• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Oltidsrøysa

OLTIDSRØYSA

Eit konglomerat i området mellom Brattskavlen og Buadalsbrotet inneheld så store steinar at det framstår som eit fossil av ei 550 millionar år gammal steinrøys. Området ligg ved den T-merkte stigen mellom Hallingskeid og Osa.

Konglomeratet vart avsett direkte på grunnfjellet, ein granittisk gneis, som var djupt forvitra før avsetjinga. Så vel grunnfjellet som konglomeratet og fyllitten over konglomeratet har i dette høvet kome uskipla frå dei intense rørslene under den kaledonske fjellkjededanninga. Avsetjinga av konglomeratet skjedde i kambriumtida, ein geologisk periode då Noreg vart overfløymt av havet.