• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Solskinstjørni

GODVÊRSTEIKN OG GÅTE

Solskinstjørni i Osa, like ovanfor garden Haugen i Norddalen, dukkar berre opp av og til, tilsynelatande alltid før ein godvêrsperiode. Så blir ho brått borte, men forsvinningsnummeret er uavhengig av vêrtilhøva.

Når Solskinstjørni er full, dekkjer ho eit areal på ca. 200 m². Djupna er ein meter på det meste. Tjørna og utløpsbekken kan dukka opp til alle årstider, også midtvinters. Periodane med vatn, 3–4 døgn er vanleg, er likevel mykje kortare enn periodane når tjørna og bekken er tomme. Dei som vandrar på stigen innover Norddalen om sommaren, vil oftast ikkje sjå andre spor etter dette gåtefulle naturfenomenet enn ei frodig, graskledd grop. Tjørna ligg slik til at ho heller ikkje kan sjåast frå garden, derfor finst det ikkje systematiske registreringar av periodane med og utan vatn.

Gåta er ikkje heilt uløyseleg. Studiar viser at vasstilførsla kjem frå éi eller fleire grunnvasskjelder inne i Osanuten, som reiser seg rett aust for tjørna. Det synest òg å vera klarlagt at periodane med vasstilførsel til tjørna berre i liten grad er styrte av nedbørsmengdene. Sjølv om det har regna i fleire veker i strekk, lèt ikkje tjørna seg pressa. Stigande barometerstand med påfølgjande godvêr gjer derimot inntrykk, men ikkje alltid nok til at vatnet stig til ei tjørn.

Like sidan Solskinstjørni først gong vart omtala i bladet Hermoder i 1824, har det vore lansert teoriar om årsakene til dette fenomenet, men ingen kan seiast å vera fullgode. Truleg er løysinga på gåta at fleire hydrologiske, meteorologiske og geologiske faktorar verkar i kombinasjon. Osanuten må i alle fall innehalda mykje grunnvatn og ha nok holrom som vatnet kan samlast i. Noko av dette grunnvatnet blir tappa på flasker frå kjelder på sørsida av fjellet og selt som Osa Mineral Water.

  • Osa i 1920-åra

Osa i 1920-åra. Ovanfor husa som ligg lengst til høgre framom den store ura inne i dalen, finn vi Solskinstjørni. Tjørna ligg litt oppe i bakken, ved foten av ura. (Anders P. Wallevik)

  • Stølen Ossete i fjellet innanfor Norddalen

Stølen Ossete i fjellet innanfor Norddalen. Her går stigen frå Osa til Hallingskeid – ein av dei vakraste fotturane på Vestvidda. (Svein Nord)

  • Solskinnstjernet – et hydrologisk mysterium. Årsmelding 1992 fra NAVFs instrumenttjeneste.