• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Strandvegetasjon aust for Vardetangen i Austrheim

Strandvegetasjon aust for Vardetangen i Austrheim. (Bjørn Moe)

HARDHAUSANE MELLOM SJØ OG LAND

Strandplantene må tola saltvatn og bølgjeslag, dei må kara til seg næring på jord i rørsle eller på blanke berget. I fremste linja må somme jamvel meistra ei stadig veksling mellom å vera over og under vatn.

I Hordaland dekkjer strandsona eit stort areal. Med 6500 øyar og djupe fjordar, nes, vikar og pollar er kystlinja heile 3500 kilometer lang. I luftlinje er det like langt som strekninga frå Bergen til Gibraltar.

Meir enn ti tusen år gamle skuringsstriper er framleis å sjå på berg og klipper i Hordaland. Ikkje eingong den evinnelege gnaginga av bølgjeslaga på dei mest utsette stadene har vore nok til å bryta ned fjellet. Slike berg blir gjerne omtalte som «nakne», men i røynda er dei ofte dekte av vegetasjon. Mange artar av lav har spesialisert seg på å veksa på desse berga. Dei dannar bestemte soner på fjellet, frå sjølinja og innover tørt land. I bergsprekkene finn fjørekoll, strandsmelle, kystbergknapp og andre blomsterplanter feste.

I bukter som ligg meir verna til, er det faste fjellet ofte dekt av lausmassar av silt, leire, sand, grus eller stein, frå djup på fleire meter under havflata til langt over flodmålet. Alt etter kva for massar som dominerer, kan ein tala om leirstrender, sandstrender eller rullesteinsstrender. I lausmassane frå fjøra og oppetter til springflodmålet, i strandenga, er vegetasjonen mykje rikare enn på klippekysten. Lausmassane gjev rom for jorddanning, der plantene finn både rotfeste og næring. Det blir normalt utvikla meir eller mindre samanhengande vegetasjon på slike stader. Mange av dei større strandengene i fylket er no øydelagde, slik som dei opphavlege elveøyrane i Eikelandsosen, Arnavågen, og Etne. Den freda Ulvikapollen er eit døme på ei strandeng som er i god stand.

Organismane som lever på og i strandsedimentet, om det så er planter eller småkryp, må til kvar tid tilpassa seg kreftene i den evige rørsla i vatnet. Bølgjer og straumar, tidvatn og utløp frå bekker og elvar, alt skaper skifte i levekåra. Med kraftige røter gjer plantene sitt til å stabilisera lausmassane, samstundes som dei tilfører organisk materiale. I utgangspunktet er lausmassane lite fruktbare, men somme planter er kløpparar til å forsyna massane med nitrogen. Nitrogen inngår i aminosyrer og andre byggjesteinar som alle levande planter og dyr er avhengige av. Når det nedbrotne organiske materialet blir blanda med lausmassar av ulike slag, byr stranda på eit mangfaldig økosystem.

Korleis overleva i salt miljø?

Tidvassvekslinga har ein avgjerande effekt på plantene langs klippekysten og i strandenga, og set klare grenser for kor langt ned mot sjømålet plantene kan veksa. Salthaldig vatn er kraftig kost for dei fleste landplanter. Berre eit fåtal artar klarar denne påkjenninga. Plantene tek opp næring som er oppløyst i jordvæska, men på stranda får dei eit spesielt problem i så måte. Det må ein trykkskilnad til for at vatn kan strøyma mellom planter (planteceller) og omgjevnadene (jordvæska). Vasstraumen vil alltid gå frå område med lågt saltinnhald til område med høgare saltinnhald. Ettersom strandplantene lever i salte miljø, må dei ha eit høgare vasstrykk i cellene enn det er i jordvæska. Det høge trykket oppnår dei ved å ha høg konsentrasjon av salt i stengel og blad. For å meistra denne konsentrasjonen utviklar dei gjerne sukkulente trekk – tjukke blad og stenglar som er i stand til å halda på væske sjølv i varmt og fint vêr. Sola får helst betre tak på stranda enn i låglandet elles, der skog og annan vegetasjon gjerne dempar innstrålinga. Vinden får dessutan best tak i ope landskap og kan derfor ha ein meir uttørkande effekt på plantene.

