• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skytestilling på Hesthaugen, Fedje

Skytestilling på Hesthaugen (Svein Nord).

Vinappen ligg på eit lite høgdedrag heilt vest på øya. Her er det eit fantastisk panorama mot havet. Området var opphavleg beiteland for kyr, men dette endra seg då tyskarane okkuperte øya. Like før andre verdskrigen var det her ein liten peilestasjon, som vart brukt av det norske kystartilleriet i samband med øvingar på sjøen.

Området ved Hesthaugen, like aust for Vinappen, har vore eit viktig område for lostenesta på Fedje. Frå 1929 og fram til 1970 var det ein kyststasjon på sjølve Hesthaugen. På same plassen var det ei hytte for nøytralitetsvakter under første verdskrigen. Kystvaktstasjonen var operativ med ei vaktgruppe på 6 mann, frå hausten 1939 til våren 1940. Då overtok tyskarane kommandoen over Fedje. Vaktgruppa hadde som oppgåve å rapportera skipstrafikken ved Fedje. Utanom krigstida hadde 4 mann fast løn for å vera disponible i tilfelle unntakstilstand.

I 1992 vart det etablert eit anlegg for brannvern og røykdykking i Vinappen. Administrasjonsbygget er det gamle «Kvite hus», eit bygg som under krigen vart bruka til å husa to store generatorar. Det er sikkerhetssenteret på Fedje som står ansvarleg for dette anlegget. Dei driv med tryggleiksopplæring for sjøfolk, og har hovudbasen sin ved hamnebassenget.

  • Radartårnet

Forsvarsanlegget på Fedje