• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Holmengrå

FARGERIKE HOLMENGRÅ

Holmengrå er den einaste staden i Hordaland der vi finn spor av nedslitinga som skulle omgjera Vestlandet frå eit Himalaya-liknande høgfjellslandskap i jordas oldtid til eit flatt låglandsterreng i mellomtida. For knapt 400 millionar år sidan rasa det ned store og små steinar frå dei høge fjella. Nokre av desse steinane vart til konglomeratberget på Holmengrå.

Her på «den ytterste, nøgne ø» er det bergartar frå devontida. Bortsett frå Bjorøylaga er konglomeratberget på Holmengrå dei yngste avsetjingsbergartane i fylket. Geologisk høyrer dei meir naturleg til Sogn og Fjordane, der det er langt større førekomstar av konglomeratbergartar frå denne tida. Frå Holmengrå er det då òg fritt utsyn til dei karakteristiske fjellformasjonane i Solund, som mest utelukkande er bygde opp av devonkonglomerat.

Konglomerata vart til då dei høge fjella som oppstod etter den kaledonske kollisjonen med Grønland, vart tærte ned. Store blokker og mindre steinar styrta ned i djupe dalar eller basseng mellom fjella. Somme ras må ha vore dramatiske, ettersom vi frå øyane lenger nord har funne steinblokker så store som hus. Langs kysten av Vestlandet og Trøndelag fanst det i denne perioden ei rekkje basseng som etter kvart vart fylte av lag på lag med sand, stein og grus, til saman fleire kilometer tjukke. Holmengrå var truleg nær botnen av eit slikt basseng.

Det er truleg at underlaget, kontaktflata, for avsetjingsbergartane òg er intakt på Holmengrå. Konglomeratet kviler nemleg på ein kvartsglimmerskifer som ber tydeleg preg av å ha vore utsett for fjellkjededanninga som skjedde før avsetjinga av konglomeratet.

Sjølve konglomeratet er samansett av samankitta steinar av raud jaspis, grønstein, ulike skifrar, granittiske gneisar og kvartsitt. Holmengrå er såleis alt anna enn gråstein. Ingen av dei karakteristiske bergartane i Bergensbogane er attfunne. Det kan tyda på at bergartane i Bergensbogane ikkje var komne til overflata då konglomeratsteinane rasa ut frå høgfjella. Konglomerat frå devontida er òg å finna i Storbritannia og på Grønland, som den gongen låg mykje nærare kvarandre.

  • Kart over utbreiinga av bergartar frå devontida frå Ytre Sogn og sør til Holmengrå

Devontida

Devontida strekte seg frå rundt 415 til 355 millionar år før vår tid. Denne geologiske perioden er kjend som fiskealderen, ettersom alle hovudgrupper av fisk då var utvikla. Både fiske- og plantefossil er funne i devonlag lenger nord på Vestlandet. Devonbergartar i Nord-Europa, som òg vart danna ved nedtæring av den kaledonske fjellkjeda, er vanlegvis raudlege. På Vestlandet derimot er det ikkje raude, men andre fargar, grøne, gule og grå, som dominerer.

  • Berget på Holmengrå skil seg frå alt anna hordalandsfjell: Her er det konglomerat med kantete steinar i varierande storleikar av mellom anna rosa granitt, grå skifer og grønstein

Berget på Holmengrå skil seg frå alt anna hordalandsfjell: Her er det konglomerat med kantete steinar i varierande storleikar av mellom anna rosa granitt, grå skifer og grønstein. (Haakon Fossen)

  • Holmengrå fyr, Fedje
  • Fyrvaktarfamilien Normann på Holmengrå

Holmengrå fyr

Holmengrå fyr vart bygt i 1892, og dekte trongen for vegleiing i innseglinga til Sognesjøen. Lykta vart plassert på taket av vaktarbustaden. Det 16 meter høge, kvite mursteinstårnet som no står, vart bygt i 1955. Holmengrå vart automatisert i slutten av 80-åra (Helge Sunde).

 

Fyrvaktarfamilien Normann på Holmengrå. Biletet er truleg frå 1930- eller 1940-åra. (Fedje kommune, Fedje 2142,cd 5 nr 6.)