Salta natrium og klorid er giftige for mange landplanter; dei som veks nær saltvatn, må av den grunn ha spesielle eigenskapar. Men det er også ei grense for kor mykje salt strandplantene kan innehalda. Mange artar har derfor utvikla mekanismar for å kvitta seg med overskot av salt. Tangmelde har såleis saltkjertlar til dette føremålet. Kjertlane er lett synlege på blada.

Vegetasjonen i strandenga

På den nedste delen av strandenga, i tidvassona, er det ikkje noko samanhengande plantedekke. På denne utsette staden rår pionerplantene grunnen, dei første plantene som tek veksegrunn i bruk. Strandkjempe, havbendel og fjøresaulauk og den sjeldsynte salturt høyrer med til dei. Pionerane er gjerne dei som best rår med stadig rørsle, erosjon og avsetjing i dei finkorna lausmassane. Dessutan må plantene tola å vera under vatn to gonger i døgeret. Fjøresaltgras kan gå langt ned i fjøra, medan raudsvingel ofte er dominerande høgare oppe.

Småtopografi skaper variasjon

Avsetjing av lausmassar, erosjon og stabilisering av sedimenta er prosessar i stadig dragkamp. Utfallet av denne dragkampen vil til kvar tid avgjera småtopografien på ei strandeng. Sjølv ei flat strand kan ha eit variert plantedekke. På avstand kan det sjå ut som eit lappeteppe av ulike fargenyansar. Denne mosaikken er sett saman av planter som dominerer i dei ulike delane av stranda. På stranda er små nivåskilnadar på 5–10 cm nok til å avgjera kor lenge om gongen plantene står under vatn. Artsutvalet blir deretter. Saltsiv dannar eit belte over store flater i dette smålandskapet, medan rustsivaks er mest talrik i dei fuktige søkka.

I saltpannene renn ikkje vatnet vekk etter flod sjø. Slike stader blir saltinnhaldet i jorda høgare utover sommaren på grunn av stigande temperatur og auka fordamping. Det blir tilsvarande vanskelegare for plantene å slå rot. Saltpannene er derfor ofte utan vegetasjon, eller dei inneheld berre dei mest salttolerante artane. Som i tidvassona er det hardhausar som salturt, havbendel og strandkjempe som meistrar det krevjande miljøet.

Dynamikk er regelen

Stranda er på mange måtar eit ekstremt veksemiljø, men dei varierte tilhøva gjev mange nisjar og ofte ein artsrik flora. På dei fleste strendene er urter og gras dominerande. Lyng, buskar og tre er helst sjeldne og trivst dårleg. Dei vanlegaste grasa i strandenga er fjøresaltgras, raudsvingel og krypkvein. Mellom treslaga er svartora best tilpassa, og ikkje sjeldan veks ho heilt ut til fjøra. Svartorskogen i Hystadmarkjo på Stord er ein av dei største i landet og er vel verd eit besøk.

Mange av strandplantene er fleirårige. Ei kraftig rot hjelper då til å halda planta fast i dei lause sedimenta. Men det finst også små og puslete artar, som har ein heilt annan strategi for å overleva. Desse plantene har berre ei ørlita og veik rot ettersom planta kjem til å døy så snart frøa er mogna utpå sommaren. Slike eittårige artar finst til vanleg i to ulike belte på stranda. Det eine er ei open sone kring den nedre tidvassgrensa, der pionerartane er einerådande. I dei lause sedimenta i denne sona er plantene mykje utsette for erosjon gjennom bølgjevasking. Det skal derfor godt gjerast å halda seg rotfast gjennom vinterstormane. Effekten av bølgjeslaga er også kraftig i ei anna sone, ved den øvre flodgrensa. Oppmalne, daude planterestar og driftmateriale av tang og tare gjer sitt til å halda vegetasjonen open i denne sona. Imellom desse to belta er det til vanleg eit samanhengande plantedekke. Slitasje frå beitedyr, badegjester eller kjøretøy kan likevel vera nok til å laga hol i plantedekket.

