• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

På stigen mot Kyrkjedøri, ein halvtimes gonge frå Finse stasjon, finn vi desse små ryggene

På stigen mot Kyrkjedøri, ein halvtimes gonge frå Finse stasjon, finn vi desse små ryggene – eit prov på bølgjeslag i urtidshavet. (Haakon Fossen)

FRÅ HAVSENS BOTN TIL NOREGS TAK

For bortimot 550 millionar år sidan låg Finse på havsens botn – restane av slam og leire som vart avsette i dette havet, har enda på Noregs tak. Også skyvedekke frå kontinentkollisjonen har funne vegen til Finse, etter ei fleire hundre kilometer lang, ekte fjellvandring som det tok fleire titals millionar år å gjennomføra.

Nedst i den geologiske lagfølgja, under slamrestar og skyvedekke, ligg det gamle grunnfjellet av granitt. Den opne dalen ved Finsevatnet er graven ned i granitten. Den vakre finsegranitten er lett å kjenna på dei store, raude og rektangulære feltspatkrystallane. Han er òg det første dei reisande med Bergensbana ser når dei stig ut av toget. Stasjonsbygget er nemleg mura av dette steinslaget. Finsegranitten endar litt aust for Finse, men strekkjer seg langt vestover – nesten til Hallingskeid.

På slutten av urtida låg Finse på sørlegare breiddegrader, kanskje sør for ekvator. Vêr og vind hadde tært ned det gamle grunnfjellet til ei låg, nesten jamn flate. Dagens bølgjande viddelandskap på Hardangervidda er i det store og heile den same flata. Då havet steig inn over grunnfjellsflata ved inngangen til kambrosilurtida for nær 550 millionar år sidan, la det seg leir og slam på botnen, som seinare vart til fyllitt. Nokre stader vart det òg avsett litt strandsand under leira, rett på grunnfjellet. Går vi stigen frå Finse stasjon mot Kyrkjedøri, vandrar vi i finsegranitt inntil vi når grunnfjellsflata på rundt 1360 meters høgd, mellom Jomfrunuten og Kvannjolnuten. Nett der stigen kryssar ein bekk, finn vi forsteina sand og gruslag. Sandkorna er forvitra frå finsegranitten, med strukturar som fortel om bølgjeslag på sørhavsstranda (biletet). Set vi fingeren nett på grensa mellom finsegranitten og sandsteinen, peikar vi på ein glip der rundt 400 millionar år av den geologiske historieboka «manglar».

Eit trena auga kan lett følgja toppen av grunnfjellsflata både på nord- og sørsida av Finsedalen. Over ligg fyllitten, som òg har gitt rom for nokre få kalksteinslag, lag som stammar frå kalkrike organismar i det grunne havet. Finsenuten er det næraste vi kjem eit fyllittfjell i desse områda. Fyllitt og glimmerskifer forvitrar nemleg raskt. Dermed blir landskapet gjerne både grønare og litt flatare i fyllittsona. Fyllitten varierer i tjukkleik, men er typisk kring 300 meter mektig.

Hallingskarvet og Hardangerjøkulen, og Hårteigen lenger sør, hevar seg over det flate fyllittlandskapet. Desse massiva er bygde av eit hardt grunnfjellsflak, eller skyvedekke, som vart rive laus frå grunnfjellet, langt i nordvest. Dette fleire kilometer tjukke dekket, det såkalla Jotundekket, låg ein gong over heile området frå Ulvik til Valdres. Under den kaledonske fjellkjededanninga glei flaket over fyllittlaget, som då dekte heile området. Berre restar av botnen av Jotundekket ligg no att. Dekkerestane står seg betre mot dei nedbrytande kreftene enn fyllitten. Derfor står dei att som høge, flate og nakne fjellparti, som ei vernande kappe over den mindre hardføre fyllitten.

  • Terrengmodell over geologien i Finseområdet

Terrengmodell over geologien i Finseområdet.
 1 Oldtidsrøysa
 2 Bølgjeslagsmerke
 3 Bergartar knuste av meteorittar
(Helge Askvik/Haakon Fossen)

Meteorittar?

Langt attende i tida kan ein meteorittsverm ha treft Finseområdet. Langs stigen mot Krækkja er minst ein stad med oppknust fjell å sjå. Sjølve fjellet ser ut til å ha vore heilt finknust, med spor etter grafitt – eit mineral som treng svært høg temperatur for å bli danna på overflata. Det er ikkje utenkjeleg at desse særeigne bergartane vart til samstundes med eit større og betre ivareteke meteorittnedslag nær Garnos ved Nesbyen i Hallingdalen. I så fall skjedde nedslaga seint i jordas urtid, truleg for rundt 650 millionar år sidan.

  • Jørstad, F. R. Historien om Finse. 1998. Nord 4.
  • Naterstad, J. 1979. Vidda vert til. I: Nyqvist, F. P. Hardangervidda: 18–33. Grøndahl & Søn forlag.
  • Sigmond, E. M. O. 1998. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Odda – M 1:250.000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Østbye, E. 1997. Finseområdets bibliografi 1781–1996. Rapporter fra Høyfjellsøkologisk forskningsstasjon, Finse, Norge 1997:1.