Det eldste tunet på Fryste eller Frøystein. Bilete frå 1992 (Svein Nord)
Garden Frøystein ved Ulvikfjorden vert i dagleg tale kalla Fryste. I 1614 vart namnet skrive Frøstemb – ei tydeleg fordansking – og forma Frøsten vart brukt fram til matrikkelen av 1886 og 1907. Truleg har gardsnamnet opphavleg vore Frystvin; eit vinnamn. Det har såleis korkje med Frøy eller med stein å gjera.
På Frøystein, bruk 1, står framleis dei gamle gardshusa frå 1700- og 1800-talet. Røykstova på garden var truleg eldst. Glasstova, som ruvar i tunet med den tohøgda gavlen mot fjorden, og den minste kårstova, er restaurerte. I dette tunet får vi eit godt nærbilete av den eldre byggjeskikken. Først i 1971 kom det bilveg fram til Frøystein, som har lege uendra gjennom mange generasjonar.
Lauritz Galtung på Torsnes åtte Frøystein i 1647, men i 1695 hadde garden gått over til dottera, som såleis var den første sjølveigaren.
Bli med tilbake til middelalderen!
Via PC eller mobil kan du oppleve Bergen slik byen kan ha sett ut ca. 1320. Du kan studere de vakre bygningene som nå er gjenskapt digitalt. Noen steder kan du ta turen inn og bevege deg fra rom til rom. Til hver lokalitet er det presentert utfyllende informasjon.
Bergen Anno 1320 er et prosjekt i regi av Middelalderklyngen, og er et samarbeid mellom Bergen kommune ved Byantikvaren i Bergen, Arkikon og Universitetet i Bergen. Prosjektet er støttet av Riksantikvaren.
De digitale visualiseringene er basert på tverrfaglig forskning, og en rekke forskere fra ulike institusjoner har bidratt med sin kunnskap om middelalderens Bergen. Vi ønsker å rekke en stor takk til både uavhengige fagpersoner og til forskere fra Universitetet i Bergen, NIKU, Riksantikvaren, Bymuseet i Bergen og Vestland fylkeskommune.
Les mer om prosjektet «Bergen Anno 1320» her.