Meldefamilien, med tangmelde som den vanlegaste representanten, er dominerande mellom dei eittårige strandplantene. Felles for meldefamilien er sukkulent konstruksjon. Dei kan dermed tola høge saltkonsentrasjonar og er også motstandsdyktige mot bølgjer og tidvatn.

Ugrasa kjem frå stranda

Mange av ugrasa har den opphavlege veksestaden på strand, meir bestemt der tang og tare har vorte kasta inn på land av bølgjer under storm og uvêr. Det gjeld artane kveke, balderbrå, vassarve, meldestokk, åkertistel, åkerdylle og fleire andre. Alle er nitrogenelskande. Plantenæringa får dei frå den rotnande tangen og taren. Desse plantene er lyskrevjande, mange av dei er konkurransesvake og eittårige. Fordi dei overvintrar berre som frø, klarar desse ugrasa seg godt i det barske miljøet i strandsona. Ettersom det før i tida var vanleg å bruka tang og tare som jordforbetringsmiddel, følgde frø av plantene i tangvollsona med på hestekjerra. I åkeren fann dei mykje av det same miljøet som i strandsona, nemleg godt med næring, mykje lys og liten konkurranse frå andre planter. På denne måten oppstod ugrasfloraen. Mange av desse artane er i dag av stor interesse, og nokre av dei er også truga.

Strandplanter og beitedyr

Dei fleste strandengene i Hordaland har frå gammalt av vore nytta som beitemark. Sidan jordbrukspolitikken vart lagd om etter krigen, har bruken av desse utmarksbeita gått kraftig tilbake. Det tek lang tid frå beitinga er slutt til verknaden viser seg i vegetasjonen. Derfor er det først i våre dagar konsekvensane er tydelege.

Effekten av beiting varierer med typen av beitedyr, talet på dyr, lengda på beiteperioden og tida på året. Sau beiter såleis generelt hardare enn storfe, men på den andre sida er den mekaniske slitasjen større frå tyngre enn frå lettare dyr. Beitinga har ulik verknad på plantene. Gras er godt tilpassa beite, då desse artane har eit vekstvev lengst nede som raskt kan setja i gang ny vekst om bladskot blir avkutta. Planter med blada i liggjande rosett og kraftig rot, som fjørekoll, følblom og strandkjempe, har ein føremon framfor planter med andre bygningstrekk. Det har samanheng med at planter med oppreiste skot lettare blir avbeita enn planter med krypande eller tiltrykte skot. Hard beiting gjer at vegetasjonen blir meir einsarta og talet på artar mindre, medan moderat beiting (og sein slått) kan føra til større artsmangfald.

Fordi beitinga er slutt på mange strender, gror dei til med store gras og urter, som strandrøyr, sølvbunke og mjødurt. Småvaksne planter, som saltbendel og pusleblom, kan dermed koma i faresona.

Mange stader har menneskeleg aktivitet påverka og øydelagt strandsona i Hordaland – ein gong for alle. Fleire delta var opphavleg naturhistorisk interessante strandområde, men dei var sårbare fordi det har vore relativt enkelt å byggja dei ut til industriområde eller næringsbygg. Bygging av båthamner er også ein trussel mot stranda, slik som i Sævarhagsvikjo på Stord og fleire andre stader.

Planter i sjøen

Ålegras er ein av dei få blomsterplantene som veks under saltvassoverflata. Det kan derfor forvekslast med tang og andre brunalgar, men ålegras har blomstrar og frukter, dette manglar algane. Ålegras dannar tette bestandar og veks ned til om lag fire meters djup.

I 1930-åra vart ålegraset slått ut av ein sjukdom som la øyde svært mange av førekomstane på begge sider av Atlanterhavet. I Hordaland slo sjukdomen sterkast ut i 1933–34. Førekomstane har sidan teke seg fint opp att. Ålegraset har ein viktig funksjon i det marine miljøet, mellom anna som oppvekstområde for fiskelarvar. Planta dempar dessutan verknaden av bølgjene, på same måten som tang og tare. Derfor kan erosjonen på ei strand auka vesentleg i periodar når ålegrasførekomstane er svekte, slik som ved Hystadmarkjo på Stord frå midten av 1930-åra og utover.

