• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Innarsøyane mot Holmengrå

Innarsøyane mot Holmengrå. (Blom Norkart Mapping)

SLØFUGLANE VED INNARSØYANE

Sjøen i Ytre Fensfjorden er rik på fisk og plankton. Næringa er livsgrunnlaget for dei gode sjøfuglkoloniane på Innarsøyane. Også steinkobben har oppdaga området – den opne fjorden og øyane kring høyrer til dei sikraste stadene å sjå han hos oss.

Det er framfor alt dei talrike måsane og ternene som skaper liv på Innarsøyane. Det er ikkje lov å gå i land, derfor er det vanskeleg å bli var dei mest spesielle fuglane: steinvendarane. Sjølv i gode år tel dei ikkje meir enn 3–5 par. Trass i dette utgjer dei den største einskildførekomsten i Hordaland. Innarsøyane er òg eit godt hekkeområde for ærfugl og grågås, øyane hyser dessutan nokre få par teist.

Toppskarven hekkar ikkje, men ein mindre koloni er under etablering på Holmengrå. Vinterstid er det mykje skarv i dette området, mest storskarv, men òg ein del toppskarv. Dei fleste toppskarvane som hekkar i Sør-Noreg, overvintrar frå Sunnfjord og sørover mot Fensfjorden. Området er elles rikt på havelle om vinteren.

  • Steinvendarar

Steinvendarar. Arten hekkar på Innarsøyane, men viser seg òg i småflokkar om vinteren. (Ingvar Grastveit)

  • Byrkjeland, S. 1999. Status for hekkande sjøfugl i Hordaland 1980–1998. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/1999.