• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Torvtakinga på Fedje, Hellisøy fyr i bakgrunnen

Det store omfanget av torvtakinga på Fedje var grunnlag for eit av dei tidlegaste jernbaneanlegga i fylket. Frå Stormark 1903. Hellisøy fyr i bakgrunnen. (UBB BS Bs 6799)

Både klima og menneske har vore avgjerande for at myrlandskapet på Fedje vart til – eit landskap som har vore i endring gjennom fleire tusen år. Torva bygde seg opp lag for lag og gav inntekter og brensel for folket på Fedje.

Det teppeliknande myrlandskapet på Fedje dekkjer jamvel åsryggene, ikkje berre søkk og flate område i terrenget. Fleire stader er myrlaga om lag to meter tjukke. Denne myrtypen – teppemyr eller terrengdekkjande myr – er mest utbreidd i Irland og Wales, på vestkysten av Skottland og på Vesterhavsøyane. Myrtypen har utvikla seg over lang tid, og gir brenntorv av særleg god kvalitet.

I Noreg er teppemyr relativ sjeldan på kysten. Slike myrar er derimot vanlege på skoggrensenivå på Vestlandet, mellom anna i Stølsheimen. I fjellområde med høg nedbør og låg sommartemperatur er fordampinga frå landoverflata så låg at torv blir danna, også i bakkeskråningane, på naturleg vis.

Teppemyrane på Fedje hadde ikkje vore til utan mennesket som medhjelpar. I dei ytre kyststrøka er nedbøren relativt liten, slik at denne myrtypen normalt ikkje skulle oppstå. Det var steinalderbønder som først skipla naturens orden. Så lenge det veks skog, blir mykje av vatnet forbrukt gjennom transport av vatn frå røtene og ut gjennom blada på trea. Då skogen på Fedje vart rydda i yngre steinalder, minka fordampinga frå landoverflata. Det gjorde at jordsmonnet vart fuktigare enn det tidlegare hadde vore. Dermed tippa naturens balanse over, til fordel for myrdanninga.

Danninga av teppemyr tek lang tid. Først må myrjorda byggja seg opp til ho kan halda på eit tilstrekkeleg stort vassvolum. Deretter aukar torvveksten kraftig. Det går om lag 2000 år før myrvolumet blir stort nok til at myrdanninga skyt fart for alvor. Når myrane er 3500 til 4000 år gamle, slik dei er på Fedje og mange andre stader i Nordhordland, dekkjer dei landskapet. Denne langsame endringa av landskapstypen skjedde overalt på vestlandskysten der skogen vart fjerna. I ytre delar av Nordhordland var dei berre ekstra tidleg ute: Dei fleste andre stader vart skogen rydda eit par tusen år etter yngre steinalder.

Teppemyrane blir rekna som dei beste torvmyrane. Det har samanheng med at vatnet drenerer lett når myrane ligg i bakkeskråningar og over høgdedrag. Torva blir meir omdanna, og på botnen er det vanlegvis eit tjukt lag med sterkt omdanna, svart torv. På folkemunne blir dette fleire tusen år gamle laget kalla steintorv eller koltorv. Ho er etter måten lett å spa ut og har ekstra høg brennverdi.

Frå 1875 til om lag 1920 dreiv Fedje Torvkompani kommersiell utvinning av torv frå dei store teppemyrane sør på øya. Produksjonen var så stor at det vart bygt skjenegang til utskipingshamna ved Stormark. Særleg etterspurd var fedjetorva under første verdskrigen. Etter at den kommersielle utvinninga var over, heldt folket på Fedje fram med å ta torv til eige bruk. Først i 1955, då elektrisiteten nådde kommunen gjennom ein sjøkabel, vart torva utkonkurrert.

  • Snitt i torvmyra ved Stormark
  • Myr- og torvplanta framfor nokon: torvmose
  • myrdanning

Myr og torv

Myr er eit økosystem som finst der grunnvasstanden ligg høgt, utan at jorda er dekt av ope vatn. Det blir lett mangel på oksygen når jorda inneheld mykje vatn. Oksygenmangelen hemmar nedbrytinga av daude planterestar – slik at nedbrytinga går mykje tregare enn tilveksten av nye planter. Etter kvart blir det danna eit tjukt lag av daudt plantemateriale, det vi kallar torv.

  • Kaland, P. E. 1995. Øya med den hemmelighetsfulle fortida. I: Brekke, N. G.; Skaar, R. B. Fedje, kulturhistorisk vegvisar. Nord 4.