Store delar av kystlinja i fylket er resultat av konstant marin erosjon. Organismar som lever i dette miljøet, må derfor vera tilpassa fysisk stress frå bølgjer og tidvatn. Den viktigaste plantegruppa i så måte er tang og tare, også kalla brunalgar. På berga fordeler dei ulike tang- og tareartane seg på kvar sine soner nedover i sjøen. Det karakteristiske beltet av rur (eit krepsdyr) blir ofte brukt som referansepunkt. Sona like over rurbeltet blir til vanleg berre våt av bølgjeskvulp. Den nedre delen, som blir mest fukta, er alltid dominert av lavet marebek. Marebek dannar karakteristiske svarte belte langs heile kysten, gjerne saman med svartslim (Calothrix) og andre blågrønalgar. Sona under rurbeltet blir neddykka ved flod sjø og tørrlagd ved fjøre sjø. Typiske artar i dette beltet er spiraltang, blæretang og grisetang. Under lågvassnivået dominerer sagtang (øvst), stortare, butare og martaum.

Tang og tare utgjer ein vesentleg del av det biologiske mangfaldet langs kysten, og dei har fleire viktige funksjonar i det marine økosystemet. Dei er vertsplanter for ei rad andre planter og smådyr, og dei er oppvekstmiljø for fisk og andre marine organismar. Algane er viktige for å dempa erosjon og for å stabilisera økosystemet i strandsona.

  • Inndeling av strandsoner

Fordi nokre planter toler mykje salt og lengre periodar under vatn, medan andre toler lite av dette, blir det danna eit bestemt mønster i vegetasjonen frå sjøen og innover på tørt land. Jamvel om vegetasjonen varierer mykje frå den eine stranda til den andre, er det alltid ei fast inndeling av sonene. I lune vikar opptrer vegetasjonsbelta meir eller mindre parallelt med tidvassonene. På stader med kraftigare bølgjeslag, som ut mot storhavet, skjer det ei forskyving av vegetasjonsbelta innover land. (Grafikk: Anders Lundberg/Bjørn Moe/Sverre Mo)

 

Epilittoral – sprutsona like over øvre springflodgrense
Geolittoral – sona mellom normal flodgrense og øvre springflodgrense
Hydrolittoral – sona mellom normal fjøregrense og normal flodgrense
Sublittoral – sona under normal fjøregrense

  • Gråmåse
  • Frå holmane i havet vest for Meling

Guano

BLOMEPRAKT FRÅ FUGLESKIT

 

Få andre stader er vekselverknaden mellom hav og land tydelegare enn kring sjøfuglkoloniane. Fuglane hentar fisk og andre sjødyr frå havet. Med fugleskiten veks det fram heilt spesielle vegetasjonstypar. Det er næringsstoff som kjem frå havet, plantene gjer seg nytte av.

 

Fugleskit som har samla seg i tjukke lag på jord og stein gjennom mange år, blir kalla guano. Ved dei tørre kystane av Peru, California, Namibia og Sør-Afrika finst nokre av dei største førekomstane i verda. Dei inneheld fleire titals millionar tonn guano. Tidlegare var guanogjødning viktig i Sør-Amerika.

 

Fleire stader langs Hordalandskysten finst sjøfuglkoloniar med opptil 400–500 par sjøfuglar, slik som ved Låtersøy i Bømlo og
Illholmane i Ølen. På slike stader blir det òg danna guano,men mykje mindre enn i sørlegare strøk. I vårt fuktige klima blir mykje av fugleskiten vaska vekk eller blanda med jorda. Med åra kan det likevel byggja seg opp djupe lag av feit, næringsrik jord.

