• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kræmmerholmen tidleg på 1900-talet

Kræmmerholmen fotografert tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg stova med prestekammers og eldhus (foto: O. Schumann Olsen, eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

EIT HISTORISK MILJØ

Kræmmerholmen er ein av dei gamle, privilegerte handelsstadene. Frå 1600-talet gjekk all handel på Vestlandet føre seg i Bergen, og bøndene måtte reisa til byen for å selja produkta sine og kjøpa det dei trong. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta «Kremmerleier paa landet». Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein gesell. På denne måten fekk byen økonomisk kontroll med dei som budde i distrikta, og ikkje minst, med oppkjøp og sal av fisk.

På slutten av 1700-talet var Kræmmerholmen mellom dei handelsstadene som hadde størst omsetnad i Nordhordland, først og fremst på grunn av fiskehandelen. Fedje var eit viktig fiskevær på kysten. Hit kom fiskarar frå vidt omkring i sesongane. Christopher Kahrs, ein av Bergens rikaste kjøpmenn, kjøpte Kræmmerholmen i 1799. I tillegg til sjølve handelsstaden åtte han heile Fedje, med 34 oppsitjarar og alle hus, dessutan Rongevær, Toftegård og handelsstaden Kjelstraumen i Austrheim.

Den gamle hovudbygningen på Kræmmerholmen er bygd på 1700-talet. Her var det stove, kjøkken og kammers for kjøpmannen, og ei krambu bygd til i vinkel. Søraust for hovudbygningen ligg tuftene etter ei stove med «prestekammers» og eit eldhus.

I 1842 kom det ny handelslov, og det vart slutt på dei privilegerte handelsstadene. Dei gjekk etter kvart over til å verta reine landhandlar. I 1880-åra tok handelen på Kræmmerhomen slutt. Den gamle gjestgjevarstaden og sjøhusa vart tidlegare open for publikum med restaurant og overnattingsstader, men er no i privat bruk. 

  • Andersen, K. (1990) Handelsstedet Kræmmerholmen. Fortidsvern, 1990(2), 22-24.
  • Munksgaard, J. H. og Irgens, K. (1976-1977) Kræmmerholmen: et vestnorsk kremmerleie. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 53-60.