjektet og levde saman med folka på Havre då filmen vart teken opp. Ho skreiv sidan magistergradsoppgåve og bok om livet i tunet. Både filmen og magistergradsoppgåva er  unike dokument som skildrar årssyklus, skikkar, arbeidsformer, verktøy,  byggeskikk, tradisjonar, ord og uttrykk -  knytt til det einbølte tunet. (Digitalisering UiB, 2003)

https://youtu.be/ZlAkxACa4xo

Havrå, Osterøy

Havrå (Svein Nord)

Brakeløe på Havrå

Brakeløe på Havrå (Svein Nord)

Tungata gjennom Havråtunet

Tungata gjennom Havråtunet (Svein Nord)

Kart over teigdelinga på Havrå kring 1906

Kart over teigdelinga på Havrå kring 1906 (utsnitt, nedre del) (Brita Skre/Sverre Mo, 1992)

  • Austad, I. og Skogen, A. (1988) Harvåtunet i Osterøy kommune: en botanisk-økologisk analyse og en plan for istandsetting og skjøtsel av kulturlandskapet. Økoforsk, rapport 1988 (13).
  • Havrå Osterøy: Hordaland: det brattlendte fjordlandskapet (1990). I: Norske kulturlandskap. Temabrosjyre nr. 2.
  • Hope, K. (1991) Ressursbruk på Havrågården. I: Osterøy i soge og samtid, s. 20-24.
  • Skre, B. G. (1991) Osterøy. I: Jord og gjerning: årbok for Norsk Landbruksmuseum, s. 88-105.