 

Guano inneheld store mengder nitrogen (11–16 %), fosfor (8–12 %) og kalium (2–3 %) og er derfor veleigna som gjødsel. Han gir svært mykje næring og uvanleg gode vekstvilkår. Plantene kan bli så store og kraftige at dei nesten ikkje er til å kjenna att. Særleg i område utan sauebeiting, trakk og slitasje kan vegetasjonen bli frodig. I blømingstida dannar dei store og fargerike lappeteppe, som dei finaste hagar. Her veks fleire urter, som raud jonsokblom, rosenrot, strandsmelle, strandbalderbrå, skjørbuksurt, fjørekoll, engsyre og strandkvann. Fjørekoll, eller strandnellik, kjenner dei fleste. Men om du berre har sett han om sommaren, har du til gode å oppleva fjørekoll på sitt finaste i sjøfuglkoloniane om våren. Då er blomane djupt lilla, ikkje bleikt rosa som seinare i sesongen.

  • Livet på svaberga
  • Svaberga – heimstad for mange hardføre livsformer
  • Hardhausane på svaberga

Hardhausane på svaberga

Berre hardhausane greier å klora seg fast på svaberga ytst ute på kysten. Levekåra endrar seg raskt – stundom drastisk, især når vestavêret piskar sjøen langt oppetter land. I tidvassona må organismane som lever her, jamvel tola tørrlegging to gonger i døgnet.

 

På denne delen av kysten er skilnaden på høgvatn og lågvatn berre om lag 60 cm, men sjølv dette er eit kvantesprang for mange artar som har meir enn nok med å klamra seg fast til underlaget når bølgjene bryt som verst.

 

Rur er eit krepsdyr som lever i den øvste delen av tidvassona. Dyra står gjerne tett i tett på svaberga, med ei snorrett øvre grense som fell saman med flodmålet. Ruren søkjer berre etter næring ved høgvatn, resten av døgnet tek han seg «fri» og stengjer seg inne i kalkskalet for å unngå uttørking.

 

Eit trugsmål mot ruren er purpursnigelen, som kan gnaga seg gjennom skalet til dette dyret på eit par dagar og forsyna seg av sjølve dyret. Purpursniglar som lever av mykje rur, får lys farge på sitt eige skal, medan dei som helst et blåskjel, blir mørkare. Snigelen olbogeskjel beiter på algar som gror på berget. Denne beitinga er ei viktig årsak til at tidvassona på svaberga ikkje alltid er tilgrodde. Olbogeskjelet har gjerne ein fast tilhaldsstad, men vandrar innanfor ein radius på om lag ein meter om natta for å finna mat.

 

Bølgjer som slår langt inn på svaberget, gjer det vanskeleg for plantene å finna grobotn. Enkelte strandplanter kan veksa rett på fjellet, berre dei greier å finna feste for naturkreftene. Fjørekoll og strandkjempe klorar seg fast i sprekkar ved hjelp av kraftige røter. Jamvel fjellplanta rosenrot har funne feste.

 

Det er utan tvil lav som er best tilpassa livet på svaberga. Ikkje alle artane er like lette å få auga på. Fargane går ofte i eitt med fjellet. Den grålege bergraggen kan likevel gjera mykje av seg, der han heng tett i tett på dei loddrette berga. Nokre lav er brunlege, som svaberglav, eller guloransje, som massinglav. Massinglav er vanleg på strandberga, særleg der det er fugl som gjødslar dei karrige berga.

 

Heilt nede ved sjøen, like over flodmålet, veks marbek,den mest utbreidde arten. Det er dette lavet som gir berga i tidvassona den karakteristiske beksvarte fargen. Marbek heng fast som ei skorpe på steinen, sjølv om bølgjene er aldri så kraftige. Den mørke lavfargen kan vera vanskeleg å skilja frå oljesøl.

 

I uvêr blir fordjupingar langt inne på svaberga fylte med saltvatn. Etter ein periode med nedbør blir vatnet blanda ut med ferskvatn – eller vatnet dampar ut etter nokre dagar med varmt vêr, slik at berre ei tynn salthinne ligg tilbake. På same vis vil temperaturskiftingane, særleg i dei grunne dammane, vera svært brå og store. Meir omskiftelege livsmiljø er vanskeleg å finna.

