• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Jordtunga nedanfor Jomfrunuten

Jordtunga nedanfor Jomfrunuten. (Helge Sunde)

FROST FLYTTAR FJELL

Frost og tining skaper prosessar som påverkar plantedekket, flyttar enorme blokker, strekkjer lange jordtunger, sprengjer fjell og lagar mønster av stein og jord.

Jorda i skråninga nord for Finse stasjon er finkorna, sjølv om fjellet består av grovkorna granitt. Det har samanheng med at isbrear transporterte morenejord ned frå den finkorna fyllitten høgare oppe. Finkorna jord held godt på vatn, som det er rik tilgang på under snøsmeltinga. Soloppvarminga i sørhellinga medfører dessutan at temperaturskilnaden mellom dag og natt er stor i periodar. Dertil kjem at snøen ligg så lenge i områda ovanfor Jomfrunuten at han reduserer vekstsesongen for plantedekket. Alle desse faktorane til saman gjer at dei ytre geologiske prosessane skjer snøggare og er tydelegare enn andre stader utanfor isbreane.

Pløyeblokk

Nokre hundre meter oppe i skråninga mot Jomfrunuten ligg ei diger steinblokk. Blokka er fem meter høg og fem meter brei, og nærare 350 tonn tung. Tydelege merke, med ei fure bak og ein tungeforma voll framom blokka, viser at dette er ei pløyeblokk, den største i sitt slag som er registrert i heile verda. Ho sig ned skråninga ved si eiga tyngd, om lag 1 centimeter for kvart år. Den vassmetta jorda som frys til under blokka, gjer at frosten flyttar henne normalt ut frå skråninga. Når isen tinar, fell ho så loddrett ned att. Den samla effekten av denne sikksakkrørsla er eit sig langs bakken. Mindre blokker langs heile skråninga er utsette for same prosessen.

Jordtunger

Om lag ein kilometer lenger aust ligg nokre merkelege store, torvdekte tungeformer, utan steinblokker. Dei er nær 40 meter lange og 1 meter høge i fronten. Lengst framme forsvinn vegetasjonen inn under tunga, etter kvart som ho rullar framover. Dette er døme på jordsig som skaper vollar dekte av torv som sig og rullar sakte ned skråningar, jordtunger. Jordsig kjem av tele i jorda under jordvollen, med is som hindrar smelta vatn i å trengja gjennom jorda: Det nedste jordlaget tinar ikkje når det øvste jordlaget tinar om sommaren. Den opptinte og vassmetta jorda byrjar derfor å siga sakte nedover over det frosne underlaget. Plantedekket på toppen av vollen gjer at siginga artar seg som ei rullande rørsle.

Frostsprenging

Frostsprenging skjer når vatn nede i sprekkane blir avkjølt. Sidan vatn er tyngst ved +4 ºC, vil det kunna frysa øvst i sprekken og laga ein ispropp. Ved vidare frysing aukar trykket meir enn blokka kan stå imot. Volumauken på 10 % er nok til at fjellet, etter mange episodar med frysing og tining, blir svekt og sprekk opp i mindre blokker. På Finsenuten ligg det mange frostsprengde blokker.

Strukturmark

På baksida av Jomfrunuten ligg eit større område med stein og blokker i mønster rundt lommer med finare materiale. Dette blir kalla strukturmark, eller polygonmark. Korleis kan naturen danna slike mønster? Det startar med at den finkorna, vassmetta jorda med stein og blokker frys og utvidar seg slik at overflata hevar seg. Når det heile smeltar om våren, vil noko av finmaterialet siga ned under steinane og blokkene, før alt fell på plass att. I denne prosessen blir steinar og blokker frakta mot overflata og deretter ut mot sidene. Til slutt møter dei andre steinar med motsett rørsle. På dette viset dannar det seg eit mangekanta (polygon) mønster av stein. I skrånande terreng blir mønsteret avlangt før det går over i «steinstriper» ned skråninga.

  • Kart over frostfenomen (og bølgjeslagsmerke) i Finseområdet

Kart over frostfenomen (og bølgjeslagsmerke) i Finseområdet. (Atle Nesje/Eva Bjørseth)

  • Pløyeblokka nord for Finse stasjon
  • Frostsprengd lausblokk
  • Strukturmark ovanfor Jomfrunuten

Pløyeblokka nord for Finse stasjon (øvst), frostsprengd lausblokk (i midten) og strukturmark ovanfor Jomfrunuten (nedst).