 

Dei færraste organismar toler slike påkjenningar. Men ser du etter, vil du finna godt med vasslopper, små krepsdyr, i mange av dammane. Vasslopper har kort livssyklus, og dermed rask formeiring. Dei lever i vatn, men kan greia seg sjølv om vatnet tørkar heilt ut. Til vanleg formeirar vasslopper seg ved jomfrufødsel,men hoene kan òg bli befrukta av dei små hannane og forma kvileegg med tjukt skal. Desse egga toler uttørking så vel som frost og kan liggja i fleire år før dei klekkjest. Vassløparar («skomakarar») høyrer også til her – svarte, slanke insekt som spring på vasshinna i dammen eller flyg om naudsynt. Er det godt med næring, og saltinnhaldet er det rette, kan dammane få eit spennande fargespel. Ulike algeartar avgjer om fargen blir raud, grøn eller gul. Blir fargen derimot brun, er det helst humus frå ferskvasstilsig som har styrt paletten.

Strandstjerne

Strandstjerne er vidt utbreidd og knytt til ulike strandtypar, strandberg, leirstrand og grusstrand. Fruktene fell av frå morplanta og blir spreidde med vind og tidvatn. På denne måten koloniserer strandstjernene opne felt i jorda og sprekker i berga. Arten kan opptre som eittårig eller kortlevd fleirårig, og han er svært veltilpassa. Han utnyttar dei sjansane som byr seg, og er derfor ikkje nødvendigvis knytt til eit bestemt veksemiljø. Denne opportunisten kjem og forsvinn i opne felt på stranda, gong på gong. Strandstjerne er eit døme på dynamikk i vegetasjonen. Ei slik tilpassing er meir normalt enn å veksa stabilt på den same staden. (Bjørn Moe)

Flyfoto frå Arna frå slutten av 1930-åra

Døme på elveøyrar med strandenger som i dag i stor grad er fylte ut og endra til industri- og næringsformål. Flyfoto frå Arna frå slutten av 1930-åra. (Fjellanger Widerøe)

Flyfoto frå Eikelandsosen

Døme på elveøyrar med strandenger som i dag i stor grad er fylte ut og endra til industri- og næringsformål. Flyfoto frå Eikelandsosen, frå slutten av 1930-åra. (Fjellanger Widerøe)

Salturt

Salturt, ein av dei verkelege hardhausane, veks på nokre få strender i Bømlo, men er elles sjeldsynt i fylket. (Bjørn Moe)

Gåsemure

Gåsemure er ei vanleg plante på dei fleste strendene. Utløparane på bakken er effektive til å spreia planten. (Bjørn Moe)

Oversikt over Hystad, Stord, med svartorskogen og stranda

Oversikt over Hystad, Stord, med svartorskogen og stranda. (Helge Sunde)

Pusleblom

Pusleblom, ei ørlita plante som veks på strand, er mindre vanleg enn før fordi det er slutt på beitinga. (Bjørn Moe)

Ålegras

Ålegras. (Bjørn Moe)

Nedre Bolstadstraumen i Vaksdal

Ved flod sjø blir den flate sletta med finkorna sand og leire ved Nedre Bolstadstraumen i Vaksdal sett under vatn. Midtsommars er sletta mest heilt raudfarga av kattehale, ei plante som er sjeldsynt i Hordaland. (Bjørn Moe)

kattehale

Kattehale (Bjørn Moe)

  • Lundberg, A. 1989. Havstrand i Hordaland. Flora og vegetasjon. Direktoratet for naturforvaltning, Rapp. 1989,9
  • Lundberg, A. 1992. Havstrand i Hordaland. Regionale trekk og verneverdiar. Direktoratet for natur-forvaltning, Rapp.1992,2.
  • Lundberg, A. 1992. Havstrand og nasjonale naturvernstrategiar. Blyttia 50: 37–45.
  • Lundberg, A. 1993. Planter ved sjøen. I: Birkevoll, K. H. (red.). Kystguiden. Hordaland: 107–110.Statens Kartverk,Hønefoss.
  • Moen, F. E.; Svensen, E. 2000. Dyreliv i havet. Håndbok i norsk marin fauna. KOM forlag.
  • Rabben, J. 2002. Det blømer på Bømlo. Harpiks forlag.